Forslag
1
I
Lov 13. juni 1969
nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna § 19 første leddet tredje
og nytt fjerde og femte punktum skal lyde:
Løyvingar som kjem som ei følgje av
at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane har falle bort, skal
ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget. Løyvingar til eigenkapital ved skipinga
av rettssubjektet Den norske kyrkja skal heller ikkje reknast med
i tilskottsgrunnlaget. Rentefordel av avkastninga av eigenkapitalen
skal inngå i berekningsgrunnlaget.
II
Lov 12. juni 1981
nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn § 2 andre leddet skal lyde:
Løyvingar som kjem som ei følgje av
at tenestebustad- og bupliktordninga for prestane har falle bort,
skal ikkje reknast med i tilskottsgrunnlaget. Løyvingar til eigenkapital ved skipinga
av rettssubjektet Den norske kyrkja skal heller ikkje reknast med i
tilskottsgrunnlaget. Rentefordel av avkastninga av eigenkapitalen
skal inngå i berekningsgrunnlaget.