1. Innledning
I samanheng med revidert nasjonalbudsjett 2015 foreslår regjeringa følgjande endringar i skatte- og avgiftsreglane som har provenyverknad for 2015:
Overgangsreglane for uføre blir utvida slik at skattefrådraget kompenserer nedgang i inntekt etter skatt over 4 000 kroner.
Vedtaket om miljøavgift på plastposar og papirposar blir oppheva.
Vedtaket om vegbruksavgift på naturgass og LPG blir oppheva.
Stortinget sitt oppmodingsvedtak frå behandlinga av budsjettet for 2015 om avgiftslette for biodrivstoff blir ikkje følgt opp i revidert nasjonalbudsjett 2015. Auken i omsetningspåbodet for biodrivstoff frå 3,5 pst. til 5,5 pst. blir notifisert til ESA, men ikkje sett i verk frå 1. juli 2015.
CO2-avgifta på autodiesel blir auka med 0,46 kroner per liter, medan vegbruksavgifta på autodiesel blir redusert tilsvarande frå 1. juli 2015. Samstundes blir vegbruksavgifta på biodiesel redusert med 0,23 kroner per liter.
CO2-avgifta på gass blir auka med 0,15 kroner per Sm3 for naturgass og med 0,22 kroner per kg for LPG frå 1. juli 2015.
Det blir innført fritak for CO2-avgift for innhald av hydrogen i naturgass og LPG frå 1. juli 2015.
Avgifta på elektrisk kraft blir auka med 0,5 øre per kWh frå 1. juli 2015.
Fritaket for meirverdiavgift for leasing av elbilar og omsetning av batteri til elbilar blir sett i verk frå 1. juli 2015.
Forslaga til endringar i skatte- og avgiftsopplegget inneber ein samla reduksjon i provenyet på om lag 715 mill. kroner påløpt og om lag 800 mill. kroner bokført i 2015 samanlikna med saldert budsjett for 2015.
Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:
Unntaksføresegn i grunnrenteskatten for eigenproduksjon i industrien blir endra med verknad frå og med inntektsåret 2016.
Vindkraftanlegg blir avskrivne med 20 pst. årleg over fem år. Nødvendige lovendringar blir sett i verk etter at ESA har godkjent ordninga.
Det blir gitt frådrag for innbetalingar til utanlandske pensjonsordningar med verknad frå og med inntektsåret 2015.
Moglegheita til å gi forskrifter om konserninterne overføringar over landegrensene blir utvida med verknad frå og med inntektsåret 2015.
Ordninga med oljeskattenemnd ved likninga av petroleumsselskapa i første instans blir fjerna, og oppgåva blir overført til Oljeskattekontoret. Endringane får verknad frå og med 1. juli 2015.
Forvaltning av særavgifter for registrerte særavgiftspliktige verksemder blir overført frå Toll- og avgiftsetaten til Skatteetaten frå 1. januar 2016.
Innkrevjing av toll, særavgifter og innførselsmeirverdiavgift blir overført frå tollregionane til skattekontoret frå 1. januar 2016.
Fagleg ansvar for dokumentavgifta og handsaming av klagesaker blir overført frå Toll- og avgiftsdirektoratet til Skatteetaten frå 2016.
Skatteoppkrevjarfunksjonen blir overført frå kommunane til Skatteetaten med verknad frå 1. januar 2016.
Opplysningar om individuelle pensjonsavtaler etter skattelova, individuelle pensjonsavtaler etter lov om individuell pensjonsordning og eingongsutbetalingar etter innskottpensjonslova skal rapporterast etter ordninga i a-opplysningslova. Endringa får verknad frå 1. januar 2016.
Nytt regelverk kor det blir stilt krav til kassasystem blir innført frå 2017.
Det blir gjennomført enkelte klargjeringar og opprettingar utan realitetsendringar i lovtekst.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tore Hagebakken, Irene Johansen, Tor Arne Bell Ljunggren, fung. leder Marianne Marthinsen, Torstein Tvedt Solberg og Truls Wickholm, fra Høyre, Solveig Sundbø Abrahamsen, Svein Flåtten, Sigurd Hille, Heidi Nordby Lunde og Siri A. Meling, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Tom E. B. Holthe og Hans Andreas Limi, fra Kristelig Folkeparti, Elisabeth Løland, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, fra Venstre Terje Breivik, og fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, viser til at regjeringens utfyllende vurderinger og forslag er omtalt i Prop. 120 LS (2014–2015). I kapitlene nedenfor i denne innstillingen, som følger samme kapittelinndeling som proposisjonen, blir saksomtalene begrenset til kortere oppsummerende sammendrag/innledninger. For nærmere omtaler av bakgrunnen for og vurderingene knyttet til forlagene, vises det til proposisjonen.
Komiteen viser for øvrig til at regjeringens forslag til avgiftsendringer, som er omtalt i kapitlene 3–8 i proposisjonen, behandles sammen med tilhørende forslag til avgiftsvedtak i Innst. 360 S (2014–2015).