Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2014 under Justis- og beredskapsdepartementet

Dette dokument

  • Innst. 104 S (2014–2015)
  • Kildedok: Prop. 24 S (2014–2015), kap. 490, 491 og 3490
  • Dato: 04.12.2014
  • Utgiver: kommunal- og forvaltningskomiteen
  • Sidetall: 3
  • PDF

Innhold

Til Stortinget

Justis- og beredskapsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet 2014.

Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 490 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3490 post 5.

Det går fram av proposisjonen at på bakgrunn av auka refusjonar frå politiet, Utlendingsnemnda og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) for bruk av IKT-systemet DUF, lønnsrefusjonar for utlån av tilsette til andre delar av forvaltninga og auka inntekter som følgjer av formannskap i General Directors' Immigration Services Conference (GDISC) i år, vert det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 1 med 5,1 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3490 post 5.

Gjeldande løyving er basert på eit gjennomsnittleg belegg i mottak på 15 560, blant desse 330 einslege mindreårige, jf. Prop. 93 S (2013–2014). Nyare prognosar viser at gjennomsnittleg belegg i mottak er venta å vere 15 110, blant desse 400 i mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar. Mindreutgiftene som følger av dette vert anslått til 18,5 mill. kroner.

Det går fram av proposisjonen at som følge av lågare utnytting av kapasiteten enn det som er lagt til grunn for budsjettet, er det venta eit meirforbruk. Dette heng saman med at UDI har planlagt for fleire nye asylsøkjarar enn det som har vore tilfellet, og oppseiingstid på kontraktar for drift av mottak. Meirutgiftene som følgjer av dette vert anslått til 72,4 mill. kroner.

Samla vert det i proposisjonen på bakgrunn av dette foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 21 med 53,9 mill. kroner.

Det går fram av proposisjonen at UDI har gjennomført færre intervju til ein lågare gjennomsnittleg kostnad enn lagt til grunn i budsjettet. Som følgje av dette vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 22 med 15 mill. kroner.

Færre bebuarar i mottak tilseier isolert sett ei mindreutgift på posten. Det går fram av proposisjonen at på grunn av ein høgare del bebuarar i mottak for einslege mindreårige og lågare utnytting av kapasiteten i mottak enn det som er lagt til grunn for budsjettet, jf. omtale under post 21, er det venta eit meirforbruk på posten.

Samla vert det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 60 med 6,3 mill. kroner.

Det går fram av proposisjonen at det gjennomsnittlege talet på bebuarar i mottak i 2014 vert lågare enn det som tidligare har vore lagt til grunn. Det gir eit venta mindreforbruk på om lag 14,6 mill. kroner. Vidare er det lågare gjennomsnittlege kostnader per bebuar enn tidlegare lagt til grunn, hovudsakleg som følgje av endra samansetning av bebuarar i mottak. Dette gir eit venta mindreforbruk på 15 mill. kroner.

Samla vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 70 med 29,6 mill. kroner.

Det går fram av proposisjonen at det så langt i 2014 har vorte brukt mindre av løyvinga under post 72 enn venta. Hovudsakleg kjem dette av at færre har nytta seg av tilbodet om assistert retur og at utgiftene per retur har vore lågare enn tidlegare lagt til grunn.

Det vert i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 72 med 15 mill. kroner.

Det går fram av proposisjonen at på bakgrunn av færre overføringsflyktningar og familieinnvandrarar enn tidlegare lagt til grunn, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 75 med 400 000 kroner.

På bakgrunn av forslag om reduksjon av løyvinga under kap. 490 post 72, samt lågare del returar til ODA-land, vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490 post 1 med 25,4 mill. kroner.

På bakgrunn av forslag om reduksjon av løyvinga under kap. 490 post 75 vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490 post 3 med 400 000 kroner.

På bakgrunn av forslag om endring i løyvingar under kap. 490 post 21, post 60 og post 70, vert det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 3490 post 4 med til saman 81,1 mill. kroner.

På bakgrunn av auka refusjonar frå politiet, UNE og IMDi for bruk av IKT-systemet DUF, lønnsrefusjonar for utlån av tilsette til andre delar av forvaltninga og auka inntekter som følgjer av formannskap i GDISC i år, vert det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 3490 post 5 med 5,1 mill. kroner mot tilsvarande auke av løyvinga under kap. 490 post 1, jf. omtale under kap. 490 post 1.

Det går fram av proposisjonen at på grunn av redusert behov for behandlingskapasitet i UNE er det venta eit mindreforbruk på 3 mill. kroner. På denne bakgrunn vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 491 post 1 med 3 mill. kroner.

Det går fram av proposisjonen at på grunn av lågare utgifter til nemndbehandling enn tidlegare lagt til grunn, er det venta eit mindreforbruk på 3 mill. kroner under kap. 491 post 21. På denne bakgrunn vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 491 post 21 med 3 mill. kroner.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen og Eirik Sivertsen, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir S. Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, handsamar i innstillinga budsjettkapitla 490, 491 og 3490 og har elles ingen merknader.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2014 vert det gjort følgande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

490

Utlendingsdirektoratet

1

Driftsutgifter, vert auka med

5 100 000

frå kr 838 251 000 til kr 843 351 000

21

Særskilde driftsutgifter, statlege mottak, vert auka med

53 900 000

frå kr 1 692 841 000 til kr 1 746 741 000

22

Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetting, vert redusert med

15 000 000

frå kr 57 546 000 til kr 42 546 000

60

Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar, vert auka med

6 300 000

frå kr 311 175 000 til kr 317 475 000

70

Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak, vert redusert med

29 600 000

frå kr 506 385 000 til kr 476 785 000

72

Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, kan overførast, vert redusert med

15 000 000

frå kr 110 618 000 til kr 95 618 000

75

Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast, vert redusert med

400 000

frå kr 17 287 000 til kr 16 887 000

491

Utlendingsnemnda

1

Driftsutgifter, kan nyttast under post 21, vert redusert med

3 000 000

frå kr 279 800 000 til kr 276 800 000

21

Særskilde driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttast under post 1, vert redusert med

3 000 000

frå kr 12 413 000 til kr 9 413 000

Inntekter

3490

Utlendingsdirektoratet

1

Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter, vert redusert med

25 400 000

frå kr 126 654 000 til kr 101 254 000

3

Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende utgifter, vert redusert med

400 000

frå kr 19 688 000 til kr 19 288 000

4

Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter, vert auka med

81 100 000

frå kr 1 072 114 000 til kr 1 153 214 000

5

Refusjonsinntekter, vert auka med

5 100 000

frå kr 12 583 000 til kr 17 683 000

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 4. desember 2014

Helge André Njåstad

leiar og ordførar