Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen og Eirin Sund, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir Sigbjørn Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, viser til Prop. 136 S (2015–2016).

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre sluttar seg til proposisjonen.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstrepartiviser til at årets forhandlingar mellom staten v/Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane for tenestemenn, LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat, om ny hovudtariffavtale i staten for perioden 1. mai 2016 til 30. april 2018, blei innleia 12. april 2016. Akademikerne og staten inngjekk avtale 30. april 2016. Forhandlingane med LO Stat, Unio og YS Stat endte med brot 1. mai. Riksmeklaren sitt forslag til ny hovudtariffavtale mellom staten og dei tre hovudsamanslutningane blei 26. mai akseptert av staten. LO Stat, Unio og YS Stat orienterte om at dei tilrådde meklingsresultatet og ville sende det ut til avrøysting. Svarfristen for avrøystinga er sett til 21. juni 2016.

Desse medlemene viser til at både avtalen med Akademikerne og Riksmeklaren sitt forslag til avtale mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat, har ei ramme som inneber ei årslønsauke på 2,4 pst for første avtaleår. Ramma er i tråd med oppgjeret i Industrioverenskomsten mellom Norsk Industri og Fellesforbundet, òg omtalt som frontfaget. Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2016 er for tidsrommet 1. mai–31. desember 2016 rekna ut til 1,912 mrd. kroner.

Desse medlemene merkar seg at det i avtalen med Akademikerne med verknad frå 1. mai 2016 er gitt eit likt prosenttillegg på lønstabellen tilsvarande 0,5 pst. Med verknad frå 1. juli 2016 skal det førast lokale forhandlingar innafor ei økonomisk ramme på 2,3 pst. per dato av lønsmassen. Akademikerne vil gjennom avtalen få eigen lønstabell.

Desse medlemene merkar seg vidare at det i Riksmeklaren sitt forslag til avtale med dei tre andre hovudsamanslutningane med verknad frå 1. mai 2016 er gitt eit likt prosenttillegg på lønstabellen tilsvarande 1,15 pst. Med verknad frå 1. juli 2016 skal det førast lokale forhandlingar innafor ei økonomisk ramme på 1,5 pst. per dato av lønsmassen. LO Stat, Unio og YS Stat vil gjennom Riksmeklaren sitt forslag få ein felles lønstabell som er annleis enn lønstabellen til Akademikerne.

Desse medlemene merkar seg at forhandlingsløysinga mellom Akademikerne og staten, og Riksmeklaren sitt forslag til avtale mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat, har ført til at det for første gong mellom tariffpartane i staten er inngått hovudtariffavtalar med ulikt innhald. Det forhandlingstema som openbert har skapt størst avstand mellom partane, er fyrste fase i regjeringa sitt ønskje om å innføre eit nytt løns- og forhandlingssystem.

Desse medlemene viser til at staten tidlegare har inngått fire likelydande hovudtariffavtalar med hovudsamanslutningane, og same hovudtariffavtale har difor blitt gjort gjeldande for dei uorganiserte. I årets oppgjer har staten inngått to ulikelydande tariffavtalar. Dei sosiale føresegnene er like i begge avtalane, men dei er ulike når det gjeld føresegnene om fordelinga av løn. Desse medlemene viser til at Kommunal- og moderniseringsdepartementet tilrår at tariffavtalane mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat blir gjort gjeldande for dei uorganiserte arbeidstakarane i staten. Bakgrunnen er at desse tariffavtalane dekkjer flest av dei tilsette i staten. Desse medlemene sluttar seg til tilrådinga om at tariffavtalane mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat blir gjort gjeldande for dei uorganiserte arbeidstakarane i staten.

Desse medlemene viser til at fram til årets oppgjer har partane i staten vore samde om å byggje på den inngåtte semja av 1. mai 1991. Då skjedde den førre store endringa av statens løns- og forhandlingssystem. Denne endringa var på førehand grundig utgreidd gjennom NOU 1990:32 Statens lønnskomité av 1988, nedsett ved kongeleg resolusjon. Stortinget var slik på førehand gjort kjent med at hovudtariffpartane skulle greie ut eit nytt lønssystem. Tilrådinga frå lønnskomiteen følgde dessutan den gongen med som særskilt vedlegg til St.prp. nr. 75 (1990–1991) om regulering av lønningene m.v. for offentlige tjenestemenn. I forkant av årets lønsoppgjer for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet føreligg det ikkje noka slik offentleg utgreiing. Årets endringar ber preg av mangel på utgreiing og konsekvensvurdering. Stortinget har ikkje i forkant av lønnsoppgjøret fått noko varsel om at ein stod andsynes ei vesentleg omlegging av løns- og forhandlingssystemet i statleg sektor. Stortinget har heller ikkje i samband med handsaminga av lønsreguleringa i det statlege tariffområdet dei siste to åra gjeve uttrykk for noko ønskje om ei slik omlegging.

Desse medlemene meiner ein slik mangel på ope førearbeid må oppfattast som eit press på Stortinget til å akseptera både premissa som oppgjeret er gjennomført på, og prosessen fram til Stortinget får seg førelagd resultatet av lønsoppgjøret. Desse medlemene vil understreke at denne framgangsmåten er uakseptabel.

Desse medlemene vil visa til at når staten inngjekk ein einsidig tariffavtale med Akademikerne, hadde staten ikkje nokon garanti for at det berre ville bli éin avtale til, ved at dei tre andre hovudsamanslutningane blei samde om éin ny tariffavtale etter bistand frå Riksmeklaren.

Konsekvensane av at det no ligg føre to ulikelydande hovudtariffavtalar vil openbert vera kompliserande for staten å praktisere. To ulikelydande hovudtariffavtalar vil óg innebere eit effektivitetstap for staten, fordi det vil bli stadige gnissingar mellom arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som har ulik fagforeiningstilknyting.

Desse medlemene vil vidare peika på at årets to avtalar står i motsetnad til regjeringa sitt mål om å «forenkle» og «modernisere» løns- og forhandlingssystemet, då årets løysing medfører meir byråkrati. Dette fordi staten framover må handtera to ulikelydande hovudtariffavtalar i virksomhetene og på forhandlingsstadane.

Desse medlemene vil visa til at løn er hovudtema i nesten kvart tariffoppgjer. Hovudsamanslutningane er gjennom tjenestetvistloven gitt ein heilt dominerande posisjon på arbeidstakarsida. Regjeringa Bondevik II understrekte dette då tjenestetvistloven blei endra i 2002. Formålet med lovendringsforslaga då var å: «…opprettholde og styrke hovedsammenslutningenes posisjon i det statlige tarifforhandlingssystemet.» (Ot. prp. nr. 38 (2001–2002), side 4). Ei overføring av betydelege lønsmidlar frå sentralt til lokalplanet inneber det motsette. Med andre ord blir betydelege lønsmidlar overført frå sentrale, samordna lønsoppgjer på hovudsamanslutningsnivå, til desentrale, forbundsvise forhandlingar under fredsplikt.

Desse medlemene meiner Stortinget burde vore førelagt ei utgreiing av konsekvensane for streikeretten når meir og meir av lønsdanninga blir flytta frå sentral- til lokalplanet.

Desse medlemene vil understreke at staten som arbeidsgjevarpart er i ei særstilling fordi tariffoppgjera i staten er ein del av regjeringa sin inntektspolitikk. Gjennom inntektspolitikken har regjeringa eit overordna nasjonalt ansvar for lønsutviklinga og sysselsettinga. Statens lønns- og forhandlingssystem har vore nøytralt, uavhengig av virksomhet og organisasjonstilknyting. Hovudsamanslutningane er både vertikale og horisontale med medlemskonkurranse innanfor grupper. Staten har mellom anna av den grunn fram til no hatt likelydande hovudtariffavtalar.

Etter desse medlemene si meining er det vesentleg at hovudsamanslutningane sin sentrale posisjon ved forhandlingar av generelle løns- og arbeidsvilkår i statleg sektor blir oppretthalde, slik tjenestetvistloven føreset. Desse medlemene meiner regjeringa gjennom si framferd i samband med årets oppgjer har brote med sentrale prinsipp som fram til no har blitt lagt til grunn for eit heilskapleg løns- og forhandlingssystem i staten. Desse medlemene meiner dette er svært uheldig.

Etter desse medlemene sitt syn kan ikkje staten si framferd i år forståast annleis enn at ein gjennomfører eit nytt løns- og forhandlingssystem som inneber større lønsskilnader i samfunnet og meir byråkrati, noko desse medlemene ikkje støttar.

Det er etter desse medlemene si meining ikkje mogleg for Stortinget i dag å vurdera dei langsiktige konsekvensane av ulike avtalar for tilsette i staten som har same utdanning, same stilling og ansvarsområde. Ikkje desto mindre inneber resultatet av årets forhandlingar om ny hovudtariffavtale i staten eit klårt brot med dei prinsipp som desse medlemene held høgt, nemleg lik løn for likt arbeid – óg innan det statlege tariffområdet. Dette prinsippet har Stortinget slått fast i likestillingsloven § 21.

Desse medlemene meiner årets lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet må bli eit unntak, ved at regjeringa ved neste revisjon av hovudtariffavtalen i 2018 gjennomfører lønsoppgjeret i staten slik at resultatet blir likelydande hovudtariffavtalar gjeldande for alle arbeidstakarar i det statlege tariffområdet uavhengig av organisasjonstilknyting. Desse medlemene vil ikkje vera med på ei ferd der tradisjonen med at staten opptrer slik at ein får likelydande tariffavtalar med dei fire hovudsamanslutningane, blir forlatt. Desse medlemene vil ikkje støtte ei slik politisk kursendring i den statlege løns- og arbeidsgivarpolitikken framover.

På denne bakgrunn fremjar desse medlemene følgjande forslag:

«Stortinget bed regjeringa ved neste revisjon av hovudtariffavtalen i 2018 gjennomføre lønsoppgjeret i staten slik at resultatet blir fire likelydande hovudtarifavtalar, slik at det blir éin hovudtariffavtale gjeldande for alle arbeidstakarar i det statlege tariffområdet uavhengig av organisasjonstilknyting.»

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at staten har lagt til grunn at lønnsrammen for oppgjøret i det statlige tariffområdet skal forhandles med de sentrale partene, for å sikre en ansvarlig lønnsutvikling i tråd med frontfagsmodellen. Dette innebærer at det fortsatt er streikerett. Disse medlemmer understreker at hovedtariffavtalene for 2016–2018 i all hovedsak er likelydende, men med en ulik andel av lønnsmidlene til lokal fordeling.

Disse medlemmer viser til Prop. 1 S (2015–2016) der det fremgår at staten ønsker større grad av lokal handlefrihet i lønnsdannelsen i de statlige virksomhetene og en videreutvikling av lønns- og forhandlingssystemet. Alle hovedsammenslutningene har deltatt i et samarbeid om en slik videreutvikling over lang tid. Disse medlemmer mener det er viktig at lokale arbeidsgivere og tillitsvalgte kan samarbeide om å rekruttere, utvikle og beholde gode medarbeidere i tråd med virksomhetenes ulike behov. De lokale partene kan benytte flere forskjellige virkemidler for å oppnå dette. Disse medlemmer har tillit til at de lokale partene også vil sikre en god lønnsfordeling og likelønn for kvinner og menn.

Før forhandlingene om årets tariffoppgjør startet, varslet staten partene om at man primært ønsket likelydende avtaler, men at det også var mulig å inngå ulike avtaler. Disse medlemmer konstaterer at arbeidstakerorganisasjonen Akademikerne Stat takket ja til statens tilbud om at 2,3 pst av lønnsmassen pr. dato skal fordeles lokalt, mens de øvrige organisasjonene har inngått en avtale som gir om lag 1,5 pst. avsetning til lokal fordeling.

Slik disse medlemmer ser det, er muligheten for ulikelydende avtaler en konsekvens av avtalefriheten mellom partene i arbeidslivet. Disse medlemmer viser til at det er ulikelydende avtaler i Spekter-området, i kommunal sektor og i privat sektor. Staten har ved enkelte anledninger også tidligere inngått egne tariffavtaler med grupper av ansatte avhengig av fagforeningstilknytning. Det vises eksempelvis til romertallsvedtak I og II i St.prp. nr. 74 (1999–2000) Om lønnsregulering for arbeidstakere i det statlige tariffområdet 2000 m.v., jf. Innst. S. nr. 217. Ved den anledning ble det inngått en tariffavtale for medlemmer i LO Stat, Akademikernes Fellesorganisasjon, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund Stat, Akademikerne og Norsk Lærerlag. I tillegg ble det inngått tariffavtaler for medlemmer i Politiets Fellesforbund, Norges Ingeniørorganisasjon og Norges Farmaceutiske forening. Videre har staten i flere år vært part i ulike overenskomster i tillegg til Hovedtariffavtalen, slik som Verkstedsoverenskomsten i Forsvaret, Overenskomst om mønstret sjøpersonell i Kartverket m.fl.

Disse medlemmer viser til at alle partene er enige om å fortsette arbeidet om en videreutvikling av lønns- og forhandlingssystemet i staten, noe disse medlemmer støtter.