Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kjell-Idar Juvik, Sverre Myrli, Magne Rommetveit, Eirik Sivertsen og Karianne O. Tung, frå Høgre, leiaren Nikolai Astrup, Torill Eidsheim, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen, Åse Michaelsen og Morten Stordalen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid Q. Raja, merkar seg at endring i milestolpar for utbetaling av driftsutgifter, samt auka utgifter til drift, vedlikehald, linjeleige og basestasjonar gir ein samla reduksjon i løyvinga på post 1 Driftsutgifter med 18 mill. kroner.

Komiteen merkar seg vidare at investeringane knytt til å implementere dei frivillige organisasjonane i Nødnett har blitt lågare enn venta på grunn av lågare pris per radioterminal, og at løyvinga på post 45 Større innkjøp og vedlikehald er føreslått redusert med 3,8 mill. kroner.

Komiteen viser til at Direktoratet for nødkommunikasjon krev inn variable og faste refusjonar frå brukarane av Nødnett, og at som følgje av auke i utgiftene og omposteringar blir løyvingane på post 2 Variable refusjonar auka med 45 mill. kroner og løyvingane på post 3 Faste refusjonar auka med 26 mill. kroner.

Komiteen sluttar seg til dei føreslåtte endringane i løyvingane.