Post
1 Driftsutgifter
Løyvinga dekker staten
sine utgifter knytt til drift av Direktoratet for nødkommunikasjon
(DNK) og staten sine plikter som følgje av utbygging og drift av Nødnett.
Løyvinga knytt til
utbygging av Nødnett blir justert i tråd med realistisk løyving
i fastsett styringsramme (P50). Ein del av styringsramma for 2016 skal
flyttast til 2017. Behov for tilleggskjøp frå brukarane har auka,
noko som har ført til auka utgifter knytt til drift, vedlikehald
og linjeleie. Dette medfører også auke av løyvinga på kap. 3456
post 3 Faste refusjonar. I tillegg har omfanget av utgifter til
etablering av basestasjonar auka, jf. omtale på kap. 3456 post 2
Variable refusjonar.
Samla blir det foreslått
å redusere løyvinga med 18 mill. kroner.