Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

10. Overgangsforskrift i a-opplysningsloven

Finansdepartementet la i Prop. 112 L (2011–2012) fram forslag til lov om ei ny felles ordning (a-ordninga) for arbeidsgivar si innrapportering av tilsetjings- og inntektstilhøve m.m. til skatteetaten, arbeids- og velferdsetaten (Nav) og Statistisk sentralbyrå (SSB). Lovforslaget blei vedtatt av Stortinget og a-opplysningslova blei sanksjonert 22. juni 2012. Lova tek til å gjelde frå det tidspunktet Kongen bestemmer. Ordninga skal etter planen bli innført for dei opplysningspliktige frå 1. januar 2015.

Av omsyn til dei opplysningspliktige og for å få til ei mest mulig smidig innføring av ordninga, vil det kunne vere behov for at det blir gitt særskilte føresegner for einskilde opplysningspliktige i ein overgangsperiode. Det vil òg kunne vere behov for nærare reglar om prøvedrift. Departementet foreslår derfor at det blir gitt ei overgangsføresegn i a-opplysningslova som gir departementet heimel til i forskrift å fastsetje særskilte reglar om tilpassa innføring og prøvedrift.

Det blir vist til ny § 12 a i a-opplysningslova. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.