Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Sammendrag

Fleire av dei frivillige organisasjonane ein finn i Noreg i dag, har vore viktige husbyggarorganisasjonar. Frå tidleg på 1900-talet blei det bygd mange hundretals ungdomshus, bedehus, Folkets hus, losjar og andre typar forsamlingshus rundt om i landet. Husa er framleis viktige for den levande kulturen og kulturlivet i bygdene rundt om i landet. Dei frivillige organisasjonane byggjer framleis lokale kulturbygg.

Samtidig har det dei siste tiåra blitt bygd mange kommunale kulturhus. Desse husa konkurrerer ofte med dei organisasjonseigde kulturbygga om viktige offentlege tilskotsordningar. Mange av dei organisasjonseigde kulturhusa har etter kvart eit tydeleg vedlikehaldsetterslep, og behovet for ombyggingar og modernisering er stort.

Spørsmålet er i kva grad staten og fylkeskommunane kan vere med på å gje dei organisasjonseigde kulturbygga betre rammevilkår. I dag er det særleg to tilskotsordningar som kan trekkjast fram: den desentraliserte tilskotsordninga for lokale kulturbygg og momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar.

Det er, etter forslagsstillarane si vurdering, uheldig at organisasjonseigde og offentleg eigde kulturbygg konkurrerer om dei same midlane. Tilskotsordninga bør delast i to, slik at offentleg eigde bygg og organisasjonseigde bygg har to ulike pottar, og slik at ein unngår at dei organisasjonseigde kulturbygga må konkurrere med offentleg eigde bygg. Frivillige lag og organisasjonar som eig kulturhus får ikkje nokon momskompensasjon ved nybygg, påbygg eller ombyggingar, altså vesentlege kostnadspostar for desse organisasjonane. Forslagsstillarane meiner at momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar derfor må endrast slik at lokale lag og foreiningar som eig lokale kulturbygg også må sikrast momskompensasjon ved ny-, om- og påbyggingskostnader.

Forslagsstillarane fremjar følgjande forslag:

  • «1. Stortinget ber regjeringa betre dei økonomiske rammevilkåra for organisasjonseigde kulturbygg ved at momskompensasjon også blir gitt for ny-, på- og ombyggingskostnader for bygg, anlegg eller annan fast eigedom.

  • 2. Stortinget ber regjeringa om at det blir oppretta ei eiga tilskotsordning for organisasjonseigde kulturbygg, innanfor den desentraliserte tilskotsordninga for lokale og regionale kulturbygg.»