vedtak til lov
om
endringar i lov om trudomssamfunn og ymist anna og i lov om tilskott
til livssynssamfunn
(om statstilskott til Den norske kyrkja til
pensjonspremie og eigenkapital)
I
I lov 13. juni 1969 nr. 25 om
trudomssamfunn og ymist anna skal § 19 første leddet tredje og nytt
fjerde punktum lyde:
Løyvingar som kjem som ei følgje av
at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane har falle bort, skal
ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget. Løyvingar til eigenkapital ved skipinga
av rettssubjektet Den norske kyrkja og til den delen av kyrkja sin
pensjonspremie som er knytt til pensjonsrettar som dei tilsette
i Den norske kyrkja har opptent som tenestemenn i staten, skal heller
ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget.
II
I lov 12. juni 1981 nr. 64 om
tilskott til livssynssamfunn skal § 2 andre leddet lyde:
Løyvingar som kjem som ei følgje av
at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane har falle bort,
skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget. Løyvingar til eigenkapital ved skipinga
av rettssubjektet Den norske kyrkja og til den delen av kyrkja sin pensjonspremie
som er knytt til pensjonsrettar som dei tilsette i Den norske kyrkja
har opptent som tenestemenn i staten, skal heller ikkje reknast
med i tilskottsgrunnlaget.
III
Lova gjeld frå
1. januar 2017.