Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2014 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2014 mv.)

Innhold

Til Stortinget

Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg i proposisjonen fram sak om lønsregulering frå 1. mai 2014 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv. og om endringar i statsbudsjettet for 2014.

Det vert i proposisjonen vist til at forhandlingane mellom staten v/Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane for tenestemenn, LO Stat, YS Stat, Unio og Akademikerne, om ny hovudtariffavtale i staten for perioden 1. mai 2014 til 30. april 2016, vart innleia 7. april 2014.

Forhandlingane heldt fram til 30. april. På bakgrunn av staten sine krav/tilbod 30. april, kravde LO Stat, YS Stat, Unio og Akademikerne forhandlingane avslutta på møtet den 30. april kl. 16.00, og det vart konstatert brot i forhandlingane.

Meklinga mellom partane vart opna 5. mai 2014 hos Riksmeklaren, og heldt fram til og med 26. mai 2014 der Riksmeklaren la fram forslag til nye hovudtariffavtalar i staten. Riksmeklaren sitt forslag vart same dagen akseptert av staten og Akademikerne. LO Stat, YS Stat og Unio orienterte om at dei tilrådde meklingsresultatet og ville sende det ut til avrøysting. Svarfristen for avrøystinga er sett til 20. juni 2014.

Hovudtrekka i Riksmeklaren sitt forslag går fram av proposisjonen og er dels gitt igjen her:

Oppgjeret for første avtaleår inneber ein årslønsauke på 3,3 pst, på linje med arbeidslivet elles. I fall årslønnsauka i det statlege tariffområdet syner seg å avvike frå lønsutviklinga elles i arbeidslivet skal dette reflekterast i dei tillegga som vert gitt i mellomoppgjeret i 2015. Øvrige løns- og arbeidsvilkår i hovudtariffavtalane vert i hovudsak vidareført.

Det er gitt generelle tillegg på hovudlønstabellen i staten – tabell A – frå 1. mai 2014. Frå og med lønstrinn 19 til og med lønstrinn 53 vert det gitt eit tillegg frå 6 500 til 8 800 kroner. Frå og med lønnstrinn 54 til og med lønnstrinn 101 vert det gitt eit tillegg på 1,98 pst.

I første avtaleår vert sentrale tiltak per 1. juli 2014 iverksatt innanfor ei økonomisk ramme på 0,08 pst. per dato. Tiltaka fører mellom anna til at nokre tilsette får eit lønstrinn i tillegg.

Med verknad frå 1. august 2014 skal det førast lokale forhandlingar innanfor ei økonomisk ramme på 1,75 pst. per dato av lønsmassen.

Det vert avsett til saman 35 mill. kroner til kompetanseutvikling, medbestemming og omstillingsarbeid for heile tariffperioden, 1. mai 2014–30. april 2016. Sjå proposisjonen for nærare omtale.

Forhandlingsstadene for tariffperioden 2014–2016 vert fastsett med verknad frå 1. mai 2014.

Det er tatt inn i hovudtariffavtalane ei ny «Intensjonserklæring om omstilling under trygghet». I tillegg har partane blitt samde om nedsetjing av ei partsamansett arbeidsgruppe som skal «vurdere hvordan arbeidstidsordningen i staten best kan sikre fleksibilitet, gode arbeidsforhold inkludert HMS og tilpasses virksomhetenes utfordringer fremover».

Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber i proposisjonen om fullmakt til å gjere avtalane gjeldande for arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett – og som difor ikkje direkte vert omfatta av dei avtalar som er inngått.

Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2014, er for tidsrommet 1. mai–31. desember 2014 rekna til om lag 2,155 mrd. kroner.

Overslaget omfattar alle tilsette som går inn under hovudtariffavtalane i staten. Meirutgifter som følgje av auka satsar for overtid og arbeidsgivaravgift er medrekna.

Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og forvaltningsbedrifter vert dekte innanfor budsjetta til verksemdene.

Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt fastsett i kontrakt, må dekkje meirutgifta av lønsregulering innanfor eksisterande budsjett.

Etter fråtrekk av det ovanfor nemnde er meirutgiftene rekna til 1,616 mrd. kroner. Etter vanleg praksis vert slike meirutgifter dekte ved at det vert ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, som Finansdepartementet får fullmakt til å fordele.

For perioden 1. mai 2014–30. april 2016 vert det avsett til saman 35 mill. kroner til kompetanseutvikling. Det vert foreslått løyvd 17,5 mill. kroner av avsetjinga i 2014. Dei resterande 17,5 mill. kroner vil verte foreslått løyvd på statsbudsjettet for 2015.

Departementet foreslår at tilskotet vert auka med 7,2 mill. kroner.

Det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil verte redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet 2014 til hausten.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen, og Eirik Sivertsen, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir S. Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, har ingen merknader og sluttar seg til proposisjonen.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2014 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

2315

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

1

Driftsutgifter, løyvd med

1 616 000 000

0502

Tilskot til kompetanseutvikling

70

Tilskot, kan overføres, løyvd med

17 500 000

0503

Midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde

Tilskot, auka med

7 209 000

70

frå kr 159 021 000 til kr 166 230 000

II

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2014 vert gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av LO Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund Stat,Unio og Akademikerne i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 26. mai 2014.

III

For embets- og tenestemenn som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romertall II og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsett i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romertall II gjelde. Embets- og tenestemenn som er tekne ut av hovudtariffavtalen, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.

IV

Stortinget samtykkjer i at Kongen på vegne av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 2014 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med lov om offentlege tenestetvistar av 18. juli 1958 § 31, andre ledd.

V

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 12. juni 2014

Helge André Njåstad

leiar og ordførar