Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2015 under Landbruks- og matdepartementet

Dette dokument

  • Innst. 85 S (2015–2016)
  • Kildedok: Prop. 26 S (2015–2016), kap. 1137
  • Dato: 01.12.2015
  • Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetall: 2
  • PDF

Innhold

Til Stortinget

Regjeringa v/Landbruks- og matdepartementet gjer i proposisjonen framlegg til endra løyvingar under einskilde kapittel, mellom anna kap. 1136 og kap. 1137, i statsbudsjettet for 2015.

Norsk institutt for bioøkonomi er gjeve oppdraget å greie ut og gi ny kunnskap om korleis rovvilt-bestandane har påverka utviklinga i landbruket. For å dekkje kostnadene ved dette arbeidet vert det gjort framlegg om å overføre 1 mill. kroner frå løyvinga til forskingsaktivitet under kap. 1137 post 50 til kapitlet for kunnskapsutvikling m.m., kap. 1136 post 50 Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk institutt for bioøkonomi.

Kap. 1137 post 50 vert etter dette redusert med 1 mill. kroner for 2015.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Christian Tynning Bjørnø, leiaren Trond Giske, Martin Henriksen, Tone Merete Sønsterud og Marianne Aasen, frå Høgre, Henrik Asheim, Norunn Tveiten Benestad, Kent Gudmundsen og Kristin Vinje, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad og Bente Thorsen, frå Kristeleg Folkeparti, Anders Tyvand, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Venstre, Iselin Nybø, og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, har ikkje merknader og sluttar seg til proposisjonen.

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2015 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1137

Forsking og innovasjon

50

Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd, blir redusert med

1 000 000

frå kr 258 662 000 til kr 257 662 000

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 1. desember 2015

Trond Giske

Anne Tingelstad Wøien

leiar

ordførar