Sammendrag

I dokumentet fremmes følgende forslag:

  1. Stortinget ber regjeringa gjennom oppdragsdokumentet til helseføretaka sette krav om tiltak som stimulerer til kunnskapsbasert implementering av musikkterapi i tenestene.

  2. Stortinget ber regjeringa opprette ei tilskotsordning til kommunar og helseføretak som etablerer nye musikkterapistillingar i tenestene.

  3. Stortinget ber regjeringa sikre ressursar til følgjeforsking og anna relevant forsking på implementering av musikkterapi i tenestene, med fokus på brukarerfaringar og samarbeidsmåtar.

  4. Stortinget ber regjeringa frå 2018 auke den nasjonale utdanningskapasiteten i musikkterapiutdanninga.»

Forslagsstillarane peiker på at musikkterapi no vert tilrådd som behandlingsform i fleire nasjonale faglege retningslinjer på helse- og omsorgsfeltet, blant anna innan psykiatri, rusbehandling, palliasjon og for personar med demens. Musikkterapi representerer ei tilnærming til helsearbeid som fremmer ressursar, motivasjon, brukarmedverknad og deltaking i eigen tilfriskningsprosess. Musikkterapi er legemiddelfri behandling og eit helsefag med ein etablert forskingstradisjon for dokumentasjon av effektar. Samstundes er det eit musikkfag, der oppleving, meining, meistring og fellesskap står sentralt.

I Nasjonal faglig retningslinje for utreiing, behandling og oppfølging av personar med psykoselidingar (Helsedirektoratet 2013) står det:

«Musikkterapi fremmer tilfriskning, og behandlingen bør starte i en så tidlig fase som mulig med henblikk på å redusere negative symptomer. Behandlingen må utføres av terapeuter med godkjent utdanning innen musikkterapi.»

Helsedirektoratet har gitt tilrådinga gradering A, det vil seie at effekten er godt dokumentert. Også evidensgrunnlaget er vurdert til høgste nivå.

Også i retningslinjer for rusbehandling (2016), avrusing (2016) og palliasjon til barn og unge (2016) er musikkterapi tilrådd. Høyringsversjonen av demensretningslinja (2017) peikar også på musikkterapien sin relevans for desse tenestene.

I Noreg har både Norges musikkhøgskole (NMH) og Griegakademiet ved Universitetet i Bergen (UiB) etablert musikkterapiutdanningar på masternivå, med tilhøyrande etter- og vidareutdanningstilbod og dessutan forskaropplæring på PhD-nivå. Begge institusjonar har også etablert aktive forskingssenter som er synlege internasjonalt og som bidreg med relevant kunnskap for utvikling av feltet i Noreg i dag.

Forslagsstillarane meiner det er behov for å etablere ei nasjonal satsing for implementering av musikkterapi i tenestene og å auke nasjonal utdanningskapasitet i musikkterapi. Musikkterapifaget er den drivande krafta internasjonalt når det gjeld forsking og utvikling av kunnskap om bruk av musikk som helseressurs. Dei pasientane som har størst utfordringar, vil verte mest skadelidande dersom profesjonell musikkterapikompetanse ikkje er tilgjengeleg. Dessutan vil opplæring av eksisterande helseprofesjonar i bruk av musikk ikkje vere berekraftig over tid dersom det i tenestene ikkje også fins profesjonell musikkterapikompetanse som kan gje råd og støtte.