Sammendrag
Det vises til Prop. 1 S (2014–2015) for omtale av norsk svalbardpolitikk og nærmare omtale av forslag til svalbardbudsjett for 2015 samt forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet.
Svalbard omfattar alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd og 74 og 81 grader nordleg breidd. Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 anerkjenner norsk suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa.
Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.
Justis- og beredskapsdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er dels verksemd på Svalbard underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, og dels verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.
Regjeringas forslag til budsjettramme på svalbardbudsjettet for 2015 var 417 792 000 kroner. Dette er 37 534 000 kroner, eller 8,2 prosent mindre i forhold til vedtatt budsjett for 2014. I forbindelse med budsjettforliket mellom regjeringspartiene og Kristelig Folkeparti og Venstre ble svalbardbudsjettet økt med 100 000 kroner til 417 892 000 kroner. Dette er 37 434 000 kroner eller 8,2 prosent mindre i forhold til vedtatt budsjett for 2014.