Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Dag Terje Andersen, Fredric Holen Bjørdal, Lise Christoffersen og Anette Trettebergstuen, fra Høyre Stefan Heggelund, lederen Arve Kambe, Bente Stein Mathisen og Bengt Morten Wenstøb, fra Fremskrittspartiet, Tor Ándre Johnsen og Erlend Wiborg, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Venstre, Sveinung Rotevatn, og fra Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Bergstø, viser til Representantforslag 74 S (2013–2014) frå stortingsrepresentantane Sveinung Rotevatn, Pål Farstad, André N. Skjelstad og Abid Q. Raja om utgreiing av lovfesting av nasjonal minsteløn.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Venstre, viser til at i Norge praktiserer man fri lønnsdannelse der partene i arbeidslivet selv kommer overens om lønns- og tariffspørsmål, hovedsakelig uten innblanding fra politiske myndigheter. Vår form for lønnsdannelse har bidratt til å disiplinere og ansvarliggjøre begge parter i arbeidslivet. Flertallet mener at vår form for lønnsoppgjør og ‑dannelse også har bidratt til medbestemmelse og anerkjennelse av partenes uavhengige rolle i samfunnet, samt sørget for en gunstig kjøpekraftsutvikling og stabil utvikling i norsk økonomi. Holden III-utvalget (NOU 2013:13) konkluderer også med at vår form for lønnsdannelse er til gunst for samfunnet. Flertallet ser ikke noen god grunn til at myndigheter med vekslende politisk flertall skal overta det systemet for lønnsdannelse som har fungert bra frem til nå.
Flertallet viser til at inngåelsen av den første Hovedavtalen i 1935 ble et tidsskille for organiseringen av det norske arbeidslivet. Hovedavtalen kalles gjerne «arbeidslivets grunnlov» og må ses på som et uttrykk for hovedorganisasjonenes tradisjonelle ønske om å inngå avtaler om lønns- og tarifforhold, fremfor å få disse forholdene regulert ved lov eller myndighetsbeslutninger.
Flertallet viser til at i de fleste av EUs medlemsland (23 av 28) er det i dag innført en eller annen form for lovbestemt minstelønn. Tyskland er det seneste landet som vedtok en lovbestemt minstelønn, på 8,50 euro per time. Flertallet viser til at fellestrekk for disse EU-landene er at de mangler brede hovedavtaler eller sentrale hovedsammenslutninger som aksler oppgaven med å ta ansvaret for en helhetlig lønnsdannelse. I Tyskland har eksempelvis organisasjonsgraden på ganske få år sunket til 18 pst. For mange europeiske land var innføring av minstelønn et forsøk på å demme opp for sosial dumping, men resultatet har vært at minstelønnen blir en standardlønn for de som tjener minst, ofte 30–50 pst. under gjennomsnittslønn (Fafo-rapport 2012:07, side 31, fig 3.3). Denne rapporten kan ikke tolkes som noen støtte til forslaget om å vedta minstelønn i Norge.
Flertallet viser til at Norge skiller seg ut ved at landet har sterke arbeidsgiver- og arbeidstakerorganisasjoner som evner å fremforhandle landsomfattende lønns- og tariffavtaler. Flertallet viser til at en nedre grense for lønnsnivået dermed er resultat av forhandlinger mellom arbeidstaker- og arbeidsgiverorganisasjonene, og ikke som resultat av en politisk bestemt minstelønn i det nasjonale lovverket. Flertallet mener at dette forhandlingssystemet bør videreføres, og ser ikke behovet for å utrede lovfesting av nasjonal minstelønn. Flertallet støtter derfor ikke representantforslaget.
Flertallet viser for øvrig til at Lov om allmenngjøring ble vedtatt i 2007, og allmenngjorte tariffavtaler etablerer et minste lønnsnivå for arbeidstakerne som ikke omfattes av ordinære tariffavtaler. Allmenngjøringsordningen er ikke direkte underlagt politisk styring, men overlatt til en statlig oppnevnt tariffnemnd. Nemnden består av fem medlemmer, hvorav én fra hver av partene og tre som er nøytrale. Flertallet mener at allmenngjøring av tariffavtaler er et godt virkemiddel for å etablere anstendige lønns- og arbeidsvilkår i utsatte bransjer. Flertallet viser til at statsråden i sitt svarbrev av 17. september 2014 skriver at regjeringen har igangsatt et eksternt forskningsprosjekt som skal se på virkningene av allmenngjøringsordningen. Flertallet finner dette positivt.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet og Venstre meiner det er nødvendig å gjere fleire av reguleringane i arbeidslivet universelle for å hindre sosial dumping, og gjere dei uavhengige av om arbeidsplassen har tariffavtale eller ikkje.
Desse medlemene viser til at fleire forskingsrapportar dei seinare åra har avdekka useriøsitet og omfattande sosial dumping innanfor fleire bransjar, som mellom anna bygg, industri og private tenestebransjar som reinhald og bemanning. Seinast i januar 2014 vart det lagt fram ein Fafo-rapport som viste at mengda av lovbrot i utelivsbransjen er svært høg, samstundes som det er store manglar når det gjeld arbeidskontraktar, arbeidstid og overtid.
Desse medlemene viser til at arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter regulerer mange vesentlege forhold knytt til arbeidsvilkår i Noreg, men det finst ingen lovregel som regulerer ei konkret nedre grense for kva ein ser som akseptabel løn. Minstelønsreguleringar i Norge har tradisjonelt vore overlatne til partane sin autonomi, men EU si austutviding i 2004 gjorde at denne ordninga måtte supplerast av allmenngjering av minstelønssatsar innanfor bransjar som opplevde høg grad av arbeidsinnvandring frå dei nye medlemsstatane, det vil seie bygg-, skips- og verftsindustrien, landbruk og reinhald.
Desse medlemene meiner at lovfesta minsteløn kan vere eit supplement eller eit alternativ til allmenngjering av avtalar. Med lovfesta minsteløn meiner ein eit minste lønsnivå som anten blir fastsett ved lov eller ved heimel i lov av dei folkevalde. Ei lovfesta minsteløn set eit golv for løn. Dette golvet er fråvikeleg oppover, men ikkje nedover.
Desse medlemene viser til Fafo-rapporten 2012:07 «Lovfesta minstelønn i Norden og Europa», som slår fast at ei nasjonal, lovfesta minsteløn i Noreg vil kunne gi vern til sårbare grupper i svakt organiserte område, der regulering gjennom tariffavtalar eller allmenngjering er lite aktuelt. Vidare peiker rapporten på at etableringa av eit nasjonalt minstelønsgolv kan hindre framveksten av nye låglønssjikt og sikre at alle arbeidstakarar får ei inntekt ein kan leve av. I tillegg er nasjonal lovfesta minsteløn ei regulering som det er lett å formidle til arbeidstakarar og arbeidsgjevarar, og ho er lett å kontrollere. Desse medlemene meiner dette er ein fordel særleg med tanke på arbeidsinnvandrarar og utanlandske verksemder.
Sjølv om det finst mange gode grunnar til å innføre nasjonal minsteløn i Noreg, er det også behov for meir kunnskap på området. Det er på det reine at ei lovfesta nasjonal minsteløn vil få ulike konsekvensar i Noreg, og desse medlemene meiner at desse bør utgreiast. Forskingsrapportar som berre tek utgangspunkt i erfaringane med minsteløn i Europa, er ikkje tilstrekkeleg for å avdekkje korleis eit system med lovfesta minsteløn i Noreg vil fungere. Difor meiner forslagsstillarane at spørsmålet om minsteløn bør bli ei sak for offentleg utgreiing.
Desse medlemene viser til at Virke og YS gav uttrykk for at dei støttar dette synspunktet under høyringa om saka den 21. oktober 2014. Virke uttalte det på følgjande måte:
«Når vi alle er oppteken av å sikre tilsette sømmelege lønnsvilkår og verksemdene like konkurransevilkår, må vi vere villige til å vurdere alle tiltak, medrekna lovfesta minstelønn. Virke meiner difor at det er på tide at det blir utgreitt om ei lovfesta minimumslønn kan vere eit alternativt eller eit supplement til allmenngjering av tariffavtalar. Dersom ei grundig utgreiing viser at lovfesta minstelønn ikkje er vegen å gå, skal Virke vere den fyrste til å akseptere det. I dag blir diskusjonen prega av for mykje synsing og for lite fakta.»
Desse medlemene viser til representantforslaget og fremjar følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa greie ut og i eigna form leggje fram spørsmålet om lovfesting av minsteløn.»
Medlemene i komiteen frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at forslagstillarane grunngjev forslaget om utgreiing av nasjonal minsteløn i Noreg med at «det er nødvendig å gjere fleire av reguleringane i arbeidslivet universelle for å hindre sosial dumping, og gjere dei uavhengige av om arbeidsplassen har tariffavtale eller ikkje.» Desse medlemene vil vise til at omfanget av negativt press på norske løns- og arbeidsvilkår har auka i takt med liberaliseringar av den norske arbeidsmarknaden og det stadig større innslaget av utanlandsk arbeidskraft i Noreg som følgje av avtalen om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS).
Desse medlemene viser til at Senterpartiet røysta imot EØS-avtalen då eit fleirtal på Stortinget vedtok denne i 1992. Desse medlemene viser til at omfanget av EØS-innvandringa auka kraftig etter utvidinga av Den europeiske unionen (EU) austover i 2004 og 2007. Dette har medført til dels store negative konsekvensar for løns- og arbeidsvilkåra for norske arbeidstakarar i fleire yrkesgrupper som er utsett for det enorme tilbodet av utanlandsk arbeidskraft. Desse medlemene viser vidare til at dei yrkesgruppene som tapar mest på denne konkurransen, får svekka attraktivitet og status hjå norske ungdommar, noko som igjen får negative konsekvensar for framtidig utvikling av løns- og arbeidsvilkår.
Desse medlemene vil vise til at De Facto kunnskapssenter for fagorganiserte nyleg gav ut rapporten «Mot et tredelt arbeidsliv – Norsk arbeidsliv ti år etter øst-utvidelsen av EU». Denne rapporten dokumenterer at ordna løns- og arbeidsvilkår er utsett for eit voldsamt press i delar av norsk arbeidsliv og at desse problema spreier seg til stadig nye bransjar. Der problema er størst, blir òg fagrørsla svekka mest. Organisasjonsgraden fell. Brutaliseringa aukar. Rapporten dokumenterer at åtaka på løns- og arbeidsvilkåra er ein direkte konsekvens av EØS-avtalen sitt fri flyt-regime og EU/EØS-retten sitt prinsipp om at fri rørsle skal prioriterast framfor vern av arbeidstakarane. Gjennom stadig nye direktiv og dommar blir norske styresmakter sine moglegheiter til å stilla krav om ordna løns- og arbeidsvilkår til føretak som opererer i Noreg, innskrenka som følgje av korleis Noreg praktiserer oppfølginga av EØS-avtalen. Desse medlemene siterer frå innleiinga i rapporten: «Outsourcingen av arbeidslivspolitikken til Brussel svekker fagbevegelsen og gjør kampen vanskeligere.» Desse medlemene vil understreka at det påkviler norske styresmakter eit stort ansvar å forsvara norske løns- og arbeidsvilkår og at denne kampen må førast òg mot EU-direktiv som medverkar til nettopp dette. Desse medlemene ser EØS-avtalen som det største trugsmålet mot kampen for å forsvare norske løns- og arbeidsvilkår for arbeidstakarar i Noreg.
Desse medlemene viser til at Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti går imot nasjonal minsteløn.