Komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet,
Kjell-Idar Juvik, Anne Odenmarck, Magne Rommetveit, Eirik Sivertsen
og Karianne O. Tung, frå Høgre, leiaren Nikolai Astrup, Torill Eidsheim,
Nils Aage Jegstad og Helge Orten, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen,
Åse Michaelsen og Morten Stordalen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans
Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid
Q. Raja, viser til proposisjonen om delvis finansiering av
fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal med bompengar. Dette er eit
viktig ferjeavløysingsprosjekt som bind saman øyane Lepsøya, Haramsøya,
Flemsøya, Fjørtofta og Harøya i Haram og Sandøy kommunar, og erstattar
to ferjesamband. Komiteen merkar
seg at Nordøyvegen er eit særs etterlengta vegprosjekt som vil gje
2 900 personar på Nordøyane fastlandssamband, og legg til rette
for fortsatt stor verdiskaping frå eit aktivt næringsliv på desse
øyane.
Komiteen viser til at prosjektet
er tenkt finansiert med fylkeskommunale midlar, bompengar og lokale
bidrag, og at fylkeskommunen er ansvarleg for låneopptak knytt til
lokale bidrag. Komiteen merkar
seg at dette prosjektet er det første store fylkeskommunale ferjeavløysingsprosjektet
etter at ordninga med alternativ bruk av ferjetilskot for fylkesvegferjer
vart etablert.
Komiteen viser til at fylkeskommunen
i brev av 8. februar 2017 har søkt om ferjeavløysingsmidlar etter
denne ordninga og at Samferdselsdepartementet i brev av 15. mars
2017 har stadfesta at prosjektet fell inn under denne ordninga,
men at beløpet enno ikkje er fastsett.
Komiteen vil oppmode regjeringa
om å handsame denne søknaden raskt slik at framdrifta og gjennomføringa
av prosjektet kan gjennomførast med planlagt anleggsstart i 2017
og ferdigstilling i 2023, slik fylkeskommunen legg opp til.
Komiteen merkar seg at styringsramma
for prosjektet er sett til 3 442 mill. 2017-kroner, og at bompengar
utgjer 460 mill. kroner.
Komiteen merkar seg vidare
at sparte ferjekostnadar og ordninga med ferjeavløysingsmidlar i inntil
40 år er ein viktig del av finansieringa for fylkeskommunen, i tillegg
til lokale tilskot.
Komiteen viser til at det er
lagt opp til tovegs innkrevjing av bompengar i ein bomstasjon på
Skjelten, og at dette betyr at det berre vert innkrevjing av bompengar
ved køyring til og frå fastlandet. Komiteen er samd i at dette
er ei fornuftig løysing, og at ein på denne måten unngår bompengar
på køyring mellom øyane.
Komiteen viser til at betalingsviljen
for å få avløyst ferjer med eit fast samband av bruer og tunnelar,
er stor. Alternativet for fylkeskommunen er å oppretthalde ferjesamband
som er dyre å drive, og for innbyggarane er ferjer ein evigvarande
bomstasjon. Utrekna i 2017-kroner er bomtakstane sett til 131 kroner
i takstgruppe 1 og 262 kroner i takstgruppe 2. Komiteen meiner dette er eit
rimeleg nivå samanlikna med dagens ferjetakstar.
Komiteen viser til at dagens
marknadsrente eller binding av rentenivået vil gje ei lågare faktisk
rente enn den berekningstekniske. Eit gunstigare rentenivå kan i
hovudsak gje tre ulike fordelar: Lågare bompengetakstar, raskare
nedbetaling eller ytterlegare satsing på infrastruktur. Komiteen legg
til grunn at bompengetakstane kan setjast lågare basert på marknadsrente
eller binding av renta, og meiner dette er ein moglegheit fylkeskommunen
kan gjere seg nytte av dersom det er eit lokalt ønskje om det.