Søk

Sammendrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om finansiering av ei bypakke for Bergen, i tråd med vedtak frå lokale styresmakter.

Staten ved Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune har underteikna ein byvekstavtale for Bergen for perioden 2017–2023. I avtalen er det mellom anna lagt til grunn statleg medfinansiering av vidare utbygging av Bybanen til Fyllingsdalen, statlege midlar til tiltak for kollektivtrafikk, sykkel og gange langs riksveg, samt vidareføring av belønningsmidlar. Det blir tatt sikte på at avtalen blir revidert i 2018.

For å sikre midlar til å følgje opp lokale styresmakter sin del av byvekstavtalen, blei det parallelt med forhandlingane om byvekstavtalen arbeidd fram ei ny bypakke for Bergen. Den nye bypakka, som skal avløyse Bergensprogrammet, har ein innkrevjingsperiode på 20 år.

Dei nye bomstasjonane vil etter planen bli sette i drift tidleg i 2019.

Forslag til finansierings- og bompengeopplegg for Bypakke Bergen blei behandla av lokale styresmakter våren 2017. Det er gjort greie for lokalpolitiske vedtak i kapittel 3 i proposisjonen.

I kapittel 4 i proposisjonen er det gjort greie for aktuelle prosjekt og tiltak.

Det er identifisert ein mogeleg prosjektportefølje for Bypakke Bergen, jf. tabell 4.1 og figur 4.1 i proposisjonen. Tabellen viser dei økonomiske rammene som var lagde til grunn ved den lokalpolitiske behandlinga av bompengeopplegget.

Hovudelementa er vidare utbygging av Bybanen, bymiljøtunnel/trafikkløysing i Bergen sentrum, Ringveg aust og høgkvalitets kollektivløysing mot vest. Fleire av prosjekta er på eit tidleg planstadium, og det er knytt stor uvisse til kostnadsoverslag og framdrift. Det er derfor ikkje tatt endeleg stilling til innretting, gjennomføring av og føreliggjande kostnadsvurderingar for prosjekt og tiltak i bypakka. Prosjektporteføljen må tilpassast dei samla økonomiske rammene for bypakka.

I kapittel 5 i proposisjonen er det gjort greie for trafikkgrunnlaget, og i kapittel 6 for bompengar og bompengeopplegg.

Det skal etablerast 15 nye bomstasjonar i tillegg til dei 14 eksisterande stasjonane, jf. tabell 6.1 i proposisjonen. Figur 6.1 i proposisjonen gir ei samla oversikt over plasseringa av eksisterande og nye bomstasjonar. Dei nye bomstasjonane får einvegs innkrevjing i retning mot sentrum, slik som i eksisterande bomstasjonar. Det blir lagt opp til eit system med tidsdifferensierte takstar i eksisterande bomstasjonar, men det blir ikkje innført tidsdifferensierte takstar i dei nye bomstasjonane. Det blir innført miljødifferensierte takstar både i eksisterande og nye bomstasjonar.

Det er lagt opp til ei ordning med felles timesregel for alle bomstasjonane.

Rabattsystemet er føresett lagt om i tråd med ny struktur, jf. Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016). Det vil ikkje bli gitt ulike rabattar, som det er gjort greie for i proposisjonen.

I perioden fram til dei nye bomstasjonane blir sette i drift, er det rekna med ei gjennomsnittleg inntekt per passering på om lag 17,6 kroner i 2017-prisnivå.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av trafikk- og finansieringsføresetnadene for Bypakke Bergen.

Finansieringa av byvekstavtalen er basert på innkrevjing av bompengar og statlege og fylkeskommunale midlar.

Som det går fram av kapittel 6 i proposisjonen, er det rekna med at det føreslåtte bompengeopplegget vil gi eit samla bompengebidrag på om lag 11 mrd. kroner i perioden 2018–2037.

I byvekstavtalen er det lagt til grunn 1,4 mrd. kroner i belønningsmidlar og 1,5 mrd. 2017-kroner til programområdetiltak langs riksveg i løpet av avtaleperioden 2017–2023.

I tillegg er det føresett at staten skal bidra med halvparten av kostnadene til fjerde trinn av Bybanen til Fyllingsdalen slik prosjektet er avgrensa i byvekstavtalen. I avtalen er det lagt til grunn ein førebels prosjektkostnad på 6,2 mrd. 2016-kroner og eit statleg bidrag på 3,1 mrd. kroner. Staten sitt endelege bidrag blir fastsett av Stortinget i dei ordinære budsjettprosessane, på bakgrunn av styringsramma etter gjennomført KS2 og endeleg finansieringsplan.

I byvekstavtalen er det lagt til grunn at Hordaland fylkeskommune skal løyve 255 mill. 2017-kroner per år i avtaleperioden. Prosjekt og tiltak i Bypakke Bergen er ein del av byvekstavtalen og blir prioriterte gjennom porteføljestyring. Samferdselsdepartementet legg til grunn at omfanget på utbygginga må tilpassast den økonomiske ramma og dei føringane om gjeld som blir fastsette for Bypakke Bergen. Departementet understrekar behovet for sterk kostnadskontroll. Kostnadsauke må derfor handterast innanfor den økonomiske ramma.

Hordaland fylkeskommune har tidlegare fatta vedtak om garanti ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt bompengelån på inntil 5,8 mrd. kroner. Det er ikkje lagt opp til å utvide garantiramma, men Hordaland fylkeskommune vedtok i møte i fylkestinget 13. juni 2017 å utvide garantiperioden til 2037. Basert på føresetnadene i denne proposisjonen er maksimal lånegjeld rekna til om lag 6,1 mrd. 2017-kroner.