Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 188/2014 av 25. september 2014 vart vedlegg VI (Trygd) til EØS-avtala endra. Endringa vart gjord for å innlemme europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/50/EU om minstekrav med omsyn til styrking av arbeidstakarmobiliteten mellom medlemsstatane gjennom betring av oppteninga og vidareføringa av rettane til supplerande pensjon.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for Stortingets samtykke til godkjenning, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. Grunnlova § 26 andre leddet.

Det vises til proposisjonens kapittel 2 der det er gjort generelt greie for direktivet og proposisjonens kapittel 3 der det er gjort greie for innhaldet i direktivet.

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 188/2014 av 25. september 2014 inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og særleg artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at vedlegg VI til EØS-avtala vert endra ved at følgjande vert lagt til som nr. 13:

«32014 L 0050: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/50/EU av 16. april 2014 om minstekrav med omsyn til styrking av arbeidstakarmobiliteten mellom medlemsstatane gjennom betring av oppteninga og vidareføringa av rettane til supplerande pensjon (EUT L 128 av 30.4.2014, s. 1).»

Artikkel 2 slår fast at teksta i direktiv 2014/50/EU på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal verte gyldig.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 26. september 2014, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Ei innlemming av direktivet i norsk rett vil gjere det naudsynt med visse endringar i lov av 14. desember 2001 nr. 95 om beskyttelse av supplerende pensjonsrettigheter for arbeidstakere og selvstendig næringsdrivende som flytter innenfor EØS-området. Denne lova inneheld mellom anna reglar for lik handsaming av vern av pensjonsrettar og nærmare reglar med krav til informasjon til medlemmer av supplerande pensjonsordningar når arbeidstakarar flyttar til ein annan EØS-stat. Paragraf 6 om informasjon til medlemmer av supplerande pensjonsordningar i lova må utvidast for at ho skal oppfylle minstekrava i direktivet. Dei private tenestepensjonslovene har reglar om medlemskap og krav til tenestetid for å halde på retten til pensjon. Lovene har òg reglar om informasjonsplikt for pensjonstilbydarane. Lovene oppfyller i store trekk minstekrava i direktivet, men det kan vere naudsynt å presisere nokre av reglane om informasjonsplikt og vilkåret om pliktig medlemskap i folketrygda for opptak i tenestepensjonsordningar.

Finansdepartementet vil be om at Finanstilsynet utarbeider eit forslag til dei naudsynte lovendringane i norsk rett, som deretter kan sendast på alminneleg høyring.

Ei innlemming av direktivet i norsk rett har truleg mindre å seie for Noreg sin del, fordi dei gjeldande norske reglane i hovudsak er i samsvar med reglane i direktivet. Gjennomføringa av direktivet vil mest sannsynleg ha avgrensa økonomiske og administrative konsekvensar.

Føremålet med direktivet er å leggje til rette for arbeidstakarmobilitet ved å redusere hindringar for dette som kan følgje av nasjonale reglar om supplerande pensjonsrettar.

Finansdepartementet tilrår godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/50/EU om minstekrav med omsyn til styrking av arbeidstakarmobiliteten mellom medlemsstatane gjennom betring av oppteninga og vidareføringa av rettane til supplerande pensjon. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.