Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kjell-Idar Juvik, Ingvild Kjerkol, Sverre Myrli, Magne Rommetveit og Eirin Sund, frå Høgre, Torill Eidsheim, leiaren Linda C. Hofstad Helleland, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, frå Framstegspartiet, Ingebjørg Amanda Godskesen, Åse Michaelsen og Roy Steffensen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid Q. Raja, viser til Dokument 8:87 S (2014–2015), representantforslag frå stortingsrepresentantane Hans Fredrik Grøvan, Olaug V. Bollestad, Geir S. Toskedal og Kjell Ingolf Ropstad om alkolås, og vidare til vedlagte fråsegn, datert 29. april 2015, frå Samferdselsdepartementet v/statsråden i saka.

Komiteenser at køyring i ruspåverka tilstand er eit alvorleg trafikksikringsproblem nasjonalt og internasjonalt. Data frå Statens vegvesen viser at påverking av alkohol og/eller andre rusmiddel er ein medverkande faktor i 22 pst. av alle vegtrafikkulykker med drepne. Det vert truleg køyrt mellom 10 000 og 15 000 turar dagleg av sjåførar med promille på norske vegar. Promillekøyring blant førarar av tunge køyretøy er vurdert å vere låg i Norge, men nokre tilfelle har vist yrkessjåførar som har køyrt med høg promille under utøving av persontransport. Ein ruspåverka sjåfør representerer ein høg trafikksikringsrisiko og kan gjere uboteleg skade.

Komiteen ser at alkolås vert trekt fram som eit godt trafikksikringstiltak, fordi det reduserer risikoen for alkoholpåverka køyring og gir vedkommande tid til å tenke igjennom handlinga som er i ferd med å skje.

Komiteen har merka seg at fleire fylkeskommunar i dag stiller krav om alkolås i køyretøy som vert nytta i skoleskyss. Selskapa vel oftast då å installere alkolås for heile flåten, for å ha fleksibel bruk av materiell.

Komiteenser positivt på engasjementet frå representantane for å oppnå ei raskare implementering av alkolås i køyretøy som vert nytta til persontransport. Komiteen vil vise til at det i februar 2015 vart sett fram eit skriftleg spørsmål i Stortinget, og at det i samband med det vart varsla eit oppdrag til Vegdirektoratet om å kartleggje økonomiske og administrative konsekvensar ved ei eventuell nasjonal regulering. Dette arbeidet er igangsett.

Komiteenser det som naturleg å avvente vurderinga av iverksetting av nye reguleringar til ein har motteke resultatet av det pågåande kartleggjingsarbeidet. I tillegg vilkomiteenpeike på at det for tida også i EU pågår eit arbeid knytt til alkolås, og vil oppfordre til at departementet følgjer diskusjonane og utviklinga der tett.

Komiteen meiner at alkolås er ein godt utprøvd teknologi som vil kunne bidra svært positivt til å redusere alkoholrelaterte trafikkulykker. Bruk av alkolås er ein naturleg del av ei systematisk sikkerheitstenking i vegtransporten. Likevel ligg diverre Noreg langt bak våre nordiske naboar. Sverige har i dag 80 000 alkolåsar innan yrkestransporten, medan anslaget er 4 000 i Noreg. Komiteen ser difor at det vil vere tenleg å vurdere nye verkemiddel for å sikre ei raskare innfasing av alkolås i bussar, drosjer og alle køyretøy på veg som driv persontransport mot vederlag. Komiteen meiner det må gjerast ei vurdering av om det er mest fornuftig å nytte påbudsreguleringar eller positive verkemiddel for å gjere alkolås til ein meir sentral del av trafikksikkerheitsarbeidet i vegsektoren.

Slik status er i dag, med moglegheit for fylka til å innføre krav til alkolås i nye anbod, ser ein at det er ulike utfordringar knytt til mangelen på eit felles, tydeleg regelverk. I det vidare arbeidet med alkolås vil komiteen peike på at det er svært viktig at nødvendige avklaringar blir tekne opp også i dialog med berørte partar, slik at endelege konklusjonar vil bli godt forankra. I tillegg er komiteen oppteken av at ein i det vidare arbeidet også ser på utarbeiding av teknologistandard for alkolås.

Komiteen viser til at resultat frå forsøksordningar med alkolås er lovande. Ei evaluering som Transportøkonomisk institutt har utført på oppdrag frå det svenske Vägverket, viser at den svenske forsøksordninga førte til ein langvarig effekt med mindre promillekøyring og trafikkulykker blant deltakarane. Erfaringar med ordninga viser også at den er samfunnsmessig lønsam, jf. TØI-rapport 905/2007 «Forsøk med alkolås i Sverige. Evaluering av forsøksordning med betinget førerkortinndragning ved promillekjøring».

Komiteen ser at eit nasjonalt krav om alkolås vil kunne medføre ein ekstra kostnad for kollektivselskapa og for drosjenæringa. I tillegg vil det kunne føre til konkurransevriding for mellom anna busstransport i turistnæringa. Det kan difor vere behov for å vurdere overgangsordningar eller statlege insentivordningar for å sikre rask og smidig innfasing av alkolås i dei køyretøya som eventuelt blir omfatta av ei regelendring.

Komiteen vil fremje følgjande forslag:

«I

  • 1. Stortinget ber regjeringa sjå til at det igangsette arbeidet i Vegdirektoratet om å kartleggje økonomiske og administrative konsekvensar ved ei eventuell nasjonal regulering vedkomande alkolås, blir koordinert godt med norsk deltaking i det pågåande grunnlagsarbeidet for eit eventuelt EU-direktiv knytt til alkolås. Det vert forventa at svaret på det igangsette arbeidet i Vegdirektoratet føreligg innan hausten 2015.

  • 2. Stortinget ber regjeringa, når svaret på arbeidet da føreligg, å fremje forslag om innføring av alkolås og korleis dette best kan innfasast i køyretøy på veg som driv persontransport mot vederlag.

  • 3. Stortinget ber regjeringa også vurdere behovet for overgangsordningar eller statlege insentivordningar for å sikre rask og smidig innfasing av alkolås i dei køyretøya som vil bli omfatta av ei regelendring knytt til alkolås.»

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, viser til at spørsmålet om alkolås har vore tema på den politiske dagsordenen lenge. Det kan i samband med det visast til Stortinget si behandling av gjeldande Nasjonal transportplan 2010–2019, jf. Innst. S. nr. 300 (2008–2009), der medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti meinte at krav om alkolås på buss ville vere eit viktig tiltak i samband med «Barnas transportplan». Desse fire partia bad regjeringa komme tilbake til Stortinget på eigna måte vedkomande eit eventuelt påbod av alkolås.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til at krav om alkolås har vært tatt opp i flere sammenhenger tidligere. Disse medlemmer vil vise til følgende flertallsmerknad i budsjettinnstillingen for 2015, jf. Innst. S. 13 S (2014–2015):

«Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, viser videre til Stortingets vedtak fra juni 2013, der Stortinget ba regjeringen vurdere å ta inn bestemmelser om alkolås i skolebusser i «forskrift om sikring av skyssberettigede skoleelever». Flertallet har merket seg at det i dag er forskjellig praksis i fylkene, og etterlyser regjeringens vurdering og tiltak i denne saken.»

Disse medlemmer viser til kartleggingen fra Stortingets utredningsseksjon, der de har kartlagt status i fylkene på hvor mange som har alkolås i skolebussene. Oversikten viser at det er store forskjeller i fylkene. Aust-Agder, Oppland, Sør-Trøndelag, Troms, Vestfold og Østfold er de fylkeskommunene som er kommet lengst i innføringen av alkolås i skolebusser. Åtte av fylkene har krav om alkolås i dag eller i nye anbud som er på gang. Dette viser at bare halvparten av fylkene har innført alkolås helt/delvis og har krav i nye anbud.

Disse medlemmer mener dette viser at det ikke er tilstrekkelig med en frivillig innfasing, men at man må få dette inn i forskrift slik at alle skolebarn i Norge får de samme sikkerhetskravene.

Disse medlemmer viser til at Frankrike og Finland i dag har krav om alkolås i skolebusser, og allerede i 2011 hadde 85 pst. av alle kommuner i Sverige krav om alkolås i skolebussene.

Disse medlemmer slutter seg til at man utvider det pågående arbeidet med å utrede alkolåstiltaket for skoleskyss til å omfatte all persontransport mot vederlag.

Disse medlemmer mener det er viktig at man får frem fordeler, kostnader og kontrollmuligheter ved innføring av alkolås for all persontransport mot vederlag, samt hvordan man skal håndtere utenlandske kjøretøy som kjører i Norge.

Disse medlemmer ber videre regjeringen vurdere overgangsordninger og/eller insentivordninger for å sikre en rask og smidig innfasing av alkolås i de kjøretøy som blir omfattet av regelendringen knyttet til alkolås.

Komiteens medlem fra Senterpartiet vil også vise til flertallsmerknaden i budsjettinnstillingen for 2015, jf. Innst. S. 13 S (2014–2015):

«Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, viser videre til Stortingets vedtak fra juni 2013, der Stortinget ba regjeringen vurdere å ta inn bestemmelser om alkolås i skolebusser i «forskrift om sikring av skyssberettigede skoleelever». Flertallet har merket seg at det i dag er forskjellig praksis i fylkene, og etterlyser regjeringens vurdering og tiltak i denne saken.»

Dette medlem kan ikke se at regjeringen har fulgt opp denne, og etterlyser effektueringen av merknaden.