Søk

Innhold

Sammendrag

I proposisjonen legg Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag til statsbudsjettet for 2017 i samsvar med punkt 2 nedanfor.

Kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

BLD føreslår å redusere posten med 0,2 mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 873, post 50. Midlane skal nyttast til arbeidet med endringane i handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet.

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Sakshandsaming og utbetaling av tilskot for incest- og valdtektssenter er no gjennomført. Det er behov for 0,5 mill. kroner meir enn lagt til grunn i gjeldande budsjett for 2017. BLD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 840 post 61 med 0,5 mill. kroner.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Prognosen for bruk av eksterne meklarar er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 841 post 21 med 3,5 mill. kroner.

Kap. 843 Adopsjonsstønad

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Utgiftene til adopsjonsstønad blir no rekna til 11,4 mill. kroner. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 843 post 70 med 2,4 mill. kroner.

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utbetalingane til barnetrygd har til no i år vore noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2017 blir no rekna til 15 050 mill. kroner. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 845 post 70 med 80 mill. kroner.

Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

Post 71 Utviklings- og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21

Rekrutteringa av deltakarar til utprøving av programmet Familie for første gang har gått noko seinare enn venta. BLD føreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga på kap. 846 post 71 med 2,5 mill. kroner.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Gjeldande løyving på posten har vore usikker, mellom anna som følgje av at kommunane kunne sende inn søknadar om refusjon for utgifter som oppstod inntil tre år tilbake i tid.

Alle søknadane frå kommunar er no ferdig handsama. BLD føreslår å auke løyvinga på kap. 854 post 65 med 305,6 mill. kroner for å dekkje refusjonsutbetalingane.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 1 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Auken i talet på opphaldsdagar i det statlege barnevernet i 2017 er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett.

BLD føreslår å redusere kap. 855 post 1 med 72 mill. kroner.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 1 Diverse inntekter

Sal av bilar i samband med fornying av bilparken har gitt meirinntekter på 10 mill. kroner. BLD føreslår derfor å auke kap. 3855 post 1 med 10 mill. kroner.

Post 60 Kommunale eigendelar

Nye prognosar på talet på oppholdsdagar i det statlege barnevernet viser ei mindreinntekt knytta til kommunale eigendelar i 2017 på 65 mill. kroner. Mindreinntektene skuldast aktivitetsutviklinga og ei dreiing frå bruk av institusjon til bruk av fosterheim. Sistnemnde har ein lågare eigendel.

BLD føreslår å redusere kap. 3855 post 60 med 65 mill. kroner.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

Post 1 Driftsutgifter

Gjeldande løyving er basert på at det ville bu i gjennomsnitt om lag 240 barn i omsorgssentera i 2017. Det er no venta at det vil bu i gjennomsnitt 176 barn i omsorgssentera i 2017.

BLD føreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 856 post 1 med 75,8 mill. kroner.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

Post 4 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Summen som kan bli rapportert inn som utviklingshjelp, blir redusert som følgje av reduksjonen i løyvinga på kap. 856 post 1 og reduksjon i delen av barna i omsorgssenter som er venta å ha butid under eitt år i 2017.

BLD føreslår å redusere løyvinga på kap. 3856 post 4 med 100,3 mill. kroner.

Kap. 872 Nedsett funksjonsevne

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

BLD føreslår å redusere kap. 872 post 21 med 1 mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 873 post 50. Midlane skal nyttast i arbeidet med endringane i handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet. Sjå omtale under kap. 873 post 50.

Kap. 873 Likestillings- og diskrimineringsombodet

Post 50 Basisløyving

BLD føreslår å auke løyvinga på kap. 873, post 50 med 1,2 mill. kroner. Midlane skal nyttast til arbeidet med omstillinga hos ombodet og tiltak som kan medverke til å vidareføre ombodet som eit sterkt fagmiljø. Løyvinga må sjåast i samband med oppmodingsvedtak nr. 873 av 12. juni 2017.

Departementet vil framleis følgje med på situasjonen og utviklinga til ombodet og nemnda etter omstillinga.

Kap. 2530 Foreldrepengar

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Utbetalingane til foreldrepengar er hittil i år noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2017 blir no rekna til 18 880 mill. kroner. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530 post 70 med 770 mill. kroner.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

På grunnlag av utbetalingane av foreldrepengar ved adopsjon hittil i år er utgiftene i 2017 no rekna til 58 mill. kroner. BLD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 2530 post 73 med 1 mill. kroner.