Sammendrag
- Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet
- Kap. 1115 Mattilsynet
- Kap. 4115 Mattilsynet
- Kap. 1137 Forsking og innovasjon (behandles av kirke-, utdannings- og forskningskomiteen)
- Kap. 1147 Statens reindriftsforvaltning
- Kap. 1148 Naturskade – erstatningar
- Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
- Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
- Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap
- Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet
- Kap. 5652 Statskog SF – renter og utbytte
Landbruks- og matdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingar under enkelte kapittel og postar i statsbudsjettet for 2014.
Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 0,5 mill. kroner, mot tilsvarande auke på kap. 1137 post 53.
Departementet gjer framlegg om at løyvinga på kap. 1100 post 50 blir redusert med 0,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av kap. 1137 post 53.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten med 4 mill. kroner. Dette er knytta til reduserte utgifter til kjøtkontroll fordi visse oppgåver er flytta frå Mattilsynet til slakteria. Det er i tillegg endringar i slakteristrukturen i Noreg som også påverkar oppgåvene til Mattilsynet. Det blir også vist til omtale i proposisjonen under kap. 4115 post 1.
Revidert prognose for inntektene på posten er 134,5 mill. kroner. Dette er om lag 8 mill. kroner lågare enn løyving. Det blir foreslått ein reduksjon på posten på 8 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei omdisponering på 2,5 mill. kroner frå kap. 1147 post 82 og 0,5 mill. kroner frå post 45.
Det blir gjort framlegg om at kap. 1147 post 1 blir auka med totalt 3 mill. kroner.
I tråd med omtalen under kap. 1147 post 1 blir det gjort framlegg om at kap. 1147 post 45 blir redusert med 0,5 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om at kap. 1147 post 82 blir redusert med 2,5 mill. kroner.
På bakgrunn av oppdaterte prognosar gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på posten med 22,1 mill. kroner.
Oppdaterte prognosar viser at det vil bli gitt tilsegn om erstatningar i 2014 som ikkje vil komme til utbetaling same året. Landbruks- og matdepartementet gjer difor framlegg om å auke tilsegnsfullmakta med 18,2 mill. kroner, til 131,1 mill. kroner.
I samband med budsjettet for 2014 vart det i jordbruksoppgjeret 2014 omdisponert 5 mill. kroner til post 1 for å finansiere første del av den store IT-omlegginga av forvaltningssystemet for produksjonstilskotta (eStil). Departementet gjer framlegg om at løyvinga blir flytta til ny post 21 og at posten får stikkord «kan overførast». Det blir også gjort framlegg om å redusere løyvinga på post 1 med 4,4 mill. kroner til 3 mill. kroner.
Departementet viser til omtalen under post 1 og gjer framlegg om å opprette ny post 21, der ein del av løyvinga på post 1 blir omdisponert til denne posten.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten tilsvarande 4,4 mill. kroner i 2014, ved omdisponering frå post 1 under same kapittel.
Posten dekkjer erstatning for avlingsskade. Basert på gjeldande prognosar ligg det an til eit forbruk på 93,5 mill. kroner i 2014, som er 6,5 mill. kroner meir enn løyvinga på posten.
Departementet gjer framlegg om å auke kap. 1150 post 71 med 6,5 mill. kroner til 93,5 mill. kroner.
Basert på gjeldande prognosar ligg det an til eit underforbruk på posten tilsvarande 57,8 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei redusert løyving på posten tilsvarande 57,8 mill. kroner til 2 516,5 mill. kroner.
Marknadsprisane internasjonalt på protein og feitt er venta å halde seg så høge at det ikkje er prognosert med prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvare i 2014.
Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 59,5 mill. kroner.
I samband med at Statskog SF kjøpte skogselskap frå Orkla ASA fekk føretaket eit statleg lån på 475 mill. kroner. Med grunnlag i usikkerheit om Statskog SF sin likviditetssituasjon mot slutten av året, blir forventninga til innbetaling av låneavdrag redusert frå 50 mill. kroner til 10 mill. kroner i 2014.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på posten på 40 mill. kroner.
Grunna lågare utbytte enn budsjettert blir det gjort framlegg om ein reduksjon på posten tilsvarande 2,1 mill. kroner.
Sjå omtale i proposisjonen under kap. 4162 post 90. Rentekostnaden for lånet i 2014 aukar noko. Departementet gjer difor framlegg om å auke kap. 5652 post 80 med 1,2 mill. kroner.