Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

I proposisjonen legg Samferdselsdepartementet fram opplegg for forlenging av bompengeinnkrevjinga i Kristiansandsregionen.

Bakgrunnen for saka er at Kristiansand kommune ønskjer å forlengje innkrevjinga fram til tidleg i 2020, eller til den eventuelt blir avløyst av ei ny bompengepakke for Kristiansandsregionen. Samstundes har lokale styresmakter slutta seg til endringar i takst- og rabattstrukturen i tråd med det som er lagt til grunn i Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016), jf. Innst. 13 S (2015–2016). Midlane er planlagt nytta til planlegging av ei ny bompengepakke og grunnerverv. I tillegg er det aktuelt å prioritere ombygging av E18 Håneskrysset og ulike sykkel- og kollektivtrafikktiltak.

Med bakgrunn i dette legg Samferdselsdepartementet fram forslag om at dagens innkrevjingsordning i Kristiansandsregionen blir forlengja med inntil to år. I tillegg blir takst- og rabattstrukturen justert.

Forslag om forlenging av innkrevjingsperioden og justering av takst- og rabattstrukturen for Samferdselspakke for Kristiansandsregionen, fase 1, blei handsama av aktuelle kommunar og Vest-Agder fylkeskommune i 2016.

Finansieringsopplegget som har vore til lokalpolitisk behandling, er basert på innkrevjing av bompengar i ytterlegare to år, i tillegg til fylkeskommunale og statlege midlar. Samferdselsdepartementet viser til at omfanget av statlege midlar må vurderast på vanleg måte, og endelege vedtak blir fatta i dei årlege statsbudsjetta.