Søk

1. Sammendrag

Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreslår i proposisjonen ei endring i bustøttelova § 10 første ledd bokstav d om rett til å krevje tilbake for mykje utbetalt bustøtte etter at det er gjennomført etterkontroll. Bakgrunnen for forslaget er at departementet ønskjer at Husbanken skal få generell heimel til å krevje tilbake for mykje utbetalt bustøtte.

Departementet har 19. desember 2016 vedteke endringar i forskrift 29. november 2012 nr. 1283 om bustøtte om inntektsgrunnlaget for utrekning av bustøtte og ei tilpassing til dette i reglane om etterkontroll.

Før endringa i bustøtteforskrifta blei bustøtte i all hovudsak rekna ut på grunnlag av likningsopplysningar, medan utrekning etter dei nye reglane som hovudregel skal gjerast med grunnlag i aktuell månadsinntekt.

A-opplysningslova inneber at Nav, offentlege og private arbeidsgjevarar skal rapportere inn utbetaling av løn og anna kvar månad (a-ordninga). Kapitalinntekter og inntekter frå eiga næringsverksemd er døme på inntekter som ikkje blir rapporterte inn gjennom a-ordninga. Det går fram av proposisjonen at opplysning om slike inntekter og om formue framleis må byggje på skatteopplysningar.

Endringa i bustøtteforskrifta vil gje mindre behov for etterkontroll og krav om tilbakebetaling. Ordninga vil vere meir føreseieleg for mottakarane, og handsaminga av sakene i kommunane vil bli enklare. Endringa om inntektsgrunnlaget gjer det nødvendig å tilpasse reglane om etterkontroll og for mykje betalt bustøtte.

I dag gjev bustøttelova § 10 første ledd bokstav d heimel for å krevje tilbakebetalt bustøtte dersom det syner seg ved etterkontroll at årsinntekta til søkjaren er over grensene som er fastsette i forskrift. Departementet meiner lova slik ho lyder i dag, gjev heimel for å vedta og setje i verk endringane i bustøtteforskrifta som omtalt.

Endringa synleggjer likevel at lovteksten i § 10 første ledd bokstav d bør ha ein noko annan ordlyd, for å hindre mogleg tvil om forholdet mellom lov og forskrift. Eit anna føremål med endringa er å sikre at ikkje lova legg unødvendige bindingar for den praktiske utforminga av ordninga i forskrifta framover når det gjeld inntektsgrunnlag og etterkontroll. Departementet føreslår vidare i proposisjonen av pedagogiske omsyn lovfesta i eit nytt tredje punktum til bustøttelova § 10 første ledd bokstav d at for mykje utbetalt støtte kan motreknast i seinare utbetalingar.

Forslag til endring i bustøttelova og endringar i forskrift om bustøtte har vore på høyring. Ingen av merknadene gjeld forslaget om endring i bustøttelova. Høyringsinstansane gav i all hovudsak støtte til forslaget om å endre grunnlaget for utrekning av bustøtte og har elles kome med merknader i samband med vilkår for og gjennomføring av dette forslaget. Merknadene til forslaget om endringar i bustøtteforskrifta blir ikkje kommenterte nærare i proposisjonen.

Det går fram av proposisjonen at det først og fremst er endringa i bustøtteforskrifta som vil få administrative og økonomiske konsekvensar. Endringa i bustøttelova er ei mindre tilpassing og vil i seg sjølv ikkje få nemneverdige administrative eller økonomiske konsekvensar.

Kapittel 5 i proposisjonen inneheld merknader til lovendringsforslaget.