Varslingsrutinar
Komiteen viser til forslaget
om å skjerpe inn reglane om interne varslingsrutinar i verksemder. Forslaga
har fått brei støtte i høyringsrunden. Samstundes har det blitt
reist einskilde innvendingar, mellom anna frå NHO, om den auka byråkratibyrden forslaga
vil medføre, særleg for små- og mellomstore bedrifter. Komiteen har
sympati for innvendingane og er oppteken av at verksemder ikkje
skal bli pålagt unødvendige og arbeidstyngande arbeids- og rapporteringsbyrder.
Samstundes viser erfaring at klare og kjene varslingsrutinar er
svært viktig for å sikre eit godt varslarvern i bedriftene. Komiteen har
vanskar med å sjå at dei aktuelle forslaga i proposisjonen vil medføre
noko monaleg meirarbeid, heller ikkje for mindre verksemder. Komiteen støttar difor
dei føreslåtte endringane i reglane om varslingsrutinar.
Vidare har det vore
ein diskusjon i høyringsrunden om kor – og om – ein skal setje ei
grense for kor stor ei verksemd må vere før krava til interne varslingsrutinar
slår inn. Regjeringa har i proposisjonen foreslått å trekke grensa
ved 10 tilsette for når det inntrer ei plikt utan vilkår til å etablere
varslingsrutinar. Samstundes blir plikta til å foreta ei skjønnsmessig
vurdering for behovet for slike rutinar også for mindre verksemder
vidareført.
Komiteen registrerer at fleire
av høyringsinstansane, mellom andre LO og Norsk journalistlag, under
komitéhøyringa tok til orde for at plikta til å etablere varslingsrutinar
bør gjelde alle verksemder, uavhengig av storleik.
Komiteen har forståing for
ønsket om eit breiast mogleg nedslagsfelt for slike varslingsrutinar. Samstundes
er komiteen einig
med regjeringa i at det bør setjast ei grense for kor stor ei verksemd
bør vere før denne typen krav trer inn, av di dei aller minste verksemdene
normalt har få eller ingen ansvars- og avgjerslenivå internt.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, er av den
oppfatning at kravet om ti tilsette likevel synest noko høgt og
vil unnta svært mange verksemder – til dømes ei rekke advokatfirma,
rekneskapsfirma, butikkar, revisjonsfirma etc.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Venstre føreslår difor
at grensa vert satt ved fem tilsette, i tråd med høyringsinnspela
frå Akademikerne, NITO og Den norske legeforening.
Desse medlemene fremjar på
denne bakgrunn følgjande forslag:
«I arbeidsmiljølova
gjerast føljande endring:
Ny § 2 A-3 (2)
skal lyde:
(2) Arbeidsgiver
plikter alltid å utarbeide slike rutiner dersom virksomheten jevnlig
sysselsetter minst 5 arbeidstakere.»
Komiteens medlemmer
fra Høyre og Fremskrittspartiet mener en ubetinget plikt til å
etablere varslingsrutiner for virksomheter med minst ti ansatte
er en fornuftig avgrensning. Formålet med forslaget er å klargjøre
hvilke virksomheter som har plikt til å etablere varslingsrutiner.
En grense ved virksomheter
på minst ti ansatte er en hensiktsmessig måte å balansere hensynet
til behovet for å ha varslingsrutiner på – opp mot hensynet til
å unngå for mange byråkratiske formalkrav for små virksomheter.
En grense på ti
ansatte vil dessuten harmonisere godt med lignende terskler i arbeidsmiljøloven,
herunder plikten til å ha verneombud. Tall fra SSB viser at forslaget
vil omfatte om lag 60 000 virksomheter.
Disse medlemmer fremmer på
denne bakgrunn følgende forslag:
«I arbeidsmiljøloven
gjøres følgende endring:
Ny § 2 A-3 (2)
skal lyde:
(2) Arbeidsgiver
plikter alltid å utarbeide slike rutiner dersom virksomheten jevnlig
sysselsetter minst 10 arbeidstakere.»
Komiteens medlem
fra Sosialistisk Venstreparti deler LO og Norsk journalistlags bekymring
for at varslerbeskyttelsen som også ansatte i småbedrifter er avhengige
av, svekkes ved en nedre grense for antall ansatte.
Dette medlem fremmer på denne
bakgrunn følgende forslag:
«I arbeidsmiljøloven
gjøres følgende endring:
Ny § 2 A-3 (2)
skal lyde:
(2) Arbeidsgiver
plikter å utarbeide slike rutiner i virksomheten.»
Dette medlem vil
subsidiært støtte forslaget til ny § 2 A-3 (2) fra Arbeiderpartiet,
Senterpartiet og Venstre dersom eget forslag faller.