FNs 71. generalforsamling
var starten på eit nytt kapittel for FN. Valet av portugisaren António
Guterres som ny generalsekretær i FN i oktober 2016 varslar om endring
og ein ny giv i organisasjonen. Guterres vart utnemnd etter ein
historisk inkluderande prosess med opne høyringar, i eit nyskapande
samarbeid mellom Tryggingsrådet, presidenten for Generalforsamlinga
og Generalforsamlinga. FN har fått ein sterk, tydeleg og proaktiv
leiar. Den nye generalsekretæren har alt demonstrert handlekraft
og gode leiareigenskapar som gjev håp om at FN skal utvikle seg
vidare til å bli ein meir effektiv organisasjon som er tilpassa
dei globale utfordringane vi har i dag.
Noreg har konsekvent
forsvara multilaterale løysingar og internasjonalt samarbeid etter
at FN-pakta vart vedteken sommaren 1945. FN utformar og held ved
lag køyrereglar som både er i vår interesse og verkar som kollektive
gode. Folkeretten, medrekna havretten, har vore avgjerande for utviklinga
av økonomien og tryggleiken vår. På den andre sida investerer Noreg
både økonomisk og politisk i dei tre FN-pilarane fred og tryggleik,
utvikling og menneskerettar. Noreg er blant dei største gjevarane
på utviklingssida og nyt stor tillit på freds- og tryggleiksområdet.
Noreg set menneskerettane høgt på agendaen, både politisk og finansielt. FN-statistikken
viste hausten 2016 at Noreg var den sjuande største gjevaren til
FN. Då er både dei pliktige bidraga til organisasjonen og frivillige
bidrag til utviklingssystemet og til den humanitære FN-innsatsen rekna
med.
Statsministeren,
utanriksministeren, tre andre statsrådar og ein statssekretær leidde
den norske delegasjonen til opninga av den 71. sesjonen i Generalforsamlinga
hausten 2016. Den norske delegasjonen var samansett av i alt 89
representantar, frå regjeringa, Stortinget, departementa, det sivile
samfunnet og partane i arbeidslivet.
I generaldebatten
var det konflikten i Syria, kampen mot terror, flyktningkrisa og
migrasjon som fekk størst merksemd. Eit anna tema som òg mange var
opptekne av, var atomprøvesprengingane til Nord-Korea og situasjonen
på den koreanske halvøya.
Høgnivåsegmentet
vart innleidd med eit toppmøte om flukt og migrasjon, det aller
første i sitt slag i FN-historia. Seinare i veka vart det òg arrangert
eit globalt toppmøte om det aukande problemet med antimikrobiellresistente
organismar – det første i sitt slag i verda. Dette vitnar om at
FN framleis har evne til å fange opp aktuelle og viktige tema, setje
dei på den globale dagsordenen og trekkje til seg merksemda til
leiarane i verda. Statsminister Erna Solberg spelte ei sentral rolle
som paneldeltakar på begge toppmøta. Dei norske regjeringsmedlemmene
heldt til saman 72 innlegg på ei rekkje av dei sidearrangementa
som fann stad parallelt med generaldebatten.
Den historiske fredsavtalen
i Colombia prega òg innleiinga av den 71. sesjonen av generalforsamlinga
i FN med fleire sidearrangement, samlingar og samtalar. Som tilretteleggjar
for fredsprosessen, saman med Cuba, var Noreg ein aktiv og sentral
aktør.
Opninga av Generalforsamlinga
og høgnivåveka vart etterfølgd av komitéarbeid.
Sesjonen i 1. komité,
som arbeider med internasjonal fred og tryggleik, var prega av den
internasjonale polariseringa rundt kjernefysisk nedrusting. Regjeringa
viser i meldinga til at Noreg, saman med dei andre NATO-landa, ikkje
kunne røyste for ein resolusjon som går inn for eit forbod mot kjernevåpen,
utan at kjernevåpenstatane var med. Eit slikt forbod ville ikkje
vere i tråd med allianseforpliktingane våre i NATO. Som ledd i arbeidet vårt
for å leggje tilhøva til rette for ei balansert, gjensidig, irreversibel
og verifiserbar avskaffing av atomvåpen, i tråd med stortingsvedtaket
i 2016, fremja Noreg ein resolusjon om verifikasjon av kjernefysisk
nedrusting som fekk brei støtte frå 177 medlemsland. Sju land avstod
frå å røyste, og ingen land gjekk imot resolusjonen samla sett.
Arbeidet i 2. komité
var dominert av forhandlingane om rammeresolusjonen for utviklingsaktivitetar (QCPR).
For å oppnå ein meir samordna innsats på landnivå gjekk Noreg inn
for å styrkje rolla til dei stadlege FN-koordinatorane og for harmonisering
og forenkling av administrative prosedyrar.
I 3. komité for menneskerettar,
humanitære og sosiale spørsmål prioriterte Noreg spesielt resolusjonen
om rapporten frå FNs menneskerettsråd. Her var det viktig å unngå
omkamp om viktige vedtak som var gjorde i Genève for å verne mandatet
til ein uavhengig ekspert på vald og diskriminering på grunnlag
av seksuell orientering, som er oppnemnd av Menneskerettsrådet.
Debattane i 4. komité,
som har ansvaret for særskilde politiske spørsmål, mellom anna avkolonialisering, palestinske
flyktningar og dei fredsbevarande og politiske operasjonane til
FN, følgde i stor grad faste mønster og motsetnader frå tidlegare
år. Noreg medverka til å synleggjere den utfordrande økonomiske
situasjonen for FN-organisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA).
I 5. komité for budsjett
og administrative spørsmål var det til tider sterke motsetnader.
Komiteen nådde ikkje fram til konsensus i fleire av sakene, mellom
anna vedtaka om desentralisering av Kontoret for høgkommissæren
for menneskerettar og sekretariatet sin del av finansieringa av
FN-systemet for stadlege koordinatorar. Difor var det spesielt positivt
at Noreg kunne medverke til eit godt resultat med omsyn til budsjetta
for dei politiske operasjonane i Colombia og på Kypros.
I 6. komité for rettslege
spørsmål leidde Noreg resolusjonsforhandlingane om Genève-konvensjonens
tilleggsprotokollar og humanitære prinsipp på vegner av dei nordiske
landa. Trass i motstand frå enkelte statar vart sluttresultatet
tilfredsstillande.
Noreg heldt òg i
2016 ein høg profil i dei mange havrettsprosessane som gjekk direkte
i Generalforsamlinga. For første gong koordinerte Noreg forhandlingane om
den årlege fiskeriresolusjonen, som vart styrkt på ei rekkje viktige
område, mellom anna berekraftig botnfiske, arbeidsvilkår til sjøs
og høve til å gripe inn overfor statslause skip.
Av resolusjonar som
går direkte i plenum i Generalforsamlinga, var det den årlege resolusjonen
med krav om oppheving av USA sin handelsblokade mot Cuba som fekk
størst merksemd. For første gong røysta ingen imot, og USA og Israel
lét vere å røyste, noko som gjorde at resolusjonen vart samrøystes
vedteken.
Dei nordiske landa
samarbeider tett også i FN. Til saman er Norden ein viktig bidragsytar
til FN, og landa har ofte samanfallande synspunkt. Delegasjonane
møtest jamleg, og mange innlegg vert samordna. Dei nordiske landa
freistar å vere representerte i Tryggingsrådet med jamne mellomrom
og støttar kandidatura til kvarandre i val, slik Noreg aktivt støtta
den vellukka kampanjen for svensk medlemskap i Tryggingsrådet i
2017–2018. Noreg har hatt sete i Tryggingsrådet fire gonger og stiller
til val for perioden 2021–2022. Valet finn stad i 2020.
Kapittel 2 i meldinga
gjev nærmare omtale av generaldebatten ved opninga av generalforsamlinga,
høgnivåmøtet og arbeidet i komiteane. Kapittel 3 omtalar Tryggingsrådets
arbeid, og kapittel 4 handlar om styrking av FN, reform og aktørar.
Noregs prioriteringar til FNs 71. generalforsamling og statsminister
Erna Solberg sitt hovudinnlegg i generaldebatten er lagde ved meldinga.