Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2017 under Forsvarsdepartementet (Endringar i «Regulativ for tillegg til utskrivne vernepliktige mannskap»)

Søk
Til Stortinget

Sammendrag

Innleiing

I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram forslag om regulering av godtgjering for utskrivne vernepliktige mannskap frå 1. juli 2017.

Samandrag og tilrådingar

Staten har inngått to hovudtariffavtalar for perioden 2016–2018, ein med Akademikerne og ein med LO Stat, Unio og YS Stat. Forslaget til regulering er basert på resultatet av lønsoppgjeret mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat. Med grunnlag i nemnde lønsoppgjer for statstilsette blir godtgjering til vernepliktige mannskap tilrådd auka med 1,6 pst. frå 1. juli 2017.

Meirutgiftene for 2017 er utrekna til 8 009 000 kroner.

Dette er siste gongen godtgjeringar til utskrivne vernepliktige mannskap blir regulerte i eigen proposisjon. Frå og med 2018 vil godtgjeringar bli regulerte i den årlege budsjettproposisjonen (Prop. 1 S).

Bakgrunn

I mange år er økonomiske ytingar til soldatar regulerte med grunnlag i lønsoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har på vanleg måte lagt til grunn reguleringa i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten.

Det nemnde lønsoppgjeret for tilsette i staten i lønsramme 02, lønstrinn 19, gav alle på lønstrinnet eitt lønstrinn i auke. Dette gir eit kronetillegg på A-tabellen som utgjer ein auke på 1,6 pst.

Vurderingar

Forsvarsdepartementet legg til grunn reguleringa i lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten i nemnde lønsoppgjer. Dette er i samsvar med tidlegare års praksis. Forsvarsdepartementet har komme fram til at utskrivne vernepliktige mannskap bør få ei regulering på 1,6 pst. med verknad frå 1. juli 2017.

Regulering av satsane

Forslaget inneber følgjande regulering av satsane frå 1. juli 2017:

Tenestetillegg frå kr 169,30 til

kr 172,- per dag

Tillegg for leiande meinig/flysoldat frå kr 22,80 til

kr 23,- per dag

Kompensasjonstillegg frå kr 475,- til

kr 483,- per dag

Ektefelletillegg frå kr 4 563,- til

kr 4 636,- per månad

Barnetillegg, første barn, frå kr 5 171,- til

kr 5 254,- per månad

Barnetillegg for barn, utanom det første, frå kr 2 129,- til

kr 2 163,- per månad

Dimisjonsgodtgjering 12 månaders teneste frå kr 32 570,- til

kr 33 091,-

Utdanningsbonus, dagsats frå kr 62,80 til

kr 64,- per dag

Operativt tillegg (§ 13-oppdrag) frå kr 1 307,- til

kr 1 328,- per dag

Tenestetillegg Heimevernets innsatsstyrke frå kr 914,- til

kr 929,- per dag

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Svein Roald Hansen, lederen Anniken Huitfeldt, Marit Nybakk, Kåre Simensen og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Elin Rodum Agdestein, Elisabeth Vik Aspaker, Sylvi Graham, Øyvind Halleraker og Trond Helleland, fra Fremskrittspartiet, Harald T. Nesvik, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, fra Kristelig Folkeparti, Knut Arild Hareide, fra Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, fra Venstre, Trine Skei Grande, og fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, har merket seg at regjeringens forslag til regulering er basert på resultatet av lønnsoppgjøret mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat. Godtgjørelsen til vernepliktige mannskap blir foreslått økt med 1,6 pst. fra 1. juli 2017. Komiteen støtter grunnlaget for reguleringen. Komiteen merker seg at dette er siste gang godtgjørelsen til utskrevne vernepliktige mannskaper blir regulert i en egen proposisjon, og at fra 2018 vil godtgjørelsenen bli regulert i den årlige budsjettproposisjonen (Prop. 1 S).

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og råder Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I statsbudsjettet for 2017 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Føremål

Kroner

Utgifter

1700

Forsvarsdepartementet

1

Driftsutgifter, vert auka med …

10 000

frå kr 789 583 000 til kr 789 593 000

1720

Felles leiings- og kommandoapparat

1

Driftsutgifter, vert auka med …

495 000

frå kr 5 292 690 000 til kr 5 293 185 000

1725

Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben

1

Driftsutgifter, vert auka med …

272 000

frå kr 716 765 000 til kr 717 037 000

1731

Hæren

1

Driftsutgifter, vert auka med …

3 976 000

frå kr 5 519 074 000 til kr 5 523 050 000

1732

Sjøforsvaret

1

Driftsutgifter, vert auka med …

1 302 000

frå kr 4 236 788 000 til kr 4 238 090 000

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter, vert auka med …

953 000

frå kr 4 808 540 000 til kr 4 809 493 000

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter, vert auka med …

699 000

frå kr 1 400 523 000 til kr 1 401 222 000

1740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsutgifter, vert auka med …

39 000

frå kr 1 898 674 000 til kr 1 898 713 000

1760

Forsvarsmateriell og større nyskaffingar og vedlikehald

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1760, post 45, vert auka med …

1000

frå kr 1 695 465 000 til kr 1 695 466 000

1790

Kystvakta

1

Driftsutgifter, vert auka med …

258 000

frå kr 975 527 000 til kr 975 785 000

1795

Kulturelle og allmennyttige føremål

1

Driftsutgifter, vert auka med …

4000

frå kr 257 222 000 til kr 257 226 000

Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 14. juni 2017

Anniken Huitfeldt

Elisabeth Vik Aspaker

leder

ordfører