Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra justiskomiteen om Samtykke til godtaking av direktiv (EU) 2017/853 om kontroll med erverv og innehav av våpen (vidareutvikling av Schengen-regelverket)

Til Stortinget

Sammendrag

Innleiing og bakgrunn

Europaparlamentet og Rådet fastsette 17. mai 2017 direktiv 2017/853 om endringar i direktiv 91/477/EØF om kontroll med erverv og innehav av våpen (endringsdirektivet).

Føremålet med endringsdirektivet er å betre våpenkontrollen for å hindre misbruk av våpen og kriminelle handlingar. Noreg er bunde av direktiv 91/477/EØF (våpendirektivet) og endringane gjennomført ved direktiv 2008/51/EF.

Gjennomføringa av det reviderte direktivet føreset lovendring og reknast også for å vere ei særleg viktig sak. Stortinget må difor samtykke i å godtake rettsakta, jf. Grunnloven § 26 andre ledd.

Våpendirektivet gjeld for skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, slik dei vert definerte i direktivet. Definisjonane er i hovudsak lik dei som er fastsette i FN sin våpenprotokoll. Våpendirektivet gjeld for sivil bruk og innehav av skytevåpen. I våpendirektivet er det gjeve minimumsreglar for medlemsstatane sin nasjonale våpenkontroll.

Endringsdirektiv (EU) 2017/853 utvidar verkeområdet til direktivet og fastset ei rad med strengare krav til våpenkontroll.

Nærare om innhaldet i endringsdirektivet

Verkeområdet utvidast slik at det også regulerer våpensamlarar, våpenmeklarar og museum, deaktiverte skytevåpen samt skytevåpen som er omgjort til berre å kunne skyte ammunisjon utan prosjektil (såkalla lausammunisjon, signalpatronar og liknande). I endringsdirektivet er det også gjeve nye definisjonar av sentrale omgrep samt gjort einskilde endringar i gjeldande definisjonar, som mellom anna skal klargjere kva personar og kva gjenstandar som vert omfatta av det vidare verkeområdet.

Endringsdirektivet fastset meir omfattande krav til medlemsstatane sin våpenkontroll, mellom anna med meir omfattande krav til merking og registrering av skytevåpen og nærare bestemte våpendelar. Det vert også innført krav til at medlemsstatane skal etablere eit system for sperring og sletting av opplysingar sine nasjonale våpenregister. Medlemsstatane skal vidare etablere eit system for registrering og kontroll med våpenhandlarar og våpenmeklarar. Endringsdirektivet set også krav til at våpenhandlarar og våpenmeklarar skal rapportere elektronisk om kva skytevåpen og vitale våpendelar som vert omsett. I endringsdirektivet vert det også sett krav til at medlemsstatane etablerer ordningar for kontroll av distansehandel med skytevåpen, nærare bestemte våpendelar og ammunisjon.

Endringsdirektivet fastset krav til at medlemsstatane skal ha eit system som kan fungere løpande eller periodisk, for kontroll med tildelte våpenløyve, slik at medlemsstatane tilbakekallar våpenløyvet til personar som ikkje lenger oppfyller vilkåra for løyvet. Vidare er det innført krav til at medlemsstatane skal etablere nasjonale reglar for oppbevaring av skytevåpen og ammunisjon.

I våpendirektivet er skytevåpen klassifisert i kategori frå A til D ut frå skytevåpenet sitt skadepotensial. Dei krava som våpendirektivet set for å kunne erverve og ha skytevåpen, er gjort relative ut frå kva kategori skytevåpna tilhøyrer. I endringsdirektivet utvidast definisjonen av kva skytevåpen og våpendelar som skal vere i kategori A. Den viktigaste endringa er at halvautomatiske rifler/hagler og pistolar som har magasin med meir enn høvesvis 10 eller 20 patronar, reknast som skytevåpen i kategori A og dermed som hovudregel vert forbodne.

Vidare vert det gjere strengare reglar for erverv av skytevåpen og våpendelar i kategori A. Medlemsstatane kan unnataksvis gje løyve til å erverve slike skytevåpen og ammunisjon til nærare bestemte føremål, slik som museum, vern av skipsfart, våpensamlarar og liknande. For sportsskyttarar er det gjeve ein eigen unnataksregel med særskilte tilleggsvilkår. Medlemsstatane skal seinast kvart femte år kontrollere grunnlaget for løyva til å ha skytevåpen og våpendelar i kategori A.

Endringsdirektivet fastset som noko nytt registreringsplikt for deaktiverte skytevåpen, samt at skytevåpen som er omgjort til ikkje å kunne skyte patroner med prosjektil, framleis skal tilhøyra kategorien dei var i før ombygginga.

Endringsdirektivet fastset også nye reglar om korleis utveksling av opplysingar mellom medlemsstatane skal gjerast, samt at det vert gjeve utfyllande reglar om Kommisjonen sine fullmakter til å fastsette gjennomføringsordningar, og om evaluering av våpendirektivet.

Medlemsstatane skal gjennomføre reglane i endringsdirektivet innan 14. september 2018 og sende Kommisjonen ein kopi av det nasjonale regelverket som gjennomfører direktivet. Fristen for å gjennomføre reglane om registrering av våpenhandlarar og våpenmeklarar, samt for å gjennomføre krava til føring, sletting og sperring av opplysingar i det nasjonale våpenregisteret, er likevel sett til 14. desember 2019. Vidare er medlemsstatane gjeve ein frist til 14. mars 2021 til å innføre ny ordning med registrering av våpen som tidlegare har vore registreringsfrie. Dette gjeld mellom anna skytevåpen som er deaktiverte etter dei nye tekniske standarane ,samt registrering av hagler utan magasinlading.

Gjennomføring av endringsdirektivet i norsk rett

Fleire av føresegnene i endringsdirektivet samsvarar med gjeldande norsk rett. Nokre av føresegnene krev likevel materiellrettslege endringar. Mellom anna må det fastsettast heimel for at også deaktiverte skytevåpen kan registrerast i våpenregisteret. Vidare vil føresegnene i direktivet om meir omfattande og detaljerte reglar om registrering og merking av våpen og våpendelar krevje tilpassingar i norsk regelverk.

Direktivet sin hovudregel om forbod mot halvautomatiske skytevåpen med stor magasinkapasitet vil krevje endringar i nasjonalt regelverk. Likeeins må det fastsetjast forbod mot våpenmagasin med stor patronkapasitet. Dei særskilte unnataka frå hovudregelen, som mellom anna fastset strengare vilkår for sportsskyttarar, må også regulerast. Tilsvarande må det gjevast reglar om regelmessig kontroll av tildelte løyve for denne typen våpen.

Justis- og beredskapsdepartementet fremmar ein eigen Prop. L om ny våpenlov, som også gjennomfører endringsdirektivet, sjå Prop. 165 L (2017–2018).

Økonomiske og administrative konsekvensar

Gjennomføring av endringsdirektivet vil ikkje medføre vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar. Meirkostnader ved registreringsplikt for deaktiverte skytevåpen vil verte dekte gjennom Justis- og beredskapsdepartementet si gjeldande budsjettramme.

Konklusjon og tilråding

Endringane i direktivet styrkjer kontroll med våpen og er eigna til å førebygge ulovlege handlingar med våpen.

Schengen-avtalen føreset at partane følgjer same regelverk, noko som krev at Noreg godtek og innarbeider i nasjonal rett innhaldet i dei av EU sine rettsakter som er ei vidareutvikling av Schengen-regelverket. Noreg bør framleis vere ein fullverdig partnar i dette samarbeidet og bør difor gjennomføre endringsdirektivet som styrkar våpenkontrollen mellom medlemsstatane.

Justis- og beredskapsdepartementet tilrår at endringsdirektivet vert godteke. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jan Bøhler, lederen Lene Vågslid og Maria Aasen-Svensrud, fra Høyre, Peter Frølich, Guro Angell Gimse og Frida Melvær, fra Fremskrittspartiet, Liv Gustavsen og Solveig Horne, fra Senterpartiet, Jenny Klinge og Emilie Enger Mehl, og fra Sosialistisk Venstreparti, Petter Eide, viser til Prop. 166 S (2016–2017), hvor det bes om samtykke fra Stortinget til godkjennelse av direktiv (EU) 2017/853 om kontroll med erverv og besittelse av våpen (videreutvikling av Schengen-regelverket).

Komiteen viser til at endringsdirektivet omhandler endringer i våpendirektiv 91/477/EØF, som Norge er bundet av gjennom Schengen-regelverket. Formålet er å bedre våpenkontrollen for å hindre misbruk av våpen og kriminelle handlinger.

Komiteen viser til at gjennomføringen av direktivet nødvendiggjør endringer i våpenloven 9. juni 1961 nr. 1. Komiteen viser i den sammenheng til Prop. 165 L (2016–2017) om ny våpenlov, hvor endringsforslagene som følge av direktivet er omtalt. Kort oppsummert er EUs våpendirektiv brakt opp til norsk standard, slik at det ikke er behov for omfattende endringer i norsk våpenlovgivning. På enkelte områder er det likevel behov for endringer – for eksempel krav om at deaktiverte (plomberte) våpen skal registreres, og at de beholder kategoriseringen de hadde før deaktiveringen. Dette skyldes at flere EU-land har opplevd terroraksjoner utført med plomberte våpen som er lovlig innført fra andre land, hvoretter plomberingen har blitt fjernet.

Uttalelse fra utenriks- og forsvarskomiteen

Justiskomiteen sendte utkast til innstilling til utenriks- og forsvarskomiteen til uttalelse 13. februar 2018. Utenriks- og forsvarskomiteen opplyste i brev av 26. februar 2018 at den slutter seg til innstillingen og ikke hadde ytterligere merknader.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og råder Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget samtykker i godtaking av direktiv (EU) 2017/853 om kontroll med erverv og innehav av våpen (vidareutvikling av Schengen-regelverket).

Oslo, i justiskomiteen, den 27. februar 2018

Lene Vågslid

Liv Gustavsen

leder

ordfører