Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår
i proposisjonen, i samråd med Justis- og beredskapsdepartementet,
endringar i nokre av føresegnene i offentleglova som regulerer tilgjengeleggjering
av offentleg informasjon for vidarebruk. EU-direktivet 2013/37/EU
om endring av direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå
offentleg sektor (endringsdirektivet) skal leggje til rette for
vidarebruk av offentleg informasjon i kommersiell og ikkje-kommersiell
verksemd. Norsk lovgiving oppfyller langt på veg krav til reguleringar
som kjem fram i endringsdirektivet, men det må gjerast visse endringar.
Samtidig fremmar departementet ein del andre forslag med det siktemål
å styrkje tilgangen til og bruken av offentleg informasjon. Proposisjonen inneheld
forslag om endringar i reglane om når ein kan krevje betaling for
tilgjengeleggjering av offentleg informasjon, og noko strengare
krav til openheit om grunnlaget for slik betaling. I tillegg foreslår
departementet å innføre krav om at når informasjon blir tilgjengeliggjord
for allmenta, skal dette skje i alle eksisterande format og språkversjonar,
også i maskinleselege format.
Dagens reglar knytte til vidarebruk
er i all hovudsak nedfelte i offentleglova med tilhøyrande forskrift.
Offentleglova gir reglar om openheit og innsynsrett i forvaltninga
og offentleg kontrollerte verksemder og legg med det også til rette
for tilgjengeleggjering og vidarebruk av offentlege data. Det klare utgangspunktet
er at når ein får tilgang til informasjon på bakgrunn av offentleglova
eller anna lov, ligg det føre ein fri rett til vidarebruk til alle
slags føremål.
Åndsverklova (åvl.) og personopplysningslova (popplyl.)
er saman med straffelova dei mest relevante lovene som kan setje
avgrensingar for vidarebruk av offentlege opplysningar. Reglane
om teieplikt, som blant anna finst i forvaltningslova § 13, vil
normalt vere til hinder for utlevering av opplysningar, men kan
òg avgrense moglegheitene til vidarebruk.
Trass i at det finst mange og gode
rapportar om den positive verknaden av vidarebruk på europeisk økonomi,
fann Kommisjonen at det framleis var eit stort uforløyst potensial
på dette området. Ut frå kommisjonens undersøkingar kom dette blant
anna av at næringar og borgarar hadde problem med å finne og bruke
vidare offentleg informasjon. Endringane i vidarebruksdirektivet
søkjer å betre situasjonen for begge partar.
Vidarebruksdirektivet har som formål
å leggje til rette for at mest mogleg offentleg informasjon blir gjord
tilgjengeleg for vidarebruk. Hovudregelen i offentleglova er at
alt innsyn skal vere gratis, noko som også vidarebruksføresegnene
tek utgangspunkt i. Lovforslaget styrkjer dette ytterlegare. Gjeldande
reglar om betaling blir likevel i all hovudsak vidareførte.
Departementet kan derfor ikkje sjå
at forslaget vil medføre særlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
I tillegg konkluderer ei rekkje nasjonale og internasjonale utgreiingar
og rapportar med at tilgjengeleggjering for vidarebruk har eit både økonomisk
og samfunnsøkonomisk potensial.
Forslaga opnar for auka tilrettelegging
for vidarebruk av offentleg informasjon, noko som vil kunne medføre
meirarbeid for dei offentlege verksemdene. Samtidig står unntaket
frå gratisprinsippet ved lag. Dette er meint å vege opp for eventuelt
meirarbeid som verksemdene har med å leggje til rette.