2. Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Kjell-Idar Juvik, Sverre Myrli, Magne Rommetveit, Eirik Sivertsen
og Karianne O. Tung, frå Høgre, leiaren Nikolai Astrup, Torill Eidsheim,
Nils Aage Jegstad og Helge Orten, frå Framstegspartiet, Tor André
Johnsen, Åse Michaelsen og Morten Stordalen, frå Kristeleg Folkeparti,
Hans Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og
frå Venstre, Abid Q. Raja, merkar seg at framlegget til lovendring
kjem av implementeringa av europaparlaments- og rådsforordning (EF)
nr. 1071/2009 om innføring av felles reglar med omsyn til vilkåra
som må oppfyllast for å utøve yrket som transportør på veg og om
oppheving av rådsdirektiv 96/26/EF (forordninga) fastsett i forskrift
av 26. mars 2003 nr. 401 om yrkestransport innanlands med motorvogn
og fartøy (yrkestransportforskriften) med heimel i lov 21. juni
2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova).
Komiteen registrerer at det
etter forordninga er lagt opp til at dei faglege kompetansekrava
skal dokumenterast gjennom eksamen som Statens vegvesen (SVV) skal
ha ansvaret for. Kostnadene for eksamensordninga skal finansierast
gjennom gebyr som skal krevjast inn frå dei som skal ta slik eksamen.
Det er behov for heimel i yrkestransportlova for ei slik gebyrordning.
Komiteen merkar seg at framlegget
betyr å endre yrkestransportlova § 31 slik at departementet i forskrift
kan fastsetje at det kan krevjast gebyr frå dei som skal ta løyveeksamen
og for utferding av kompetansebevis ved bestått eksamen. Komiteen støttar
dette.
Komiteen merker seg at høyringsfråsegnene støttar
forslaget og at det blir oppmoda til å halde gebyra låge og ikkje
over sjølvkost.