Søk

3. Tilråding frå komiteen

Tilrådinga vert fremja av ein samla komité.

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak til lov

om endringar i yrkestransportlova (gebyr for løyveeksamen og utferding av kompetansebevis)

I

I lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy skal § 31 lyde:
§ 31 Gebyr

Departementet kan fastsetje i forskrift at det skal betalast gebyr for

  • a) utferding av løyvedokument, løyveskilt, eller annan dokumentasjon etter denne lova

  • b) avvikling av løyveeksamen og utferding av kompetansebevis.

II

Lova tek til å gjelde straks.