Eg viser til brev 15. desember 2015 frå næringskomiteen
der ein ber om ei vurdering frå Landbruks- og matdepartementet av representantforslaget.
Det blir fremja to forslag:
1. Stortinget ber regjeringen
planlegge for en gradvis utfasing av kyllingrasen Ross 308 og sikre
god tilgjengelighet til avlsmaterialer fra sunnere og mer saktevoksende
raser.
2. Stortinget ber regjeringen gjennomgå
krav til dyretetthet og miljøberikelse for slaktekylling for å sikre
at dyrevelferdslovens krav til dyrs levemiljø er ivaretatt, og for
å imøtekomme forbrukernes forventninger til god dyrevelferd.
Eg vil her gjere greie for mi vurdering av dei
to forslaga:
Det er som representanten viser til, Ross 308 som
er den mest vanlege kyllingvarianten (hybriden) i norsk slaktekyllingproduksjon.
Denne varianten blei introdusert i 2004/2005 og har eit særleg stort
vekstpotensial. For vellukka produksjon av Ross 308 er det òg nødvendig med
godt miljø og driftsopplegg, samt god kompetanse hos produsenten.
Kyllingvarianten blir marknadsført via Aviagen, og
er den mest brukte både i Europa og i USA. Norske fjørfeprodusentar
utgjer ein for liten del av marknaden til å kunne utøva avgjerande
innverknad på avlsarbeidet ved dei internasjonale avlsselskapa.
Både næringa og eg er likevel opptekne av god dyrevelferd i slaktekyllingproduksjonen.
Den norske fjørfenæringa søker å påverke fjørfeavlen
i ein etisk forsvarleg retning og har mellom anna laga eigne handlingsplaner
for den norske fjørfenæringa www.animalia.no/handlingsplan-fjorfe).
Den norske næringa arbeider også saman med dei andre nordiske landa
for å få ein avl som legg vekt på friske og robuste dyr. Dette arbeidet
har dei seinare åra gitt resultat.
Det blir gitt driftsstøtte til Norsk Fjørfelag
over jordbruksavtalen for å styrke det nordiske samarbeidet og påverke
avlsarbeidet i dei internasjonale avlsselskapa i retning betre dyrevelferd. Landbruks-
og matdepartementet var i april 2013 i møte med den internasjonale
leverandøren av besteforeldredyr til slaktekyllingproduksjon, etter
initiativ frå Nortura. Rådet for dyreetikk, Mattilsynet, Veterinærinstituttet,
Universitet for Miljø- og biovitenskap og Norsk fjørfelag var også
med på møtet. Føremålet med møtet var at dei norske aktørane skulle
klargjere kva dei ventar av Aviagen sitt avlsarbeid, og at Aviagen
skulle gjere greie for sitt arbeid. I utgreiinga frå Aviagen blei
det orientert om at dei legg vekt på god dyrehelse (som grunnlag
for god dyrevelferd) i sitt avlsarbeid.
Eg ser det ikkje som aktuelt å forby bruk av
Ross 308 i norsk kyllingproduksjon, og eg legg til grunn at produsentane
vil nytte dei kyllingvariantane som etter ei samla vurdering er
best eigna. Det er tilgang på andre kyllingvariantar som veks seinare.
Ein slik variant blir nytta både i økologisk kyllingproduksjon og
av enkelte produsentar som har lengre fôringstid og andre særpreg
i sin produksjon.
Når det gjeld dyrevelferd for slaktekylling,
vil eg vise til at det blei gjort vesentlege forbetringar på dette
området både 2013 og 2014. Gjennom forskriftsendringar er det innført
skjerpa krav til dyrevelferd. Tilsyn med slaktekyllingproduksjon
er også ei prioritert oppgåve for Mattilsynet.
Dei nye reglane inneber mellom anna ekstra krav til
ventilasjon og varme i kyllinghus, innføring av eit program for
dyrevelferd i næringa og krav om kurs i dyrevelferd for produsentane.
Viktige element i det bransjestyrte programmet for dyrevelferd er
mellom anna krav om veterinæravtale for overvaking av helse i besetningane,
krav om KSL-revisjon og krav til avviksbehandling og eventuelt utestenging
av produsentar frå programmet.
Forskriftsendringane har som føremål å betre velferda
for slaktekyllingar. Innføringa av dyrevelferdsprogrammet ga nye
verktøy for å løyse viktige utfordringar, så som betre kvalitet på
strøet og auka kompetanse på styring av miljø i fjørfehusa. Besetningar
med utilfredsstillande velferd fekk sterke insentiv og samstundes
hjelp til å forbetre drifta. Det blei innført auka kontroll og veterinærtilsyn
i alle besetningar som er tilknytt programmet.
Den allmenne grensa for kor mange kilo dyr ein kan
ha pr. kvadratmeter (tettleik), blei sett ned frå tidligare 34 kg
dyr pr. m2 til 25 kg dyr pr. m2. Samstundes blei det mogleg å drive med
høgare grense for dei beste produsentane. Føresetnaden for å drive
med høgare grense enn 25 kg dyr pr. m2 er
at dyreeigar er med i det bransjestyrte programmet for dyrevelferd.
Dei beste produsentane kan i dag produsera med ei
maksimalgrense på 36 kg dyr pr. m2.
Grensa for maksimal tettleik blir tilpassa driftsmiljøet
hos den enkelte produsent. Berre dei produsentane som har høg velferdsstandard, kan
produsere opp til maksimalgrensa. Produsentar med dårlig dyrevelferd
må redusere tettleiken og dermed også talet på dyr. Dette gir eit sterkt
økonomisk insitament til å driva med høg dyrevelferd.
Velferdskrava i slaktekyllingproduksjon blei
ytterlegare stramma inn med forskriftsendring i 2014. Dei nye konsesjonsgrensene
har ikkje hatt innverknad på krava til tettleik.
Eg meiner at innføringa av vesentlege forbetringar
i krava til slaktekyllingproduksjonen i 2013 og 2014 har gjort sitt
til at vi i Noreg har ein økonomisk berekraftig produksjon som er
tufta på forsvarleg dyrevelferd.
Ettersom krava til tettleik og levemiljø for
slaktekylling nyleg er gjennomgått og endra, ser eg det for tida
ikkje som naudsynt med ein ny gjennomgang på dette området. Mattilsynet
vil vidareføre stor merksemd på slaktekyllingproduksjonen i sitt
tilsyn.