Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Grunnlovsforslag fra Per Olaf Lundteigen, Lars Peder Brekk, Dag Ole Teigen, Hallgeir H. Langeland, Per-Kristian Foss, Martin Kolberg, Marit Nybakk, Jette F. Christensen, Anders Anundsen, Geir Jørgen Bekkevold, Trine Skei Grande og Jenny Klinge om ny § 33 i Grunnlova (grunnlovfesting av Noregs Bank)

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Ovannemnde grunnlovsforslag som er fremma av Per Olaf Lundteigen, Lars Peder Brekk, Dag Ole Teigen, Hallgeir H. Langeland, Per-Kristian Foss, Martin Kolberg, Marit Nybakk, Jette F. Christensen, Anders Anundsen, Geir Jørgen Bekkevold, Trine Skei Grande og Jenny Klinge gjeld grunnlovfesting av Noregs Bank.

Forslagsstillarane viser til at Noregs Bank vart skipa i 1816 og er ein av dei eldste sentralbankane i verda. Alt i november 1814 vart banken skriven inn i Grunnlova: Paragraf 110 slo då fast at «Norge beholder sin egen Bank og sit eget Penge- og Myntvæsen». Med denne føresegna skulle Noreg sikrast eit sjølvstendig pengestell òg under personalunionen med Sverige. Ordlyden i § 110 låg fast heilt fram til 1911. Då vart paragrafen nytta til grunnlovfesting av Statens Reservefond. I Sverige har dei på si side den eldste sentralbanken i verda (frå 1668), og Sveriges Riksbank har vore grunnlovfest – omtala i Regeringsformen – i fleire hundre år. Den finske grunnlova (vedteken i 1999) inneheld òg føresegner om Finlands Bank.

Forslagsstillarane meiner at den norske grunnlova – som før 1911 – bør nemna Noregs Bank og såleis stadfesta at vi har ein sentralbank i landet. Dette grunnlovsframlegget byggjer på ei statsrettsleg og historisk utgreiing om grunnlovfesting av Noregs Bank som Finansdepartementet gjorde opptak til i 2011. Arbeidet vart gjort av professorane Eivind Smith (jus) og Aanund Hylland (samfunnsøkonomi og avgjerdsteori) ved Universitetet i Oslo og levert den 22. desember 2011. Utgreiingane fylgjer som vedlegg til grunnlovsframlegget.

Dei to siste hundreåra har det vorte skipa sentralbankar i alle sjølvstendige statar. I nyare tid har òg Den europeiske sentralbanken kome til og vorte traktatfest. Både nasjonalt og overnasjonalt er desse særmerkte institusjonar: Dei har einerett på preging av mynt og utferding av setlar, dei er långjevarar i siste instans, og den siste internasjonale finanskrisa har vist tydeleg den avgjerande rolla sentralbankar har i det økonomiske samfunnslivet.

I Noreg er sentralbanken lovregulert i sentralbanklova, som går attende til 1816. Ho vart mykje revidert i 1892 og seinast i 1985. Etter den nogjeldande føremålsparagrafen (§ 1) skal Noregs Bank «være et utøvende og rådgivende organ for penge-, kreditt- og valutapolitikken. Den skal utstede pengesedler og mynter, fremme et effektivt betalingssystem innenlands og overfor utlandet og overvåke penge-, kreditt- og valutamarkedene.»

Forslagsstillarane viser til at oppgåvene til sentralbanken har skift gjennom tidene. Det same gjeld tilhøvet mellom Noregs Bank og styresmaktene. Slik vil det alltid vera; vi tek ikkje til ords for å grunnlovfesta sjølve den gjeldande modellen. Men det er på høg tid å gjera banken meir synleg som sentral statsinstitusjon i det norske konstitusjonelle demokratiet.

Ein konstitusjon skal gje føresegner om opphavet til statsmakta, om utdeling av makta og om korleis ho skal kontrollerast. Såleis skal ei grunnlov skipa og regulera hovudfunksjonen til ulike statsmakter, fyrst og fremst den lovgjevande, iverksetjande og dømande makta. Men ei grunnlov bør òg syna fram og regulera sentrale trekk ved styringssystemet. Innskrivinga av parlamentarismen (§ 15) og regjeringa si opplysningsplikt overfor Stortinget (§ 82) i Grunnlova i 2007 er døme på grunnlovsendringar med dette føremålet. Forslagsstillarane meiner difor at det å skriva Noregs Bank inn i Grunnlova er i godt samsvar med den jamne, men varsame revideringa av Grunnlova dei siste åra. Det er verdt å nemna at Grunnlova vår allereie inneheld føresegner om andre viktige institusjonar, som Riksrevisjonen og Sivilombodsmannen. I andre land er lista over grunnlovfeste institusjonar lang.

Forslagsstillarane gjer framlegg om at Noregs Bank atter vert grunnlovfest i samhøve med både den norske konstitusjonelle soga og den særmerkte og sentrale plassen banken har i statsapparatet. Framlegget er ikkje meint å avskjera høvet til politisk styring av målet for verksemda til banken eller dei rammene Noregs Bank elles skal arbeida innanfor: Det tek ikkje sikte på å endra funksjonen eller rolla til Noregs Bank. Meininga med ei stutt og stadfestande grunnlovfesting er å tydeleggjera at banken er ein hjørnestein i den norske statsskipnaden. Ei grunnlovfesting vil òg kunna medverka til å auka bankens relative status og gje trygd for Noregs Banks truverde som ein demokratisk lovregulert, uavhengig institusjon både i Noreg og andsynes utlandet. Det skal nemnast at grunnlovsframlegget – ifylgje utgreiinga til professor Eivind Smith – er nøytralt med tanke på norsk medlemskap i Den europeiske unionen (medrekna den økonomiske og monetære unionen). Det same gjeld for andre former for internasjonalt valuta-samarbeid.

Grunnlovsparagrafane 76 og 112 gjer klårt at både regjeringa og kvar tingmann har rett til å setja fram grunnlovsframlegg. Etter 1905 har ulike regjeringar fremja fleire enn femti stortingsproposisjonar om grunnlovsendringar. Dei fleste vart lagde fram før den andre verdskrigen. Etter 1945 har norske regjeringar gjort framlegg om å endra Grunnlova berre fire gonger. Såleis har det vorte politisk sedvane at grunnlovsendringar er noko Stortinget steller med. Grunnlovsframlegget er i samsvar med denne skikken.

Forslagsstillarane viser til at dei grundige utgreiingane til Eivind Smith og Aanund Hylland ikkje er eit førearbeid i vanleg tyding, men dei utgjer likevel eit vitskapleg grunnlag for framlegget. I utgreiinga si vurderer professor Smith kvar ei ny føresegn bør stå, og korleis ho bør lyda. Om det fyrste skriv han mellom anna at

«[e]n eventuell grunnlovsfesting kan tenkes strukturert i samsvar med det etablerte mønster for arbeidsdelingen mellom lovgivende og utøvende makt. Dette kunne tilsi en bestemmelse om institusjonens eksistens på et passende sted i grunnloven del B (om den utøvende makt). Der er § 33 i dag ledig. Paragrafens plassering umiddelbart etter bestemmelsene om statsrådsbehandling, men foran bestemmelsene av dynastisk karakter, kan være passende også i et systematisk perspektiv.»

Sjølve ordlyden bør etter forslagsstillarane sitt skjøn vera minimalistisk. Det er nok å slå fast at Noregs Bank er sentralbanken i landet.

Forslagsstillarane viser til at det ville vera symbolsk svært høveleg om forslaget vart handsama og avgjort i samband med 200-årsjubileet for Noregs Bank i 2016. Forslagsstillarane meiner dessutan at kontroll- og konstitusjonskomiteen i arbeidet med tilrådinga si bør invitera både hovudstyret og representantskapet i Noregs Bank til å koma med sine vurderingar av framlegget.

Forslagsstillarane fremmar følgjande forslag:

«Alternativ B (bokmål og nynorsk):

§ 33

Norges Bank er landets sentralbank.

§ 33

Noregs Bank er sentralbanken i landet.»

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jette F. Christensen, Gunvor Eldegard og lederen Martin Kolberg, fra Høyre, Erik Skutle og Michael Tetzschner, fra Fremskrittspartiet, Tom E. B. Holthe og Helge Thorheim, fra Kristelig Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Venstre, Abid Q. Raja, fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, og fra Miljøpartiet De Grønne, Rasmus Hansson, viser til at Norges Bank er en av de eldste sentralbankene i verden. Banken ble stiftet i 1816, og har i år 200-årsjubileum. Alle land har en eller annen form for en sentralbank, som i de aller fleste tilfeller er grunnlovfestet.

At Norge skulle ha en egen sentralbank var klart allerede ved vedtakelsen av Grunnloven i 1814. I novembertillegget slo § 110 fast at

«Norge beholder sin egen Bank og sit eget Penge- og Myntvæsen.»

Dette sikret Norge et selvstendig pengevesen under unionen med Sverige.

Komiteen viser til at grunnlovfestingen av Norges Bank ble tatt ut i 1911 da paragrafen i stedet ble brukt til grunnlovfesting av Statens Reservefond.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Venstre, viser til at flere av de øvrige overordnede samfunnsinstitusjonene i Norge er grunnlovfestet, og det er etter flertallets vurdering naturlig at også Norges Bank som en av de viktige samfunnsinstitusjonene blir omtalt i Grunnloven.

Flertallet viser til at Norges Bank er nærmere regulert i sentralbankloven og at grunnlovfestingen derfor ikke får noen konsekvenser for funksjonen eller rollen til Norges Bank som Norges sentralbank. Denne forblir uendret.

Det tilrås på denne bakgrunn at forslaget til en ny § 33 bifalles, slik at bestemmelsen på bokmål og nynorsk lyder:

Ǥ 33

Norges Bank er landets sentralbank.

Noregs Bank er sentralbanken i landet.»

Komiteens medlem fra Venstre viser til flertallets merknad over hvor det helt riktig påpekes at en grunnlovfesting av Norges Bank ikke får noen konsekvenser for funksjonen eller rollen til Norges Bank som sentralbank. Dette medlem er imot å ta inn selvfølgeligheter og tillegg som ikke har noen reell betydning i Grunnloven. Dette medlem tilrår på denne bakgrunn at forslaget til ny § 33 ikke bifalles.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Dokument 12:29 (2011–2012) – Grunnlovsforslag fra Per Olaf Lundteigen, Lars Peder Brekk, Dag Ole Teigen, Hallgeir H. Langeland, Per-Kristian Foss, Martin Kolberg, Marit Nybakk, Jette F. Christensen, Anders Anundsen, Geir Jørgen Bekkevold, Trine Skei Grande og Jenny Klinge om ny § 33 i Grunnlova (grunnlovfesting av Noregs Bank) – bifalles.

Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 10. mai 2016

Martin Kolberg

Helge Thorheim

leder

ordfører