Dokumentet inneheld desse framlegga:
«1. Stortinget ber regjeringa
fremma ein konkret handlingsplan for å styrkje symjeundervisninga
i Noreg og betre symjeferdigheitene hjå born og unge slik at drukningsulykker
kan reduserast.
2. Stortinget ber regjeringa definere symjedyktigheit
til å kunne symje 200 meter, og setje mål om at alle elevar på 5. trinn
skal vera symjedyktige innan 2020.
3. Stortinget ber regjeringa sikre at kommunar
tar i bruk symjeferdigheitstestar – ‘symjeknappen’ – for at alle
elevar skal få individuelt tilpassa symjeundervisning.
4. Stortinget ber regjeringa innrette statlege
garantiordningar og rentekompensasjonsordningar for skulebygg og
symjeanlegg slik at rehabilitering og nybygg av symjeanlegg vert
prioritert i kommunane.»
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Christian Tynning Bjørnø, leiaren Trond Giske, Anne Odenmark, Sigmund Steinnes
og Tone Merete Sønsterud, frå Høgre, Henrik Asheim, Norunn Tveiten
Benestad, Kristin Vinje og Kristian Støback Wilhelmsen, frå Framstegspartiet,
Sivert Bjørnstad og Bente Thorsen, frå Kristeleg Folkeparti, Anders
Tyvand, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Venstre, Iselin
Nybø, og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes,
syner til representantforslaget, Dokument 8:99 S (2013–2014), om
ein handlingsplan for å styrkja symjeferdigheitane hjå born og unge. Komiteen syner
òg til handsaminga av Dokument 8:92 S (2013–2014) om bedre svømmeundervisning
i grunnskolen, jf. Innst. 203 S (2014–2015).
Komiteen syner til at Noreg i
høve til folketalet har særs mange drukningsulukker. I 2013 auka talet
på drukna frå 61 året før til 119 personar. Komiteen meiner
det er viktig å førebyggje ulukker, og vil understreke at det drukningsførebyggjande
arbeidet skal finne stad i eit samspel mellom opplæringa i skulen,
fritidstilbod i regi av friviljuge organisasjonar og gjennom at
foreldra følgjer opp eigne barn. Komiteen vil òg understreke
at det å symje ikkje berre er viktig for å unngå ulukker. Å kjenne
seg trygg i og ved vatn er eit godt utgangspunkt for friluftsliv,
fysisk aktivitet og betre folkehelse.
Komiteen meiner det er viktig
at friviljuge organisasjonar får gode rammevilkår for å kunne leggje
til rette for at fleire skal kunne kjenne seg trygge i vatn og verte
symjedyktige. Komiteen veit at barn som tidleg vert
trygge i vatn, også vert gode symjarar. Difor er komiteen
positiv til at det i budsjettforliket 21. november 2014, jf. Innst.
2 S (2014–2015), vart semje om å opprette ei tilskotsordning for
symjeopplæring i barnehagane i regi av kommunar eller friviljuge
organisasjonar. Dette vil vere eit tiltak for at barn kan verte
trygge i vatn så tidleg som mogleg.
Komiteen er oppteken av at barn
som ikkje lærer å symje heime, skal få lære å symje gjennom opplæringa
i faget kroppsøving. Komiteen er difor nøgd med at
regjeringa har teke initiativ til å revidere læreplanen i kroppsøving for
å definere tydelegare kva som skal til for å verte definert som
symjedyktig. Komiteen meiner det vil vere naturleg
å ta utgangspunkt i det nordiske kravet til «svømmedyktighetsmerket»:
«Rull uti på dypt vann. Svøm 100 m på magen. Stopp
og hvil. Flyt på mage, rull over, flyt på rygg i samlet 3 min. Svøm
deretter 100 m på rygg.»
Komiteen vil òg peike på trongen
for å byggje og rehabilitere symjeanlegg, og å leggje til rette for
badeplassar i friluft. Det vil vere viktig så vel for opplæring
i skular og familiar, som for opplæring i regi av friviljuge organisasjonar,
som Norges svømmeforbund, Norges Livredningsselskap og Redningsselskapet.
Komiteen meiner at det ikkje
finst eitt einskildtiltak som åleine vil føre til auka symjedugleik
hjå barn og unge, men at det er naudsynt med fleire tiltak for å
nå målet om at alle barn skal vere symjedyktige.
Komiteen viser til svarbrev 23. oktober
2014 frå statsråden og forslaget i Prop. 1 S (2014–2015) om å løyve
7 mill. kroner til symjeopplæring for minoritetsspråklege som nett
er komne til landet og som er omfatta av grunnskuleopplæringa. Komiteen er
oppteken av at alle elevar må sikrast god og individuelt tilpassa symjeopplæring
i skulen, og er positiv til ei målretta styrking av symjeopplæring
for nykomne minoritetsspråklege elevar. Komiteen vil
samstundes minne om at det òg er eit foreldreansvar å syte for at
barn lærer seg symjeferdigheitar.
Komiteen meiner Kunnskapsdepartementet sitt
initiativ til å definere kva det inneber å vere symjedyktig i læreplanen,
er naudsynt for å hindre at skular tolkar omgrepet «symjedyktig» særs
ulikt, slik Utdanningsdirektoratet si kartlegging frå 2007 viser.
Tydelegare kompetansemål vil vere med på å gjere at kommunar ikkje
tek for lett på symjeundervisninga.
Komiteen syner til at partia
er samde om at det vert utarbeidd ein nasjonal handlingsplan for
å sikre at barn og unge har gode symjeeigenskapar. Komiteen ser
fram til resultatet av ein slik handlingsplan, og strekar under
at han også må innehalde ei tydeleggjering av læreplanmålet om symjedugleik,
slik at planen er i tråd med faglege råd. Komiteen ber
òg regjeringa sende på høyring eit forslag om å innføre krav til
alle kommunar om å gjennomføre ein nasjonal ferdigheitsprøve i symjing
i grunnskolen, og kome til Stortinget med saka på eigna måte.
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Venstre
og Sosialistisk Venstreparti, meiner at sjølvberging må
vere ein del av læreplanen. Drukning hender i all hovudsak utandørs
– ved fall frå land, brygge, is, båt eller under bading – og mange
av dei som druknar kan symje. Fleirtalet meiner at kjennskap
til vannmiljøa, det å kunne symje med klede i kaldt vatn og bølgjer,
må vere ein del av symjeopplæringa. Vidare er det viktig å vere
bevisst eigne personlege grenser knytte til gjeldande forhold, dvs.
skjøne når ein bør ta førehaldsreglar med omsyn til sikkerheit,
når ein bør halde seg unna vatn, og når det ligg til rette for berre
å ha det kjekt i vatnet.
Fleirtalet meiner at auka merksemd
på symjeopplæring både vil kunne føre til lågare tal på drukningsulukker,
auka fysisk aktivitet og betre helse i folket generelt. Fleirtalet viser
til at nokre grupper er meir utsette enn andre når det gjeld manglande
kunnskap i symjing. Særleg gjeld dette barn som har foreldre som
ikkje kan symje. For barn som ikkje lærer å symje av foreldra/dei
føresette, er det naudsynt at skulen gir nok symjeopplæring. Fleirtalet meiner
at alle barn som har føresetnad for det, skal kunne symje før symjeopplæringa
i skulen er avslutta.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser òg til
Dokument 8:92 S (2013–2014). Desse medlemene fremjar forslag:
«Stortinget ber regjeringa tydeleggjere læreplanmålet
om symjedugleik i tråd med faglege råd.»
«Stortinget ber regjeringa utarbeide ein nasjonal handlingsplan
for at opplæringa vert gjennomførd med god kvalitet, slik at ein
når læreplanmålet.»
«Stortinget ber regjeringa sørgje for at skuleeigar
ikkje kan avslutte symjeopplæringa før alle som har føresetnad for
det, når måla i læreplanen.»
Medlemen i komiteen frå Senterpartiet ønskjer
at det skal arbeidast inn ei nasjonal ferdigheitsprøve i symjing
på 4. steget i grunnskulen, og vil kome attende til dette når høyringa
er avslutta.
Komiteen vil understreke
at ein viktig føresetnad for god symjeopplæring er at kommunane prioriterer
at skulane har tilgang på symjeanlegg. I denne samanhengen er staten
si rentekompensasjonsordning for skule- og symjeanlegg eit godt
verkemiddel for å sikre kommunane større moglegheit til investering
og rehabilitering av slike anlegg. Komiteen meiner
det er positivt at rentekompensasjonsordninga er styrkt, jf. Prop.
1 S (2014–2015), gjennom at 3 mrd. kroner er fasa inn i ordninga.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er kjende med
at rentekompensasjonsordninga har fungert dårlegare for symjeanlegg,
av di ordninga i kommunane vert prioritert til skulebygg. I tillegg
er erfaringane i mange kommunar at nye skular svært sjeldan blir
bygde med skulebasseng, noko som fører til at talet på symjearenaer
no vert redusert.
Desse medlemene meiner difor
det må meir målretta, økonomiske verkemiddel til for å ta att vedlikehaldsetterslepet
på symjeanlegg og sikre nødvendige nybygg. Difor må rentekompensasjonsordninga
forbetrast for symjeanlegg i kommunane.
Desse medlemene viser etter dette
til forslag 4 i dokumentet som ligg føre, Dokument 8:99 S (2013–2014),
og fremjar dette forslaget:
«Stortinget ber regjeringa innrette statlege
garantiordningar og rentekompensasjonsordningar for skulebygg og
symjeanlegg slik at rehabilitering og nybygg av symjeanlegg vert
prioritert i kommunane.»
Forslag frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk
Venstreparti:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa tydeleggjere læreplanmålet
om symjedugleik i tråd med faglege råd.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa utarbeide ein nasjonal handlingsplan
for at opplæringa vert gjennomførd med god kvalitet, slik at ein
når læreplanmålet.
Forslag 3
Stortinget ber regjeringa sørgje for at skuleeigar ikkje
kan avslutte symjeopplæringa før alle som har føresetnad for det,
når måla i læreplanen.
Forslag 4
Stortinget ber regjeringa innrette statlege
garantiordningar og rentekompensasjonsordningar for skulebygg og
symjeanlegg slik at rehabilitering og nybygg av symjeanlegg vert
prioritert i kommunane.
Komiteen har ikkje
fleire merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget
til å gjere slikt
vedtak:
Dokument 8:99 S (2013–2014) – representantforslag
frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe og Heidi Greni om ein
handlingsplan for å styrkja symjeferdigheitene hjå born og unge
– vert å leggje ved møteboka.
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 17. mars 2015
Trond Giske | Iselin Nybø |
leiar | ordførar |