1.4 Oppfølginga frå departementet
Statsråden viser
i sitt svarbrev til at det er sett i verk tiltak for å styrkje tryggleiken
i tunnelar. Statens vegvesen er i gang med å oppdatere retningslinjer
og prosesskildringar i kvalitetssystemet sitt. Statsråden opplyser
at departementet vil be Statens vegvesen om ei oversikt over gjennomførte
tiltak og arbeid som ikkje er fullførte ennå, slik at ein kan styrkje
arbeidet med tryggleiksforvaltninga av tunnelar. Vidare viser statsråden
til at ein er i gang med å lage ny mal for beredskapsplanar. Statens
vegvesen skal starte arbeidet med ein rettleiar i å utarbeide beredskapsanalysar.
Saman med annan tryggleiksdokumentasjon vil denne gi eit enda betre
grunnlag for å utarbeide gode beredskapsplanar. Ifølgje statsråden vil
departementet følgje opp arbeidet med å lage ein revidert mal for
beredskapsplanar og arbeidet med ein rettleiar for beredskapsanalysar.
Departementet vil vidare også følgje opp arbeidet til Statens vegvesen
med å oppdatere det faglege rammeverket for tryggleiksforvaltning
av vegtunnelar, medrekna arbeidet med revidering av rettleiaren
for risikoanalysar. Departementet vil også be om ein framdriftsplan som
viser når oppdatert tryggleiksinformasjon kan vere på plass for
dei tunnelane som manglar komplett og oppdatert tryggleiksinformasjon.
Når det gjeld styringsdialogen,
vil departementet be Statens vegvesen vurdere korleis ein kan styrkje styringsdialogen
mellom Vegdirektoratet og regionane for å sikre at regionane utøver
ei god tryggleiksforvaltning av tunnelane i samsvar med krava i
tunneltryggleiksforskrifta.
Samferdselsministeren
opplyser at Statens vegvesen i samarbeid med Direktoratet for samfunnstryggleik
og beredskap har planlagt å følgje opp strategiarbeidet og rapporten
Tiltak for å bedre brannsikkerhet i utsatte vegtunneler med nye
seminar hausten 2016 for dei som skal utarbeide og betre strategiane
for dei enkelte tunnelane som er særleg risikoutsette.
Samferdselsministeren
opplyser vidare at Vegdirektoratet har etablert ei nasjonal arbeidsgruppe
for brannvern og brannvernleiing som del av å utvikle Statens vegvesen
når det gjeld brannvern i vegtunnelar. I dette arbeidet skal ein
sørgje for å utveksle erfaringar og sikre lik praksis, gi støtte
når det blir sett i verk nye regelverk, følgje opp avvik, utvikle
planverk, system og rutinar, og arrangere kurs/seminar. Tiltaka
som er etablerte, samsvarar ifølgje statsråden godt med tilrådingane
frå Riksrevisjonen. Vegdirektoratet vil undersøkje kvifor ein ikkje
held brannøvingar så ofte som krava tilseier, og kva for tiltak
ein må gjere for å sikre at det blir gjennomført øvingar i alle
tunnelar i samsvar med krava i forskriftene. Ifølgje statsråden
vil Vegdirektoratet også drøfte dette med Direktoratet for samfunnstryggleik
og beredskap. Statsråden opplyser vidare at Samferdselsdepartementet
vil be Justisdepartementet om å vurdere behov for eventuelle tiltak
som sikrar at alle lokale brann- og redningsetatar har gode nok
ressursar til å ta del i brannøvingar i det omfanget som er nødvendig
ut frå tunneltryggleiksforskrifta. Departementet vil også be Statens
vegvesen i samarbeid med lokale brann- og redningsetatar om å utarbeide
og bli einige om ein rullerande fireårsplan som sikrar at det blir
gjennomført brannøvingar i samsvar med krava i tunneltryggleiksforskrifta.
Samferdselsministeren
viser òg til at det skjer eit omfattande arbeid med å planleggje
og utføre tiltak i tunnelar i samband med oppgradering etter krav
i tunneltryggleiksforskriftene. Både tekniske krav og krav til tryggleiksdokumentasjon
i samsvar med tunneltryggleiksforskrifta vedlegg II vil kome på
plass i tunnelane som skal oppgraderast.
Samferdselsministeren
viser i avslutninga av brevet sitt til at Statens vegvesen har konkludert
med at det er viktig at trafikantane kjenner til føresetnadene for
sjølvredning i vegtunnelar. Ifølgje statsråden vil departementet
følgje opp Statens vegvesen ved å be om at dei gjer greie for gjennomførte
og planlagde tiltak for å betre føraropplæringa, og ved å be Statens vegvesen
prioritere arbeidet med ulike informasjonstiltak.