1. Samandrag
- Utbygging og finansieringsopplegg
- Styringsmodell for Vegpakke Harstad
- Overgangsordning inntil rentekompensasjon er etablert
- Avtale
Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av ei vegpakke for Harstad (Vegpakke Harstad) og overgangsordning for rentekompensasjonsordning for bompengelån.
Arbeidet med utforming av eit nytt transportsystem i Harstad blei sett i verk på grunn av dei trafikale utfordringane på innfartsåra langs rv. 83. På grunn av venta trafikkauke og av omsyn til trafikktryggleiken var det naudsynt med ein gjennomgang av gjeldande planar for strekninga.
Med Vegpakke Harstad skal det leggjast til rette for tilstrekkeleg kapasitet på hovudvegsystemet i sentrum av byen. Det viktigaste prosjektet er bygginga av ein tunnel utanom sentrum for å avlaste sentrumsgatene og kommunale gater i øvre bydel. Tunnelen vil frigjere areal og legge til rette for å betre vilkåra for kollektivtransport, gåande og syklande.
I utforminga av Vegpakke Harstad er det fokusert på å betre miljøet og trafikktryggleiken. Eit overordna mål for pakka er at Harstad sentrum i 2040 skal ha eit transportsystem som gir eit godt bumiljø og gjer det triveleg å gå, sykle og opphalde seg i sentrum. Utbyggingsplanen for Vegpakke Harstad er vist i tabell 2.1 i proposisjonen. Tiltaka blir finansierte med bompengar, statlege og fylkeskommunale midlar.
Vegpakke Harstad har eit samla kostnadsoverslag på 1 550 mill. 2014-kroner. I tillegg har Troms fylkeskommune sett av 40 mill. kroner til å auke kollektivtilbodet i bompengeperioden. Det er lagt til grunn ein samla byggeperiode på seks–sju år med anleggsstart hausten 2014.
Riksvegprosjekta i Vegpakke Harstad er kostnadsrekna til 1 184 mill. kroner, dei fylkeskommunale prosjekta til 162 mill. kroner og dei kommunale prosjekta til 164 mill. kroner. I tillegg kjem 40 mill. kroner til etablering av bomstasjonar
Den lokalpolitiske handsaminga går fram av pkt. 3 i proposisjonen
Trafikkgrunnlaget og finansieringsplanen har vore til ekstern kvalitetssikring (KS2). Samferdselsdepartementet finn både trafikkgrunnlaget og føresetnadene for finansieringsopplegget sannsynlege og robuste. Forventa trafikkvekst blir vurdert som konservativ.
Finansieringa av Vegpakke Harstad er basert på innkrevjing av bompengar, samt statlege (540 mill. kroner), fylkeskommunale (53 mill. kroner) og kommunale midlar (31 mill. kroner). Bompengar utgjer 926 mill. kroner, inkl. bygging av bomstasjonar.
Bompengeopplegget med basisføresetnader går fram av pkt. 5 i proposisjonen. Det er lagt opp til å starte innkrevjinga av bompengar i 2015 og innkrevjingsperiode om lag 15 år. Basert på føresetnadene er dei samla bompengeinntekter rekna til om lag 1 700 mill. kroner i 2014-prisar. Av dette er om lag 890 mill. kroner føresett nytta til investeringar i prosjekt og tiltak innafor Vegpakke Harstad, om lag 40 mill. kroner til etablering av bomstasjonar, om lag 410 mill. kroner til å dekke finansieringskostnader og om lag 360 mill. kroner til å dekke innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.
Som omtalt i Prop. 97 S (2013–2014), legg regjeringa opp til ei omorganisering av bompengesektoren frå dagens mange bompengeselskap til eit fåtal selskap. For å spare bilistane for å dekke store løpande finansieringskostnader, vil regjeringa òg innføre ei rentekompensasjonsordning for bompengelån, samt ei overgangsordning for denne.
I samband med KS2 for Vegpakke Harstad tilrådde ekstern kvalitetssikrar at det blir vurdert ei noko anna innretning på bompengeopplegget, mellom anna einvegs innkrevjing. Samferdselsdepartementet legg i første omgang til grunn eit bompengeopplegg med tovegs innkrevjing i åtte innkrevjingspunkt, i tråd med dei lokalpolitiske vedtaka. Departementet legg likevel opp til at det kan gjerast endringar i takst- og innkrevjingsopplegget for Vegpakke Harstad, jf. mellom anna ekstern kvalitetssikrar si tilråding av einvegsinnkrevjing, og overgangsordninga for rentekompensasjonsordning, jf. pkt. 7 i proposisjonen.
Vegpakke Harstad skal gjennomførast som eit porteføljestyrt prosjekt med fleire delprosjekt innafor 5 tiltaksområde. Porteføljestyring vil sikre ei optimal prosjektgjennomføring i høve til dei strategiske og økonomiske måla for pakka.
Bygginga av tunnel utanom Harstad sentrum er høgt prioritert då dette er eit prosjekt med få høve til å kutte i kostnadene. Utover tunnelprosjektet vil ikkje gjennomføringa av Vegpakke Harstad bli låst til ei gitt framdrift eller rekkjefølgje på delprosjekta.
Som for andre bompengepakkar er det føresett at utbygginga blir tilpassa den økonomiske ramma.
Det er etablert ei styringsgruppe for Vegpakke Harstad som skal prioritere tiltaka innafor kvart område ut frå gitte faglege og politiske rammer. Styringsgruppa er sett saman av representantar frå Harstad kommune, Troms fylkeskommune og Statens vegvesen.
Departementet viser til Prop. 97 S (2013–2014) der ei ordning med rentekompensasjon for bompengelån er omtalt. Fram til ny ordning er på plass skal det for nye bompengeprosjekt som vil inngå i dei nye bompengeselskapa, som ei overgangsordning, kunne bereknast takstar baserte på 10-års statsobligasjonsrente.
Overgangsordninga vil gjelde nye prosjekt, det vil seie prosjekt der innkrevjinga ikkje er starta innan 20. juni 2014. Ordninga er nærare omtala i pkt. 7 i proposisjonen.
Overgangsordninga inneber for Vegpakke Harstad at lokale garantistyresmakter får tilbod om at takstane kan baserast på lågare rente enn 6,5 pst. på bakgrunn av føresetnader omtala i proposisjonen. Samferdselsdepartementet ber Stortinget om fullmakt til å kunne gjere slike endringar. På vanleg måte vil det bli krevd at dei fylkeskommunale og kommunale garantiane blir godkjend av høvesvis Kommunal- og moderniseringsdepartementet og fylkesmannen.
Departementet legg til grunn at ei tilsvarande overgangsordning òg skal gjelde for prosjekt som allereie er lagt fram for og behandla av Stortinget, men der innkrevjinga ikkje er starta opp pr. 20. juni 2014.
Viss takstane skal reduserast gjennom anna berekningsteknisk rente, er det naudsynt med nytt vedtak i Stortinget. Samferdselsdepartementet foreslår at dette vert gjort ved at departementet får ei generell fullmakt, jf. forslag til vedtak 3 i proposisjonen. I så fall vil det måtte krevjast nye garantivedtak som på vanleg måte skal godkjennast av høvesvis Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Fylkesmannen.
For prosjekt som ikkje er lagt fram for Stortinget og der lokalpolitiske vedtak enno ikkje er fatta, skal takstane som blir lagt til grunn i vedtaka, vere basert på ei rente i intervallet mellom 6,5 pst. og 10-års statsobligasjonsrente i tråd med føresetnadene nemnd i proposisjonen.
Etter at Stortinget har gjort vedtak om utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Harstad kommune i Troms (Vegpakke Harstad), vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetningane som er lagt til grunn i proposisjonen.