4. Avgiftsendringer
- 4.1 Oppheve båtmotoravgiften
- 4.2 Endring av avgiftsfrie kvoter ved privat innførsel av alkohol og tobakk
- 4.3 Elavgift – redusert sats til industrien m.m. og fritak for treforedlingsindustrien
Båtmotoravgifta er ei fiskal avgift og gjeld båtmotorar med minst 9 hestekrefter. Statens inntekter frå avgifta er for 2014 berekna til 175 mill. kroner.
Særavgifta på båtmotorar blei innført i 1978 i samband med økonomiske innstrammingstiltak og for å dempe auken i det private forbruket. Det blei òg vist til at særavgifta kunne medverke til å vri etterspurnaden mot mindre og billegare motorar, noko som blei rekna for tenleg ut frå ein miljø- og ressurssynsvinkel. Det har i seinare tid skjedd ei stor utvikling for motorar kor både forureining og støy er redusert. Det er eksempel på motorar kor forbruket av drivstoff er redusert mellom 20 og 50 pst. jamført med tidlegare utgåve av motoren. Lokal forureining frå båtmotorar er truleg også mindre frå nyare båtmotorar enn frå eldre motorar. Drivstoff til båtar har dessutan CO2-avgift som prisar utsleppet av CO2.
I praksis er båtmotoravgifta den av dei tradisjonelle vareavgiftene som har flest saker overfor privatpersonar for ulovleg innførsel. Det er dessutan fleire tilfelle med feilklassifisering av motorar. Dette gjer at avgifta er forholdsvis ressurskrevjande for avgiftsstyresmaktene. Til skilnad frå eingongsavgifta som gjeld bilar, kor det blir tatt omsyn til eit bruksfrådrag i avgifta ved import av brukte bilar, har båtmotoravgifta same sats uavhengig av om det er ein ny eller brukt motor.
Regjeringa foreslår å oppheve særavgifta på båtmotorar med verknad frå 1. juli 2014. Endringa blir anteken å gi eit provenytap på om lag 100 mill. kroner påløpt og 90 mill. kroner bokført i 2014. Ei oppheving av avgifta kan medverke til utskifting til meir drivstoffgjerrige og miljøvenlege båtmotorar.
Det kan bli seld nokre færre båtmotorar frå forslaget blir offentleggjort til avgifta blir oppheva 1. juli. Det kan ha mellombelse negative økonomiske verknader for mellom anna dei som forhandlar båtmotorar. Når avgifta er oppheva, vil etterspurnaden bli høgare enn i dag som følgje av at det blir rimelegare å kjøpe båtmotorar. Dei som eig båtmotorar, vil få eit verdifall på motorane. Fordi avgifta utgjer ein relativt liten del av prisen på motorar og båtar, er dei uheldige verknadene små, og det er derfor forsvarleg å oppheve avgifta frå 1. juli, og ikkje redusere den over noko tid.
Forhandlarane kan ha ubrukte motorar og båtar med motor kor avgifta allereie er betalt. Departementet foreslår ei fullmakt til å gi reglar om opphevinga, og om at avgift kan bli refundert for ubrukte motorar som er på lager. Det kan auke provenytapet i 2014 noko, men omfanget er usikkert. Det må setjast klare vilkår og fristar for slik attendebetaling, og det er ikkje ønskjeleg at avgiftsstyresmaktene skal bruke store ressursar for å handtere dette i ein overgangsperiode.
Departementet viser til forslag til vedtak om endring i vedtak om avgift på båtmotorer.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til regjeringens forslag, jf. forslag til avgiftsvedtak under kapittel 8 Komiteens tilråding.
Den avgiftsfrie kvoten for innførsel av tobakk er på 200 sigarettar eller 250 gram andre tobakkvarer, til dømes snus eller rulletobakk, og 200 blad sigarettpapir. Av alkohol kan ein ha med seg 1 liter brennevin, 1,5 liter vin og 2 liter øl. Ein kan bytte ut brennevinskvoten i 1,5 liter av anten vin eller øl, medan ein kan bytte ut vinkvoten i øl, liter for liter. Kvoten er til eige personleg/privat bruk og ein kan ikkje selje den vidare til andre. Kvoten for avgiftsfri innførsel av alkohol og tobakkvarer går fram av Finansdepartementet si forskrift 17. desember 2008 nr. 1502 til lov om toll og vareførsel (tollforskrifta).
Eit avgrensa avgiftsfritak for personar som reiser til eller frå utlandet medverkar til ei smidig grensepassering. Samtidig kan taxfree-handel bidra til noko auka forbruk av taxfree-varer og til at avgiftspliktig innanlandsk omsetning, mellom anna gjennom Vinmonopolet, vert redusert.
Som nemnt er kvoten til eige personleg/privat bruk, men det er grunn til å tru at nokre tar inn avgiftsfrie tobakkvarer for andre. Det er stor privat vinning ved å kjøpe i utlandet eller i taxfree-butikkane på grunn av det særskilt høge avgiftsnivået på tobakkvarer i Noreg.
Av omsyn til dei reisande foreslår regjeringa ei endring i reglane slik at ein kan bytte ut heile kvoten for tobakkvarer med maksimalt 1,5 liter vin. I tråd med reglane i dag bør ein kunne bytte den nye kvoten for vin i øl, liter for liter. Forslaget inneber at reisande kan ta med seg meir vin eller øl frå andre land eller frå taxfree-butikkar på ferjer og flyplassar dersom dei ikkje bruker kvoten sin for tobakk. Auka privat innførsel fører til at innanlandsk avgiftspliktig omsetning går ned. Samtidig forventar ein ein liten reduksjon i avgiftsfri omsetning av tobakkvarer. Dette skuldast at endringa truleg vil bidra til at nokre vil nytte kvoten for vin eller øl sjølve framfor å kjøpe med tobakkvarer for andre.
På usikkert grunnlag kan ein anslå at moglegheita til å bytte den avgiftsfrie kvoten for tobakkvarer med 1,5 liter avgiftsfri vin eller øl gir eit provenytap på rundt 100 mill. kroner påløpt og 80 mill. kroner bokført i 2014. Det er lagt til grunn at ein gjennomfører endringa frå 1. juli 2014.
Finansministeren har kompetanse til å justere tollforskrifta, men endra inntektsløyving krev eit eige stortingsvedtak. Ein vil komme tilbake til meir detaljerte reglar om ordninga etter at Stortinget sitt vedtak ligg føre. Det er på vanleg måte toll- og avgiftsetaten som må stå for den praktiske gjennomføringa av endringane gjennom endringar av gjeldande løyver for tollager C, jf. tollforskrifta § 4-30-13. Regjeringa foreslår at ein reduserer inntektsløyvinga i statsbudsjettet 2014 under kapittel 5521 post 70 Merverdiavgift med 20 mill. kroner og kapittel 5526 post 70 Avgift på alkohol med 100 mill. kroner. Ein aukar samtidig inntektsløyvinga under kapittel 5531 post 70 Avgift på tobakkvarer mv. med 40 mill. kroner. Departementet viser til forslag til vedtak i Prop. 93 S (2013–2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014.
Komiteen viser til de respektive merknader under de aktuelle poster.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, går imot regjeringens forslag.
Komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre slutter seg til regjeringens forslag.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti går imot regjeringens forslag om endringer av avgiftsfrie kvoter ved privat innførsel av alkohol og tobakk. Disse medlemmer mener det er feil prioritering å subsidiere økt bruk av alkohol.
Komiteen viser til at som følge av komiteens sammensetning, vil tilrådingen under kap. 5521 post 70 fremmes av komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.
Komiteen viser til at Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre i utgangspunktet utgjør flertallet i Stortinget.
Særavgifta på elektrisk kraft er 12,39 øre per kWh i 2014. Kraft som blir brukt til kjemisk reduksjon eller elektrolyse, metallurgiske og mineralogiske prosessar er friteken. Fritaket omfattar storparten av forbruket i den kraftintensive industrien. Annan industri betalar redusert sats (0,45 øre per kWh) for kraft som blir nytta i produksjonsprosessen, medan energiintensive foretak i treforedlingsindustrien som deltek i godkjent program for energieffektivisering (PFE-ordninga) har fritak for kraft som blir nytta i produksjonsprosessen. EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) har godkjent redusert sats til industrien m.m. og fritak for treforedlingsindustrien som deltek i PFE-ordninga som offentleg støtte fram til 30. juni 2014.
Den reduserte satsen til industrien m.m. kan halde fram etter retningslinjene for miljøstøtte og fell inn under det alminnelege gruppeunntaket for støtte til miljøtiltak. Nærings- og fiskeridepartementet vil i samråd med Finansdepartementet sende ei forenkla melding til ESA om vidareføring av den låge satsen til industrien m.m.
PFE-ordninga omfattar storparten av forbruket av elektrisk kraft i treforedlingsindustrien. Det er i dag åtte bedrifter som brukar ordninga, medan til saman 13 bedrifter har vore inne i ordninga dei siste åra. Reduksjonen skuldast i hovudsak konkursar og nedleggingar pga. svak lønnsemd. Bedriftene som deltek i ordninga i dag, sparar om lag 16 mill. kroner årleg i avgift. Bedriftene forpliktar seg samtidig til å innføre system for energileiing og kartleggje og gjennomføre ulike effektiviseringstiltak.
Finansdepartementet vil i samråd med Nærings- og fiskeridepartementet og Olje- og energidepartementet notifisere ei vidareføring av fritaket for treforedlingsindustrien til ESA. Fordi førebuingsarbeidet med notifikasjonen vil krevje noko tid, og på grunn av tida til sakshandsaming i ESA er det ikkje truleg at ESA kan gjere eit vedtak før 1. juli 2014. Finansdepartementet må derfor mellombels oppheve gjeldande fritak frå 1. juli 2014. Opphevinga inneber at treforedlingsindustrien må betale redusert sats inntil avklaring med ESA. Regjeringa vil uansett arbeide for at ESA skal godkjenne fritaket slik at det gjeld frå 1. juli 2014. Dersom ESA godkjenner fritaket med verknad frå 1. juli 2014, vil treforedlingsindustrien få avgifta refundert. Departementet viser til forslag om mellombels oppheving av vedtaket om avgift på elektrisk kraft § 2 fyrste ledd bokstav h.
Komiteen slutter seg til regjeringens forslag, jf. forslag til avgiftsvedtak under kapittel 8 Komiteens tilråding.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at regjeringens mål er at treforedlingsindustrien som i dag tilfredsstiller krav til fritak for elavgift i Norge, fortsatt skal ha fritak for denne avgiften. Ny notifikasjon av fortsatt fritak for elavgift for treforedlingsindustrien er imidlertid ennå ikke på plass, og som et sikkerhetstiltak i påvente av endelig notifisering innføres elavgift med redusert sats som et midlertidig tiltak fra 1. juli 2014. Disse medlemmer vil understreke at det er regjeringens hensikt å arbeide for at ESA godkjenner fritaket med virkning fra og med 1. juli 2014, slik at innbetalt avgift kan tilbakebetales når notifisering av fortsatt fritak for elavgiften er på plass.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti har merket seg at regjeringen nå har igangsatt arbeidet med en videreføring av fritak for elavgift for treforedlingsindustri som utløper 30. juni 2014, gjennom å forberede en notifisering av videreføring av fritaket til ESA.
Disse medlemmer er kjent med at ESAs godkjennelse av fritaket i perioden 2004–2014 har vært gitt slik at energiintensiv industri kan omfattes av et fritak mot deltagelse i Program for energieffektivisering og at dette har gitt gode resultater i form av mer effektiv energibruk.
Forberedelsene med notifikasjonen og behandlingen av i ESA vil imidlertid ta tid, slik at fritaket oppheves fra 1. juli 2014 og treforedlingsindustrien må betale en redusert sats inntil videreføring av fritaket eventuelt er avklart med ESA. Disse medlemmer er kjent med at industrien har etterlyst regjeringens engasjement i denne saken. Regjeringens arbeid er igangsatt for sent til å videreføre ordningen fra 1. juli 2014. Det er alvorlig for treforedlingsindustrien, en industri som regjeringen Stoltenberg II iverksatte flere tiltak for å støtte opp om den videre utviklingen av. I et felles brev fra Fellesforbundet og Norsk Industri til regjeringen av 24. januar i år understreker organisasjonene følgende:
«Det er svært viktig at myndighetene starter dette arbeidet allerede nå og at effekten av energieffektiviseringsordningen dokumenteres gjennom en rapport fra NVE. Det er av helt avgjørende betydning for treforedlingsindustrien i Norge at avgiftsfritaket videreføres. I en presset bransje er dette et av de viktigste tiltakene som kan bidra til å opprettholde konkurransekraften til denne industrien i Norge, samtidig som dette bidrar til å sikre fortsatt aktivitet i hele den skogbaserte verdikjeden.»
Ifølge Norske Skog øker elavgiften kostnadene for bedriftene, forverrer reell konkurransekraft og reduserer tilgjengelige midler til energieffektivisering.
Disse medlemmer reagerer på at regjeringen ikke har igangsatt arbeidet med notifiseringen tidligere og vil understreke viktigheten av at en videreføring av ordningen notifiseres til ESA så raskt som mulig.