Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

Landbruks- og matdepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i løyvingar under enkelte kapittel og postar i statsbudsjettet for 2015.

For å sikre realistisk budsjettering på kap. 4115, post 2 Meirinntektsfullmakt, jf. posten, blir det gjort framlegg om å auke kap. 4115 post 2 med 4 mill. kroner mot tilsvarande auke av kap. 1115 post 1.

For å sikre realistisk budsjettering blir det gjort framlegg om å auke posten med 4 mill. kroner, med tilsvarande auke av kap. 1115 post 1.

Norsk institutt for bioøkonomi har fått i oppdrag å greie ut og gi ny kunnskap om korleis rovviltbestandane har påverka utviklinga i landbruket. For å dekkje kostnadene ved arbeidet blir det gjort framlegg om å styrkje posten med 1 mill. kroner som blir overført frå kap. 1137 post 50.

Behovet for midlar på posten har i 2015 vore noko mindre enn anteke. Det blir difor gjort framlegg om å omdisponere 1,1 mill. kroner til ei styrking av skogplanteforedling under kap. 1149 post 73.

Oppgåver knytte til kompetansesenter for skogbruksplanlegging blei tidleg i 2015 flytta frå Norsk institutt for skog og landskap til Landbruksdirektoratet. Det blir gjort framlegg om å redusere kap. 1141 post 52 med 1,5 mill. kroner, mot tilsvarande auke på kap. 1142 post 1.

Departementet gjer framlegg om å auke kap. 1142 post 1 med 4,6 mill. kroner for å korrigere for feil mva.-uttrekk.

Landbruksdirektoratet overtok tidleg i 2015 oppgåver knytte til kompetansesenter for skogbruksplanlegging som tidlegare låg ved Norsk institutt for skog og landskap. Det vert gjort framlegg om å redusere kap. 1141 post 52 med 1,5 mill. kroner, mot tilsvarande auke på kap. 1142 post 1.

For å dekkje inn auka utgifter knytte til omstilling og utvikling av Fylkesmannen som regional reindriftsmyndigheit gjer departementet framlegg om å omdisponere 1,9 mill. kroner frå kap. 1142 post 80 til kap. 1142 post 1.

Totalt blir det gjort framlegg om ein auke på post 1 tilsvarande 8 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om at løyvinga over kap. 1142 post 45 blir redusert med 0,6 mill. kroner grunna justering av meirverdiavgift.

Departementet legg opp til at posten også kan nyttast til kjøp av utstyr i samanheng med flytting av lokale for Landbruksdirektoratet si avdeling i Alta.

Det blir gjort framlegg om at posten blir auka med 10 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak større utbetalingar til lovbestemde erstatningar, spesielt knytta til påvisingar av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) i svinebuskapar.

I tråd med omtalen under kap. 1142 post 1 blir det gjort framlegg om at kap. 1142 post 80 blir redusert med 1,9 mill. kroner.

På bakgrunn av oppdaterte prognosar for utbetalingar i 2015 og tilsegn som ikkje er innfridde per 31. desember 2015, gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga på posten med 15 mill. kroner, og å auke tilsegnsfullmakta med 19,5 mill. kroner til 101 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om å styrkje posten ved flytting av 1,1 mill. kroner frå kap. 1138 post 71.

2014 var eit bra år for jordbruket med mindre klimarelaterte avlingsskadar enn i eit normalår.

Departementet gjer framlegg om å redusere posten med 14 mill. kroner til 35,1 mill. kroner.

Basert på gjeldande prognosar ligg det an til eit overforbruk på posten tilsvarande 72,6 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei auka løyving på posten med 72,6 mill. kroner til 2 623,3 mill. kroner.

Departementet har inngått husleigeavtale med Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS (Veso). Samla vil dette gi ei inntekt på 1,3 mill. kroner i 2015, som det blir gjort framlegg om at blir budsjettert på kap. 4100 ny post 30.

Revidert anslag for prognosen på posten er 150,9 mill. kroner. Dette er 11 mill. kroner lågare enn saldert budsjett. Forventa mindreinntekt skuldast seinare innføring enn venta ved framlegg i statsbudsjettet for 2015 av nytt/endra regelverk for gebyr innan områda forsøksdyr og plantevernmiddel.

Det blir difor gjort framlegg om å redusere kap. 4115 post 1 med 11 mill. kroner.

Marknadsprisane i verda på protein og feitt er venta å halde seg så høge at det blir heilt ubetydelege prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer i 2015.

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på posten med 29,965 mill. kroner til 35 000 kroner.

Departementet forventar at Statskog SF betalar eit avdrag på 34 mill. kroner i 2015, og gjer framlegg om å auke kap. 4162 post 90 med 24 mill. kroner.

Grunna høgare utbytte enn budsjettert, blir det gjort framlegg om ein auke på posten tilsvarande 28,2 mill. kroner.

Totalt blir løyvinga på posten 33,2 mill. kroner i 2015.