I Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 er det lagt til grunn ei trinnvis utbygging og utbetring av E6 på Helgeland. Utbygginga er føresett delfinansiert med bompengar. Prosjektet er ei samla utbyggingspakke som var føresett gjennomført i tre delar: E6 Helgeland nord, Helgeland sør og Brattåsen–Lien. Stortinget slutta seg til utbyggings- og finansieringsopplegg for første utbyggingsetappe gjennom handsaminga av Prop. 55 S (2013–2014) Utbygging og finansiering av E6 på strekninga Korgen–Bolna i Hemnes og Rana kommunar (E6 Helgeland nord) i Nordland, jf. Innst. 178 S (2013–2014).

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av dei to siste delane av utbygginga, dvs. utbygging av strekninga mellom Nord-Trøndelag grense og Korgen, inkl. prosjektet Brattåsen–Lien. Utbygginga er planlagt starta opp hausten 2016.

E6 mellom Nord-Trøndelag grense og Osen er om lag 137 km lang, jf. fig. 2.1 i proposisjonen. Årsdøgntrafikken (ÅDT) varierer frå 800 køyretøy til 3 800 køyretøy. Tungtrafikken utgjer mellom 14 og 16 pst. av trafikken. I perioden 2005–2014 var det i alt 142 ulykker med personskade på denne strekninga. Av desse blei 9 personar drepne, 16 hardt skadde og 180 lettare skadde.

Det er lagt opp til å byggje ut til saman om lag 80 km veg, fordelt på 9 delstrekningar. Som for E6 Helgeland nord vil utbygginga av 7 av delstrekningane bli lyst ut i ein samla konkurranse der same entreprenør vil stå for utbygging samt drift og vedlikehald i ein periode på inntil 15 år.

For utbygging av delstrekningane Kapskarmo–Brattåsen og Brattåsen–Lien vil det bli nytta tradisjonelle konkurranseformer, der drift og vedlikehald ikkje inngår. Her skal E6 leggjast i ny trasé vest for tettstadene Trofors og Grane over ei strekning på om lag 22 km. Det skal mellom anna byggjast ein tunnel og to bruer for kryssing av Vefsna og Svenningdalselva. I tillegg inngår ombygging av lokalt vegnett.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektet. Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme på 3 860 mill. 2014-kroner og ei kostnadsramme på 4 290 mill. 2014-kroner. Rekna om til 2015-prisnivå blir styringsramma 3 970 mill. kroner og kostnadsramma 4 410 mill. kroner.

Samfunnsøkonomisk netto nytte for utbygginga er rekna til om lag ‑1 240 mill. kroner. Netto nytte over totale kostnader er rekna til ‑0,4.

Opplegget for samla utbygging og delvis bompengefinansiering av E6 Helgeland blei handsama av kommunale styresmakter og Nordland fylkeskommune våren 2010.

Spørsmålet om garanti for E6 Helgeland sør blei handsama av Nordland fylkeskommune i møte i fylkestinget 20. april 2015. Det er ein føresetnad at Fylkesmannen i Nordland godkjenner dei kommunale garantiane og at Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner den fylkeskommunale garantien.

Vefsn kommune har vedteke å stille ein garanti på 71 mill. kroner, Rana kommune ein garanti på 136 mill. kroner og Grane kommune ein garanti på 8 mill. kroner, til saman 215 mill. kroner.

Utbyggings- og finansieringsopplegg for E6 Helgeland sør

Finansieringsplanen for utbygging av E6 Helgeland sør omfattar statlege midlar og bompengar. Den statlege delen utgjer 86,9 pst. av kostnadene. Forslag til finansieringsplan er vist i tabellen under.

Finansieringsplan for Helgeland sør

Mill. 2015-kr

2014–2017

2018–2023

Sum

Statlege midlar

860

2 590

3 450

– Store prosjekt

460

1 720

2 180

– Programområda

70

200

270

– Fornying

330

670

1 000

Bompengar

340

180

520

Sum

1 200

2 770

3 970

Finansieringsopplegget byggjer på tovegs, parallell- og etterskottsinnkrevjing i tre automatiske bomstasjonssnitt mellom Nord-Trøndelag grense og Korgen. Innkrevjinga er planlagt starta opp i 2016.

Det er lagt til grunn at tunge køyretøy (totalvekt over 3 500 kg) skal betale tredobbel takst. Samla takst er rekna til 85 kroner for lette køyretøy og 255 kroner for tunge køyretøy som køyrer heile strekninga.

Basert på føresetnadene i denne proposisjonen er brutto bompengeinntekter rekna til om lag 920 mill. kroner, fordelt med 520 mill. kroner til investeringar, 230 mill. kroner til å dekkje finansieringskostnader og 170 mill. kroner til å dekkje innkrevjingskostnader og kostnader ved drift av bompengeselskapet.

Ved utgangen av 2015 er det venta eit forbruk på prosjektet på om lag 120 mill. kroner. Dette er inkludert forbruk frå tidlegare år som er stilt til disposisjon gjennom mellombels omdisponering av statlege midlar innafor Statens vegvesen sine fullmakter. Det er derfor føresett at bompengeselskapet stiller til disposisjon om lag 120 mill. kroner i 2015.

Trafikkføresetnadene går fram av kapittel 4 i proposisjonen.

Bompengeopplegget i denne proposisjonen og Prop. 55 S (2013–2014) er basert på ein føresetnad om 6,5 pst. lånerente. Dette er i tråd med dei lokalpolitiske vedtaka. Gjennom Prop. 119 S (2013–2014) er det opna for at den reknetekniske renta i ein overgangsperiode kan setjast lågare, i intervallet mellom 6,5 pst. og renta på 10-års statsobligasjonslån. Det er ein føresetnad at det er lokal tilslutning til dette og at dei kommunale og fylkeskommunale garantiane blir oppretthaldne. Vidare er det ein føresetnad at lokale styresmakter forpliktar seg til å leggje prosjektet inn i eit av dei nye bompengeselskapa når desse er etablerte. Samferdselsdepartementet ber Stortinget om fullmakt til at det kan fastsetjast takstar på bakgrunn av desse føresetnadene.

Etter at Stortinget har fatta vedtak om utbygging og finansiering av E6 Helgeland sør i Nordland, vil det bli inngått avtale mellom Statens vegvesen Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen.