Post
1 Driftsutgifter
På bakgrunn av auka
refusjonar frå andre etatar knytt til utvikling av IKT-system blir
det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga på kap. 490, post
1 med 15 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap.
3490, post 5.
I statsbudsjettet
for 2016 er det planlagt for at Noreg kan ta imot 750 asylsøkjarar
gjennom relokaliseringsprogrammet til EU i 2016. Det er gitt ei
løyving på 56 mill. kroner til formålet over kap. 490, post 1. Justis-
og beredskapsdepartementet har inngått avtaler med greske og italienske
myndigheiter og Noreg vil ha 750 plassar tilgjengeleg i 2016. Fordi Hellas
og Italia har inntil to månader på seg til å overføre søkjaren er
det knytt noko uvisse til når personane kjem til Noreg. Regjeringa
har varsla at løyvinga vil bli fordelt på andre kapittel og postar
når opplegget for mottak av asylsøkjarar gjennom ordninga er nærare
fastsett. Det blir i proposisjonen foreslått å omdisponere 11,3
mill. kroner av beløpet frå posten til kap. 440, post 01 til registrering
hos politiet. Utgiftene knytt til mottak og opplæring i norsk og
samfunnsfag blir anslått av Berekningsgruppa for utlendingsforvaltninga.
Utgiftene knytt til relokalisering på disse postane er dermed tatt
høgde for. Når det gjeld utgifter til behandling av saker blir det
antatt at UDI først vil behandle desse sakene i 2017 og difor blir
det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga med 44,8 mill.
kroner knytt til relokalisering.
Samla blir det i
proposisjonen foreslått å redusere løyvinga på posten med 41 mill.
kroner.