Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2014 under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Dette dokument
- Innst. 105 S (2014–2015)
- Kildedok: Prop. 21 S (2014–2015), kap. 821, 822, 3821 og 3822
- Dato: 04.12.2014
- Utgiver: kommunal- og forvaltningskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- Samandrag
- Merknader frå komiteen
- Tilråding frå komiteen
Til Stortinget
I proposisjonen legg Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag på statsbudsjettet for diverse kapittel.
Det går fram av proposisjonen at behovet i 2014 blir anslått å gå ned med 26,0 mill. kroner samanlikna med Prop. 93 S (2013–2014). Hovudårsaka til endringa er ein reduksjon i talet på personar som utløyser tilskot for år 2 til 5.
BLD føreslår i proposisjonen å redusere løyvinga på kap. 821 post 60 med 26,0 mill. kroner.
Det går fram av proposisjonen at behovet i 2014 blir anslått å gå ned med 20,6 mill. kroner samanlikna med Prop. 93 S (2013–2014). Hovudårsaka til endringa er at det er færre enn tidlegare antatt i målgruppa for tilskotet i 2014.
BLD føreslår i proposisjonen å redusere løyvinga på kap. 821 post 61 med 20,6 mill. kroner.
Det går fram av proposisjonen at inntektene på posten blir anslått å gå ned med 8,4 mill. kroner frå Prop. 93 S (2013–2014). Hovudårsaka til endringa er ein reduksjon i talet på overføringsflyktningar som kjem i 2014.
BLD føreslår i proposisjonen å redusere løyvinga på kap. 3821 post 1 med 8,4 mill. kroner.
Det går fram av proposisjonen at inntektene på posten blir anslått å auke med 1,2 mill. kroner frå Prop. 93 S (2013–2014). Hovudårsaka til endringa er ein auke i prognosen for einslege mindreårige som blir busett i 2014.
BLD føreslår i proposisjonen å auke løyvinga på kap. 3821 post 2 med 1,2 mill. kroner.
Det går fram av proposisjonen at behovet på posten blir anslått å auke med 0,9 mill. kroner frå Prop. 93 S (2013–2014). Hovudårsaka til endringa er at Vox har hatt utgifter til sensur av skriftlege prøver for privatistar som ikkje har vore inkludert i budsjettberekningane.
BLD føreslår i proposisjonen å auke løyvinga på kap. 822 post 22 med 0,9 mill. kroner.
Det går fram av proposisjonen at behovet i 2014 blir anslått å gå ned med 27,2 mill. kroner samanlikna med Prop. 93 S (2013–2014). Hovudårsaka til endringa er ein reduksjon i talet på personar som vil utløyse tilskot for år 1. Dette er hovudsakleg ei følgje av at prognosen for talet på personar som får opphaldsløyve frå UDI i 2014 har gått ned.
BLD føreslår i proposisjonen å redusere løyvinga på kap. 822 post 60 med 27,2 mill. kroner.
Det går fram av proposisjonen at inntektene på posten blir anslått å auke med 5,1 mill. kroner frå Prop. 93 S (2013–2014). Hovudårsaka til endringa er ein auke i prognosen for asylsøkjarar i 2014, og med det ei auking i målgruppa for norskopplæring for asylsøkjarar i mottak.
BLD føreslår i proposisjonen å auke løyvinga på kap. 3822 post 1 med 5,1 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen og Eirik Sivertsen, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir S. Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, handsamar i innstillinga budsjettkapitla 821, 822, 3821 og 3822 og har elles ingen merknader.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
I statsbudsjettet for 2014 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
821 | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | ||
60 | Integreringstilskot, kan overførast, blir redusert med | 26 032 000 | |
frå kr 5 771 967 000 til kr 5 745 935 000 | |||
61 | Særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar, overslagsløyving, blir redusert med | 20 610 000 | |
frå kr 419 087 000 til kr 398 477 000 | |||
822 | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | ||
22 | Prøver i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, blir auka med | 941 000 | |
frå kr 11 588 000 til kr 12 529 000 | |||
60 | Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, blir redusert med | 27 221 000 | |
frå kr 1 608 600 000 til kr 1 581 379 000 |
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Inntekter | |||
3821 | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | ||
1 | Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter, blir redusert med | 8 445 000 | |
frå kr 146 370 000 til kr 137 925 000 | |||
2 | Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter, blir auka med | 1 211 000 | |
frå kr 36 746 000 til kr 37 957 000 | |||
3822 | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | ||
1 | Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter, blir auka med | 5 120 000 | |
frå kr 124 479 000 til kr 129 599 000 |
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 4. desember 2014
Helge André Njåstad |
leiar og ordførar |