Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg i proposisjonen fram saker om lønsregulering frå 1. mai 2016 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv. og om endringar i statsbudsjettet for 2016.

Forhandlingane mellom staten v/Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane for tenestemenn, LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat, om ny hovudtariffavtale i staten for perioden 1. mai 2016 til 30. april 2018, blei innleia 12. april 2016.

Forhandlingane med Akademikerne heldt fram til 30. april 2016 då Akademikerne aksepterte kravet/tilbodet frå staten.

Forhandlingane med LO Stat, Unio og YS Stat heldt fram til 1. mai da det blei konstatert brot i forhandlingane. Riksmeklaren blei varsla om brotet same dag i samsvar med tenestetvistlova § 14.

Meklinga blei opna i møte hos Riksmeklaren 4. mai og heldt fram i møte til 26. mai der Riksmeklaren la fram forslag til ny hovudtariffavtale mellom staten og dei tre hovudsamanslutningane. Riksmeklaren sitt forslag blei same dagen akseptert av staten. LO Stat, Unio og YS Stat orienterte om at dei tilrådde meklingsresultatet og ville sende det ut til avrøysting. Svarfristen for avrøystinga er sett til 21. juni 2016.

Både avtala med Akademikerne og Riksmeklaren sitt forslag har ei ramme som inneber ei årsløns-auke på 2,4 pst. for første avtaleår. Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2016, er for tidsrommet 1. mai–31. desember 2016 rekna ut til 1,912 mrd. kroner.

Til saman i avtala med Akademikerne og i Riksmeklaren sitt forslag blir det avsett 35 mill. kroner til kompetanseutvikling, ordninga med dei tilsette sin rett til å vera med på avgjerder i verksemda, og omstillingsarbeid for heile tariffperioden.

Med heimel i hovudtariffavtalen avgjer staten etter drøftingar med hovudsamanslutningane kor lokale forhandlingar i departementsområda skal førast. Forhandlingsstadene for tariffperioden 2016–2018 blir drøfta og fastsett med verknad frå 1. mai 2016. Forhandlingsstadene er dei same både i vedlegget til avtala med Akademikerne og i vedlegget til forslaget frå Riksmeklaren.

Med verknad frå 1. mai 2016 er det gitt eit likt prosenttillegg på lønstabellen tilsvarande 0,5 pst. Med verknad frå 1. juli 2016 skal det førast lokale forhandlingar innafor ei økonomisk ramme på 2,3 pst. per dato av lønsmassen. Akademikerne vil gjennom avtala få eigen lønstabell.

Med verknad frå 1. mai 2016 er det gitt eit likt prosenttillegg på lønstabellen tilsvarande 1,15 pst. Med verknad frå 1. juli 2016 skal det førast lokale forhandlingar innafor ei økonomisk ramme på 1,5 pst. per dato av lønsmassen. LO Stat, Unio og YS Stat vil gjennom Riksmeklaren sitt forslag få ein felles lønstabell som er annleis enn lønstabellen til Akademikerne.

Løns- og arbeidsvilkår elles i hovudtariffavtala blir i hovudsak vidareført, og fellesføresegn og sosiale føresegn er like i avtala med Akademikerne og i Riksmeklaren sitt forslag.

For staten har det vore viktig å kome i gang med arbeidet med å modernisere løns- og forhandlingssystemet i oppgjeret i år, og det er lagt stor vekt på å kome fram til løysingar som gjer hovudtariffavtala meir fleksibel og gir dei lokale partane større handlefridom.

Det er både i avtala med Akademikerne og i Riksmeklaren sitt forslag fastsett kvart sitt mandat for å vidareutvikle løns- og forhandlingssystemet fram mot mellomoppgjeret 2017. Det er ikkje store skilnader mellom dei to mandata, men i avtala med Akademikerne er lokal lønsfordeling gitt noko større merksemd, mens det i mandatet i Riksmeklaren sitt forslag òg er merksemd om sentral fordeling av den disponible økonomiske ramma.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber om fullmakt til å gjere avtalene gjeldande for arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett, og som difor ikkje direkte blir omfatta av dei avtaler som er inngått.

Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2016 er for tidsrommet 1. mai–31. desember 2016 rekna ut til 1,912 mrd. kroner.

Overslaget omfattar alle tilsette som går inn under hovudtariffavtalane i staten. Meirutgifter som følgje av auka satsar for overtid og arbeidsgivaravgift er medrekna.

Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og forvaltningsbedrifter blir dekte innafor budsjetta til verksemdene.

Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt fastsett i kontrakt, må sjølve dekke meirutgifta av lønsregulering innafor eksisterande budsjett.

Det går fram av proposisjonen at etter fråtrekk av det ovanfor nemnde er meirutgiftene rekna til 1,434 mrd. kroner. Etter vanleg praksis blir slike meirutgifter dekte ved at det blir ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, som Finansdepartementet får fullmakt til å fordele.

Det går fram av proposisjonen at det for perioden 1. mai 2016–30. april 2018 blir avsett til saman 2 mill. kroner til kompetanseutvikling. Avsettinga skal i hovudsak gå til felles tiltak i regi av dei sentrale partane. Det blir i proposisjonen foreslått løyvd 1 mill. kroner av avsettinga i 2016. Dei resterande 1 mill. kroner vil bli foreslått løyvd på statsbudsjettet for 2017. Det blir foreslått at stikkordet «kan nyttast under» blir lagt til kap. 0502 post 21 og post 70.

Det går fram av proposisjonen at det for perioden 1. mai 2016–30. april 2018 blir avsett til saman 33 mill. kroner til kompetanseutvikling. Avsettinga skal i hovudsak gå til å styrke verksemdene si kompetanseutvikling. Det blir i proposisjonen foreslått løyvd 16,5 mill. kroner av avsettinga i 2016. Dei resterande 16,5 mill. kroner vil bli foreslått løyvd på statsbudsjettet for 2017. Det blir foreslått at stikkordet «kan nyttast under» blir lagt til i kap. 0502 post 21 og post 70.

I proposisjonen blir det foreslått at tilskotet blir auka med om lag 6,6 mill. kroner. Bidraget frå arbeidstakarane vert auka med 100 kroner til 400 kroner.

Det går fram av proposisjonen at det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil bli redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet 2016 til hausten.