Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Årsmelding 2017 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Lov 16. desember 2011 nr. 60 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter og regjeringsmedlemmer (stortings- og regjeringspensjonsloven) blei sett i kraft 1. januar 2012. Frå same tidspunkt blei lov 14. desember 1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder og lov 12. juni 1981 nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter oppheva.

I samsvar med denne føresegna blir det her lagt fram ei melding om utviklinga i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer i 2017. Meldinga inneheld ei oversikt over dei viktigaste ytingane i pensjonsordninga etter nye og gamle oppteningsreglar og ei oversikt over utviklinga i ordninga i 2017.

I kapittel 2 i meldinga er det gjort greie for pensjonsordninga.

1.2 Utvikling i 2017 for pensjonar opptent som stortingsrepresentant

Totalt 390 personar fekk ved utgangen av 2017 pensjon på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som stortingsrepresentant (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

Det er i kapittel 3 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn samt gjennomsnittleg pensjonssalder.

1.2.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2017 var det 270 alderspensjonistar i ordninga. Det har vore ein avgang på 12 personar og ein tilgang på 13 personar. Per 31. desember 2017 var talet på alderspensjonistar derfor 271 personar.

1.2.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2017 var det éin uførepensjonist i ordninga. Det har vore ein tilgang på to uførepensjonistar. Per 31. desember 2017 var derfor talet på uførepensjonistar tre personar.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2017.

1.2.3 Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2017 var det 119 ektefellepensjonistar i ordninga. Det har vore ein avgang på sju personar og ein tilgang på tre personar. Per 31. desember 2017 var talet på ektefellepensjonistar derfor 115 personar.

Ved inngangen til 2017 tok tre personar imot barnepensjon. Det har vore ein avgang på to personar og ingen tilgang av personar med barnepensjon. Per 31. desember 2017 var det derfor éin mottakar av barnepensjon i ordninga.

1.2.4 Rekneskap for 2017

Pensjonane blir dekte over kapittel 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 68 507 718 kroner til pensjonar og 1 662 215 kroner til administrasjonskostnader. Dette er om lag som i 2016.

1.3 Utvikling i 2017 for pensjonar opptent som regjeringsmedlem

Ved utgangen av 2017 fekk totalt 103 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

Det er i kapittel 4 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn samt gjennomsnittleg pensjonsalder.

1.3.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2017 var det 75 alderspensjonistar i ordninga. Det har blitt éin avgang på fem personar og ein tilgang på tre personar. Per 31. desember 2017 var talet på alderspensjonistar derfor 73 personar.

1.3.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2017 var det to uførepensjonistar i ordninga. Det har vore vedtatt ein uførepensjon med tilbakeverkande kraft til 2015. Det har òg vore éin avgang i 2017. Per 31. desember 2017 var talet på uførepensjonistar derfor to personar.

1.3.3 Etterlatnepensjon

Ved inngangen til 2017 var det 23 ektefellepensjonistar i ordninga. Det har blitt éin avgang på éin person og ein tilgang på fire personar. Per 31. desember 2017 var talet på ektefellepensjonistar derfor 26 personar.

Ved utgangen av 2016 var det fire personar som tok imot barnepensjon. To av barnepensjonane opphøyrde 31. desember 2016. Ved inngangen til 2017 var det derfor to personar som tok imot barnepensjon. Det har verken vore tilgang eller avgang av personar med barnepensjon i løpet av året.

1.3.4 Rekneskap for 2017

Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer får tilskot under kapittel 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 14 537 627 kroner til pensjonar og 372 947 kroner til administrasjonskostnader. Dette er litt meir enn i 2016.

1.4 Sentrale hendingar i 2017

Det blei utført inntektskontroll på alle som tok imot pensjon etter 75-årsregelen. Denne regelen gir stortingsrepresentantar som har oppteningstid i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar moglegheit til å ta ut pensjon før 65 år. Det blei sendt ut brev om dette i byrjinga av 2017, men kontrollen gjaldt for inntektsåret 2015.

Hausten 2017 blei det gjennomført etteroppgjer for uførepensjonistar som ut frå skatteoppgjeret for 2016 hadde fått utbetalt for mykje eller for lite uførepensjon.

Våren 2017 stod SPK fire gonger på stand på stortingstorget, og medlemene hadde då høve til å stille generelle spørsmål om ordninga.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Arild Grande, Eigil Knutsen, Anne Helene Sandum og Hadia Tajik, fra Høyre, Margret Hagerup, Heidi Nordby Lunde og Kristian Tonning Riise, fra Fremskrittspartiet, Hanne Dyveke Søttar og lederen Erlend Wiborg, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Sosialistisk Venstreparti, Solfrid Lerbrekk, og fra Venstre, Terje Breivik, viser til Årsmelding 2017 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer og har ingen merknader.

3. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Meld. St. 10 (2017–2018) – Årsmelding 2017 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer – vedlegges protokollen.

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 24. april 2018

Erlend Wiborg

leder og ordfører