Innstilling fra finanskomiteen om rapport til Stortinget fra Norges Banks representantskap for 2014
Dette dokument
- Innst. 293 S (2014–2015)
- Kildedok: Dokument 9 (2014–2015)
- Dato: 28.05.2015
- Utgiver: finanskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
I samsvar med sentralbanklova § 5 har representantskapet i Noregs Bank ført tilsyn med drifta i Noregs Bank og sett til at reglane for verksemda er følgde i 2014. Representantskapet rapporterer om hovudstyrets protokollar, tilsynet med Noregs Bank og saker som hovudstyret har lagt fram.
Som sentralbank og forvaltar av Statens pensjonsfond utland (SPU) har Noregs Bank fått mykje myndigheit og stor tillit. Hovudstyret har den utøvande og rådgivande myndigheita etter sentralbanklova. Det leier verksemda og forvaltar midlane til sentralbanken. Representantskapet fører tilsyn med at hovudstyret har tilfredsstillande styring av og kontroll med drift og etterleving av lover og retningslinjer for verksemda til Noregs Bank. Vidare vedtek representantskapet det årlege budsjettet og fastset årsrekneskapen.
Det blei gjort greie for prioriteringar i det vidare tilsynsarbeidet i rapporten til Stortinget for 2013, Dokument 9 (2013–2014). Representantskapet har følgt nøye med på utviklinga i rammevilkåra for SPU-forvaltinga og oppgåvene for sentralbanken og på hovudstyret sitt arbeid med å etterleve rammeverket. Det har òg følgt nøye med på korleis hovudstyret har tilpassa styringsrammeverket og gjennomført handlingsplanane. Gjennom året har representantskapet følgt med på hovudstyret med tanke på styring av og kontroll med verksemdsområda. Intern og ekstern rapportering er behandla med særleg vekt på risikostyring, internkontroll, risikoreduserande tiltak og oppfølging av ressursbruk og vesentlege hendingar.
Rapporten gir ei oversikt over aktivitetane, ressursbruken og den metodiske tilnærminga til representantskapet i 2014. Det blir gjort greie for tilsynet med den overordna styringa og kontrollen til hovudstyret, og for tilsynet med sentralbankverksemda og kapitalforvaltinga.
Protokollane til hovudstyret er eit viktig grunnlag for tilsynet til representantskapet. Protokollane gir ei oversikt over saksomfanget til hovudstyret og er eit utgangspunkt for å be om tilleggsinformasjon eller fleire utgreiingar. Mange av sakene som hovudstyret har behandla i 2014, er òg lagde fram for representantskapet. I tillegg har rapportar og utgreiingar frå tilsynssekretariatet og ekstern revisor vore behandla.
I 2014 har representantskapet gått igjennom styringsmodellen til Noregs Bank. Det er vidare gjort ei vurdering av Noregs Bank si rolle som rådgivar og ei evaluering av det gjeldande budsjettreglementet. Oppfølginga av arbeidet med tryggleik og beredskap har hatt høg prioritet. Innanfor kapitalforvaltinga har ein mellom anna gått igjennom styringsrammeverket for å handtere omdømmerisiko i samband med investeringane, og arbeidet med ansvarleg forvaltingsverksemd er blitt følgt opp.
Marknadsverdien av investeringsporteføljen til Statens pensjonsfond utland var nærmare 6 500 mrd. kroner ved utgangen av 2014. Auken frå 2013 var 1 393 mrd. kroner, og over halvparten skreiv seg frå svekkinga i kursen for norske kroner. Avkastinga på porteføljen var 544 mrd. kroner før valutajusteringar. Representantskapet følgjer regelmessig med på rapporteringa om SPU-forvaltinga spesielt retta mot etterleving av mandat og retningslinjer frå Finansdepartementet. Saker om ansvarleg forvaltingsverksemd og oppbygging av eigedomsforvaltinga har fått mykje merksemd. Rammeverket for å opprette og ha tilsyn med dotterselskap i samsvar med sentralbanklova er vurdert. Vidare har ein gått igjennom styringsrammeverket for skatt på eigedomsinvesteringar i SPU.
Representantskapet har behandla årsmeldinga til hovudstyret og fastsett årsrekneskapen for Noregs Bank for 2014. Årsrekneskapen viser eit overskot for verksemda på 89 198 mill. kroner. Eigenkapitalen til Noregs Bank per 31. desember 2014 var 205,5 mrd. kroner. I samsvar med fastsette retningslinjer er det gjort ei avsetjing på 10,4 mrd. kroner frå årets overskot som blir overført til statskassa. Den førre gongen ei slik overføring blei gjennomført, var i 2001.
For representantskapet er det viktig at Noregs Bank er open om verksemda si innanfor fastsette rammer. Det same gjeld for arbeidet til representantskapet, og frå 2014 er protokollane frå møta gjorde offentlege.
Representantskapet har fått alle opplysningane det har bedt om.
Representantskapet har gått igjennom protokollane til hovudstyret for 2014. Under behandlinga er det reist spørsmål til enkeltsaker, og sentralbanksjefen har gitt fullgode utgreiingar. Det er ikkje protokollført særskilde merknader til protokollane til hovudstyret.
Representantskapet meiner at hovudstyret i 2014 har styrt og hatt kontroll med verksemda til Noregs Bank på ein tilfredsstillande måte og i samsvar med sentralbanklova, mandat og retningslinjer for forvaltinga av Statens pensjonsfond utland i tillegg til forskrift om risikostyring og internkontroll i Norges Bank.
Hovudstyret har rapportert om problemstillingar og behov for styrkt kontrollrammeverk og risikoreduserande tiltak gjennom året. Under behandlinga av enkelte saker har representantskapet eksplisitt bedt om oppfølging og tilbakemelding frå hovudstyret. I tilsynsgjennomgangar om overordna styringsmodell og kontroll med omdømme i kapitalforvaltinga er det mellom anna gitt innspel og tilrådingar til utviklinga av hovudstyret sitt rammeverk for styring og kontroll.
Representantskapet har i 2014 etablert eit formålstenleg rammeverk for kontroll og tilsyn med eigedomsforvaltinga i dialog med hovudstyret. Tidlegare tilrådingar knytte til etablering av dotterselskap, styring av skattemessige forhold og ansvarleg forvalting av Statens pensjonsfond utland er følgde opp. Vidare har ein følgt med på utviklinga av rammeverket for organisering av eigarskapsutøving.
Det er ikkje avdekt forhold gjennom tilsynet som gir grunnlag for særskilde merknader etter sentralbanklova. Representantskapet har god erfaring med at hovudstyret følgjer opp og orienterer om status for å gjennomføre tiltak på ein systematisk måte.
Representantskapet har vedteke budsjettet til Noregs Bank og fastsett årsrekneskapen for 2014. Det var ingen merknader til ressursbruken.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tore Hagebakken, Irene Johansen, Tor Arne Bell Ljunggren, Marianne Marthinsen, Torstein Tvedt Solberg og Truls Wickholm, fra Høyre, Solveig Sundbø Abrahamsen, Svein Flåtten, Sigurd Hille, Heidi Nordby Lunde og Siri A. Meling, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Tom E. B. Holthe og Hans Andreas Limi, fra Kristelig Folkeparti, lederen Hans Olav Syversen, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, fra Venstre, Terje Breivik, og fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, viser til rapporten fra representantskapet og tar denne til orientering. Komiteen foreslår at rapporten vedlegges protokollen.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Dokument 9 (2014–2015) – rapport til Stortinget fra Norges Banks representantskap for 2014 – vedlegges protokollen.
Oslo, i finanskomiteen, den 28. mai 2015
Hans Olav Syversen | Marianne Marthinsen |
leder | ordfører |