Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Kommunal- og moderniseringsdepartementet fremjar i proposisjonen framlegg til ei mindre endring av reglane om legalpanterett i burettslagslova og eigarseksjonslova. Burettslag og eigarseksjonssameige har legalpanterett for ubetalte krav som spring ut av lagsforholdet og sameigeforholdet. Lovframlegget presiserer rekkjevidda av panteretten. Departementet føreslår å klargjere at panteretten også omfattar krav på felleskostnader som skulle vore betalte etter at det har kome inn krav til myndigheitene om tvangsdekning. I tillegg føreslår departementet å rette to inkuriar, éin i husbanklova og éin i inndelingslova.

Burettslag har legalpanterett for inntil to gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) for krav mot andelseigarar som spring ut av lagsforholdet, og eigarseksjonssameige har legalpanterett for inntil éin gong grunnbeløpet i folketrygda, jf. burettslagslova § 5-20 og eigarseksjonslova § 25. Den 26. november 2015 gjorde Høgsteretts ankeutval eit vedtak som har skapt uvisse om rekkjevidda av legalpanteretten. Vedtaket kan oppfattast slik at felleskostnader som har kome til etter at dekningsaksjonen er sett i verk, ikkje kan dekkjast innanfor grensa på 2G. Vedtaket i ankeutvalet har ført til ei uvisse som departementet meiner det er viktig å fjerne for ikkje å skape tvil om omfanget av legalpanteretten.

Dei løpande driftsutgiftene til eit burettslag er det andelseigarane som dekkjer gjennom dei månadlege felleskostnadene. Felleslånet blir også betent og nedbetalt gjennom felleskostnadene. Dersom naboen ikkje klarer å betale sin del av felleskostnadene, må dei andre andelseigarane dekkje desse utgiftene. I eit eigarseksjonssameige blir dei løpande driftsutgiftene og ei eventuell fellesgjeld dekte av sameigarane gjennom dei månadlege felleskostnadene. Dersom naboen ikkje klarer å betene sin del av felleskostnadene, må dei andre sameigarane dekkje desse utgiftene. Riktig betaling av felleskostnadene til rett tid er difor svært viktig for både burettslaget og sameiget.

Realisering av legalpanteretten til burettslaget eller eigarseksjonssameiget skjer ved at det blir levert inn krav til tingretten om tvangsdekning. Slik tvangsdekning skjer ved tvangssal, der legalpanteretten er gjord til særleg tvangsgrunnlag. Om pantekravet overstig maksimalgrensa, skal avgjerast ut frå kva kravet utgjer når tvangssalet blir bestemt gjennomført. Det er grunnbeløpet som gjeld på tidspunktet for vedtaket om tvangssal, som skal leggjast til grunn.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreslo i høyringsnotat av 19. februar 2016 å endre burettslagslova og eigarseksjonslova slik at det uttrykkjeleg går fram av ordlyden i lova at også krav på felleskostnader som forfell i tida mellom tidspunktet for innsending av kravet om tvangssal og oppgjersdagen, er dekte av legalpanteretten. Departementet strekar i proposisjonen under at dei ikkje ser dette som ei endring av gjeldande rettstilstand, men som ei presisering av korleis føresegna har vore å forstå, og så langt ein kan konstatere, også har vore praktisert av domstolane.

Ingen høyringsinstansar har gått imot framlegget. Oslo byfogdembete meiner at legalpanteretten ikkje bør avgrensast til å gjelde krav som har forfalle før oppgjersdagen.

Departementet føreslår i proposisjonen endringar i burettslagslova § 5-20 første ledd og eigarseksjonslova § 25 første ledd, i tråd med framlegget i høyringsnotatet, men med dei justeringane som er føreslått av Oslo byfogdembete, jf. omtalen under punkt 3.5 i proposisjonen. Departementet er einig med Oslo byfogdembete i at legalpanteretten ikkje bør avgrensast til å gjelde krav som har forfalle før oppgjersdagen. For å gjere dette klart føreslår departementet, i tråd med framlegget frå Oslo byfogdembete, å presisere at panteretten også skal omfatte krav som skulle vore betalte etter at det har kome inn krav til namsmyndigheitene om tvangsdekning.

Departementet går ut frå at framlegga til endringar i burettslagslova og eigarseksjonslova ikkje vil ha vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar for staten. Framlegga vil bidra til å tryggje økonomien i burettslag og sameige, og gjennom det økonomien til andelseigarane og sameigarane.