Sammendrag

Innleiing

Helse- og omsorgsdepartementet foreslår endringar i fleire lover på helse- og omsorgstenestefeltet. Dei fleste av forslaga gjeld endringar i lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter (heretter pasient- og brukarrettslova) og lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell mv. (heretter helsepersonellova).

Ein større del av forslaga gjeld barn, blant anna barn sin rett til medverknad og medråderett ved yting av helse- og omsorgstenester, samtykke frå foreldre ved vaksinasjon av barn etter barnevaksinasjonsprogrammet og helsepersonell si ivaretaking av barn som pårørande til søsken med alvorlege helseproblem og som etterlatne etter foreldre og søsken som døyr.

Forslaget omfattar òg å harmonisere straffeføresegnene for brot på teieplikta etter helselovgivinga med straffeføresegna for brot på teieplikta i lov 20. mai 2005 nr. 28 om straff (heretter straffelova), ei presisering og fleire endringar av meir teknisk karakter i helsepersonellova, å oppheve kravet i lov 2. juni 2000 nr. 39 om apotek (heretter apoteklova) § 3-2 første ledd bokstav a og å tydeleggjere verkeområdet til lov 15. juni 2001 nr. 53 om erstatning ved pasientskader mv. (heretter pasientskadelova).

Barn sin rett til medverknad og medråderett ved yting av helse- og omsorgstenester

Utviklinga dei seinare åra, både samfunnsmessig og rettsleg, tilseier at vi bør gjennomgå føresegnene i pasient- og brukarrettslova om barn og unge sin rett til medverknad og medråderett ved yting av helse- og omsorgstenester. Departementet foreslår som følgje av dette at:

  • Retten barn har til å få informasjon og bli høyrde skal gå direkte fram av pasient- og brukarrettslova.

  • Det skal innførast ein snever tilgang i pasient- og brukarrettslova til ikkje å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret, også når pasienten eller brukaren er under 12 år.

  • Det skal gå fram av pasient- og brukarrettslova at barn mellom 12 og 16 år i spesielle avgrensa tilfelle har sjølvstendig samtykkekompetanse.

  • Det skal innførast ein snever tilgang i pasient- og brukarrettslova til at den som yter helsehjelp, i særlege tilfelle kan ta avgjersler om strengt nødvendig og avgrensa helsehjelp for barn under 12 år.

  • Det skal gå fram av pasient- og brukarrettslova at frå eit barn er i stand til å danne seg eigne synspunkt om det samtykket dreier seg om, skal barnet få informasjon og høve til å seie si meining før spørsmålet om samtykke til helsehjelp blir avgjort. Dette skal gjelde seinast frå barnet fyller 7 år. Det skal vidare leggast vekt på kva barnet meiner, i samsvar med alder og modenskap, og frå fylte 12 år skal det leggast stor vekt på kva barnet meiner.

Forslaga er først og fremst ei klargjering av kva som gjeld for barn sin rett til medverknad og medråderett når dei tek imot helse- og omsorgstenester. Forslaga kan bidra til at barnet og barneperspektivet blir betre teke vare på når barn tek imot helse- og omsorgstenester. Dersom lovendringane blir vedtekne, vil Helsedirektoratet oppdatere rundskriva sine til pasient- og brukarrettslova og helsepersonellova og legge ut informasjon på nettsidene sine.

Departementet legg til grunn at forslaga ikkje vil få økonomiske eller administrative konsekvensar i særleg grad.

Samtykke frå foreldre ved vaksinasjon av barn etter barnevaksinasjonsprogrammet

Ut frå ei tolking av den gjeldande pasient- og brukarrettslova blir vaksinasjon i tråd med barnevaksinasjonsprogrammet rekna som helsehjelp som er del av den daglege og ordinære omsorga for barnet. Dette gjer at det er tilstrekkeleg at den eine av foreldra eller andre som har foreldreansvaret, samtykker til slik vaksinasjon. Departementet foreslår at dette skal gå fram direkte av pasient- og brukarrettslova.

Departementet legg til grunn at forslaget ikkje vil få økonomiske eller administrative konsekvensar i særleg grad.

Helsepersonell si ivaretaking av barn som pårørande til søsken og som etterlatne etter foreldre og søsken

I 2009 blei det innført nye føresegner i helsepersonellova og lov 2. juli 1999 nr. 61 om spesialisthelsetjenester m.m. (spesialisthelsetenestelova) for å sikre at helsepersonell skal bidra til å identifisere og sikre det informasjons- og oppfølgingsbehovet mindreårige barn kan ha som følge av at dei er pårørande til foreldre som er pasientar med psykisk sjukdom, rusmiddelavhengigheit eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade.

For å sikre at helsepersonell skal bidra til å identifisere og sikre det informasjons- og oppfølgingsbehovet også mindreårige barn kan ha som pårørande til søsken med same alvorlege helseproblem som foreldre nemnd ovanfor, eller som etterlatne etter foreldre og søsken som døyr, foreslår departementet at lovgivinga også skal regulere dette.

Departementet kan ikkje sjå at forslaga vil ha økonomiske og administrative konsekvensar i særleg grad for spesialisthelsetenesta, og legg til grunn at etterlevinga av endringa blir følgd opp innanfor dei gjeldande ressursrammene i spesialisthelsetenesta. Departementet kan heller ikkje sjå at forslaga vil ha økonomiske og administrative konsekvensar i særleg grad for kommunane.

Tydeleggjering av ansvaret for kommunale helse- og omsorgstenester for barn som er plasserte utanfor heimen etter barnevernlova

Barn som oppheld seg i kommunen og som er plassert utanfor heimen etter lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester (barnevernlova), er omfatta av ansvaret den kommunale helse- og omsorgstenesta har for å sørge for nødvendige helse- og omsorgstenester til personar som oppheld seg i kommunen. Dette gjeld uavhengig av kva som er grunnlaget for dette etter barnevernlova, og uavhengig av kva plasseringsalternativ barnet har opphald ved i kommunen.

I praksis viser det seg likevel at barn som er plasserte utanfor heimen etter barnevernlova, ikkje alltid får eit tilstrekkeleg helsetilbod. Slik departementet vurderer det, er det viktig å sørge for at det ikkje er tvil om ansvaret den kommunale helse- og omsorgstenesta har overfor denne særleg utsette og sårbare gruppa. Departementet foreslår derfor å tydeleggjere dette i lov 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstenestelova).

Forslag til lovendring inneber å tydeleggjere gjeldande rett. Forslaget vil derfor ikkje få økonomiske eller administrative konsekvensar.

Harmonisering av straffeføresegnene for brot på teieplikt

Brot på teieplikta etter helsepersonellova, lov 20. juni 2014 nr. 42 om behandling av helseopplysninger ved ytelse av helsehjelp (pasientjournallova) og lov 20. juni 2014 nr. 43 om helseregistre og behandling av helseopplysninger (helseregisterlova) blir ramma både av den generelle straffeføresegna i straffelova § 209 og straffeføresegnene i dei nemnde lovene. Departementet foreslår å endre straffeføresegnene i særlovene slik at dei viser til straffelova § 209 for brot på teieplikt. Dette inneber at strafferamma for brot på teieplikt etter dei nemnde lovene blir endra frå bot eller fengsel inntil 3 månader til bot eller fengsel inntil 1 år. Departementet foreslår vidare å presisere at medverknad til brot på teieplikta etter dei nemnde særlovene framleis skal kunne straffast. I tillegg foreslår departementet å oppretthalde den særskilde påtaleregelen i helsepersonellova § 67.

Slik departementet vurderer det, bør strafferamma i helsepersonellova vere den same som for andre brot på lova. Departementet foreslår derfor å endre strafferamma for brot på helsepersonellova frå bot eller fengsel inntil 3 månader til bot eller fengsel inntil 1 år. På denne måten blir det samsvar mellom straffenivået for brot på teieplikt og brot på dei andre føresegnene i helsepersonellova.

Det å utvide strafferamma kan i prinsippet verke inn på straffeutmålinga. Det er få brot på helsepersonellova som blir straffeforfølgde. Av desse sakene er det igjen berre nokre få saker som resulterer i fengselsstraff utan vilkår. Det er domstolane som skal utmåle straffa i den enkelte saka, og ein er svært usikker på om den utvidinga av strafferamma som er foreslått, vil føre til noka skjerping i utmålinga av fengselsstraff. Det vil uansett berre vere aktuelt å idømme fengsel utan vilkår i svært få saker.

Plikta til å gi informasjon til tilsynsstyresmaktene ved fare for pasienttryggleiken

Det har blitt reist spørsmål om opplysningsplikta i helsepersonellova § 17 inneber at helsepersonell pliktar å gi tilsynsstyresmaktene opplysningar som er omfatta av teieplikta, og som dei er kjende med i kraft av å yte helsehjelp til anna helsepersonell, når vilkåra i føresegna er oppfylde. Departementet foreslår å føye til ei presisering i føresegna, slik at det klart går fram at føresegna ikkje gir noko fritak frå teieplikta om dei helsemessige eller personlege forholda til pasientar.

Den foreslåtte presiseringa av innhaldet i opplysningsplikta i helsepersonellova § 17 vil slik departement ser det, ikkje gi økonomiske eller administrative konsekvensar i særleg grad.

Enkelte tekniske endringar i helsepersonellova

Departementet foreslår å gjere ei rekke tekniske endringar i føresegner i helsepersonellova, som skal bidra til å gjere innhaldet i føresegnene tydelegare. I tillegg foreslår departementet å oppheve helsepersonellova § 38, som ikkje har tredd i kraft. Endringane vil slik departementet ser det, ikkje få økonomiske eller administrative konsekvensar.

Oppheving av apoteklova § 3-2 første ledd bokstav a

Departementet foreslår å oppheve apoteklova § 3-2 første ledd bokstav a, som gjeld vilkår for konsesjon til drift av apotek (apotekar). Føresegna stiller opp eit sjølvstendig krav til utdanning som etter ordlyden inneber at kandidatar med utdanning frå andre EØS-land eller land utanfor EØS (tredjeland), og som har fått autorisasjon som provisorfarmasøyt, likevel kan bli nekta driftskonsesjon. Departementet meiner ordlyden kan vere i strid med forpliktingane våre etter EØS-avtalen og har derfor bede Statens legemiddelverk om å legge til grunn ei forståing av § 3-2 første ledd bokstav a som ikkje strider mot dei forpliktingane Noreg har etter EØS-avtalen. For å oppnå samsvar mellom ordlyden i apoteklova og gjeldande praksis foreslår departementet å oppheve kravet.

Departementet meiner at endringsforslaget fører til innsparingar for offentleg forvaltning.

Tydeleggjering av verkeområdet til pasientskadelova

Pasientar som har blitt påført ein skade som kjem av behandling, undersøking, diagnostisering eller oppfølging hos helsepersonell eller personell ved institusjonar i helse- og omsorgstenesta, kan ha krav på erstatning etter pasientskadelova.

Departementet foreslår å tydeleggjere verkeområdet for pasientskadelova for dei tilfella der autorisert helsepersonell tilbyr behandling som dels er «helsehjelp» etter helsepersonellova og dels «helserelatert behandling» etter lov 27. juni 2003 nr. 64 om alternativ behandling av sykdom mv. (heretter alternativ behandlingslova).

Forslaget inneber å tydeleggjere allereie gjeldande rett. Forslaget vil derfor ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.