Samferdselsdepartementet
legg i proposisjonen fram lovendringar som er naudsynte ved gjennomføringa
av Meld. St. 27 (2014–2015) På rett spor – Reform av jernbanesektoren.
Departementet gjer
i proposisjonen framlegg om endringar i jernbanelova som går ut
på å presisere kven som har ansvaret for å ta vare på tryggleiken, stille
opp krav om likeverdige vilkår for konkurranse, styrke lovheimlane
for tilsynsmyndigheiten, verne om dei som varslar om moglege brot
på jernbanelova og for å trygge den nasjonale vernebuinga. Det vert
òg gjort framlegg om endringar i pantelova, tinglysingslova og matrikkellova
for å syte for at dei nye einingane som vert oppretta med jernbanereforma,
får effektive og gode prosessar, særleg knytt til erverv av grunn.
Departementet tek
sikte på at dei framlagde endringane skal gjelde frå 1. januar 2017.
Meldinga skildrar
ei reform av dagens jernbanesektor. Strukturelle hovudtrekk ved
reforma er at Jernbaneverket vil bli omdanna til eit statsføretak som
følgjer statsføretakslova (infrastrukturføretaket) og eit direktorat.
Infrastrukturføretaket skal ha ansvar for operative oppgåver som
drift, vedlikehald og bygging av jernbaneinfrastruktur, trafikkstyring mv.
Direktoratet vil
ha ansvar for strategiske og styrande oppgåver, dvs. langsiktig
planlegging av infrastruktur, bestilling av togtilbod, koordinering
av trafikktilbodet på jernbanen og samordning av tilbodet med annan
kollektivtransport. Vidare vil direktoratet ha eit overordna og
heilskapleg ansvar for tryggleik og vernebuing for jernbanen som
del av eit samla transportsystem.
Reforma legg opp
til meir konkurranse om persontransport med tog. Utføring av fleire
byggje-, drifts- og vedlikehaldsoppgåver skal gradvis utsetjast for
konkurranse.
NSB-eigde Mantena,
som driv vedlikehaldstenester på rullande materiell, vil bli eit
sjølvstendig selskap direkte under Samferdselsdepartementet. Eigedomsselskapet
ROM Eiendom AS vil bli overført til det nye infrastrukturføretaket.
Vidare vil rullande materiell bli overført frå NSB AS og overteke av
eit nyoppretta aksjeselskap underlagd Samferdselsdepartementet.
Dette togmateriellet vil brukast av dei togselskapa som vinn konkurranse
om trafikkpakkane.
Behova for lovendringar
er for det første knytt til den nye organiseringa av Jernbaneverket,
som i dag er ein statleg etat under Samferdselsdepartementet. Dei
langt fleste lovregulerte oppgåvene som Jernbaneverket gjer i dag,
vil bli tatt over av eit statsføretak skilt ut frå staten som eige
rettssubjekt.
Reforma vil føre
til ei organisering av jernbanesektoren som opnar for fleire aktørar,
nemleg fleire persontogselskap og leverandørar. I ein reformert sektor
er det av den grunn eit særskild behov for å gjere tydeleg jernbaneverksemdene
sitt ansvar for å ta vare på tryggleika for sin del av jernbanesystemet.
Konkurranseutsetting
og opprettinga av eit statsføretak med ansvar for den operative
drifta vil kunne svekkje moglegheitene staten har til å løyse dei nasjonale
vernebuingsomsyna gjennom styring av aktørane. For å oppretthalde
den naudsynte graden av vernebuing og samtidig sikre likebehandling
av dei ulike aktørane som driv aktivitet knytt til jernbane, har
Samferdselsdepartementet, i samråd med Forsvarsdepartementet, kome
til at det er naudsynt å innføre ein nasjonal vernebuingsheimel
i jernbanelova.
I kapittel 3 gjer
departementet greie for høyringa som er gjennomført i samband med
den foreslåtte lovendringa.
I kapittel 4 greier
departementet ut om innhaldet i jernbanelova, og korleis lova er
foreslått endra.
I kapittel 5 greier
departementet ut om lovføresegner om erverv av grunn.
I kapittel 7, 8,
9 og 10 gjer departementet greie for korleis den foreslåtte lovendringa
vil påverke plan- og bygningslova, forvaltningslova, offentleglova,
mållova og arkivlova.
I kapittel 11 drøfter
departementet dei økonomiske og administrative konsekvensar av den
foreslåtte lovendringa.
Departementet har
vurdert dei gjeldande lovene i lys av målsetjinga om at reforma
m.a. skal medføre effektiv ressursbruk og ein fornuftig arbeidsdeling mellom
aktørane i sektoren. Fleire av dei nemnde lov- og forskriftsendringane
kjem av eit ønskje om å sikre effektive og rasjonelle prosessar
for infrastrukturselskapet, på lik line med dei prosessane som Jernbaneverket
har i dag. Dersom desse lovendringane blir vedtekne, er det rimeleg
å forvente at dei administrative og økonomiske konsekvensane blir
små. Dette følgjer av at både private partar og offentlege styresmakter
vil vere i stand til å kommunisere og samhandle med infrastrukturføretaket
på liknande vis som det i dag vert gjort med Jernbaneverket. På denne
måten kan dei forventa effektane enkelt bli realisert. Dette gjeld
fyrst og fremst framlegga som er omtala i kapittel 5.
Det er ei tydeleg
uttalt målsetjing at tryggleiken ved jernbanen ikkje bør svekkast
ved gjennomføringa av reforma. Dette gjeld òg den nasjonale samfunnstryggleiken
og vernebuinga. Tilsvarande er det ønskjeleg å leggje til rette
for ein vel fungerande konkurranse på likeverdige og ikkje-diskriminerande vilkår.
Desse målsetjingane er det teke omsyn til i forslaga som er gjennomgått
i kapittel 4.
Vernebuingsoppgåver
og aktivitetar aktørane kan bli pålagde etter den framlagde heimelen
i jernbanelova § 6 b, vil berre i liten grad få økonomiske og administrative
konsekvensar for dei det gjeld. I dag gjer Jernbaneverket mange
av dei oppgåvene som følgjer av den framlagde heimelen. Etter reforma
vil desse oppgåvene fordelast mellom det nye infrastrukturføretaket
og jernbanedirektoratet, og samla sett vil desse aktørane ikkje
bli pålagde nye oppgåver. Departementet legg til grunn at dei etablerte
private aktørane har tilfredsstillande vernebuing i dag, og desse
vil difor ikkje bli pålagde nokon vesentlige byrder av administrativ
eller økonomisk art. Fører eit pålegg til vesentlege kostnader for
dei private aktørane, og kostnadene ikkje vart oppveia av motsvarande
fordelar, skal departementet fastsetje eit rimeleg vederlag. Departementet
legg likevel til grunn at pålegg berre blir nytta i dei tilfella
der det ikkje er mogeleg å nå fram til frivillige ordningar med
dei private aktørane.
Dei andre endringsforslaga
fører med seg minimale konsekvensar for dei aktørane som er gjenstand for
tilsyn, samstundes som tilliten til jernbanen som ei trygg transportform
vert styrka. Vidare vil desse endringane m.a. forenkle gjennomføringa
av tilsyn for Statens jernbanetilsyn og gjere rettstilstanden for dei
som nytter seg av leverandørar, så vel som for leverandørane sjølve,
føreseieleg. Endringane vil truleg òg ha positive verknadar for
korleis jernbanemarknadane fungerer.
Å oppheve føresegnene
som er nemnde i kapittel 4.4–4.6, vil òg kunne gje ein klårare rettstilstand. Dette
har samanheng med innføring av andre føresegner som følgje av gjennomføring
av direktiv 2012/34/EU om eit felles europeisk jernbaneområde. Samla
sett vil desse endringane ha positive effektar for korleis jernbanemarknadane
fungerer, ettersom dei gir eit heilskapleg regelverk for tilgang
til jernbanenett og relaterte tenester, strukturelle krav til sektoren
som m.a. hindrar kryssubsidiering, eit velfungerande marknadsovervakingsorgan
mv.
I kapittel 12 kjem
departementet med særskilde merknader til nokre paragrafar i jernbanelova.