Likningslova § 2-1 slår fast at skattekontoret
er likningsstyresmakt i første instans. Landet er delt opp i fem
regionar med eitt skattekontor i kvar region.
Kvart skattekontor består av fleire kontoreiningar.
Sentralskattekontoret for storbedrifter har fram til 31. desember
2013 vore ei kontoreining i regionen Skatt Øst. Eininga har ansvar
for liknings- og avgiftshandsaminga av dei største selskapa og konserna
i landet. Frå og med 2014 er Sentralskattekontoret for storbedrifter
skilt ut som eit eige skattekontor direkte underlagt Skattedirektoratet.
Den organisatoriske endringa er omtala i Prop. 1 S (2013–2014) for
Finansdepartementet side 81.
Likningslova § 2-1 gir føresegner om organiseringa
av skatteetaten. Sentralskattekontoret for storbedrifter er skilt
ut som eit sjølvstendig skattekontor med landsdekkjande verkeområde.
Departementet foreslår derfor ei lovendring slik at den nye organiseringa
vert uttrykkeleg forankra i lova. Det har lenge vore ei særskilt
skatteklagenemnd som handsamar saker som høyrer inn under Sentralskattekontoret
for storbedrifter, nemnd opp av departementet med heimel i likningslova
§ 2-2. Utskiljinga av kontoret til eit eige skattekontor gir ikkje
behov for å endre lovgivinga om nemnda.
Departementet viser til forslag til ny føresegn
i likningslova § 2-1 tredje punktum.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.