Innstilling frå næringskomiteen om endringar i EØS-høringsloven (europeisk standardisering)
Dette dokument
- Innst. 243 L (2013–2014)
- Kildedok: Prop. 79 L (2013–2014)
- Dato: 05.06.2014
- Utgiver: næringskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Nærings- og fiskeridepartementet foreslår i proposisjonen ei lovendring som gjev forskriftsheimel til å gjennomføre europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1025/2012 om europeisk standardisering. Departementet foreslår å ta forskriftsheimelen inn i lov 17. desember 2004 nr. 101 om europeisk meldeplikt for tekniske regler (EØS-høringsloven). Forordninga medverkar til å utvikle det europeiske standardiseringssystemet. Mellom anna inneheld ho reglar om standardar for tenester, betre medverknad frå små og mellomstore bedrifter og andre samfunnsaktørar i standardiseringsarbeidet og reglar som skal effektivisere samarbeidet mellom Europakommisjonen og dei europeiske standardiseringsorganisasjonane.
I kap. 2 til 4 i proposisjonen blir det gjort greie for bakgrunnen for saka, gjeldande rett og innhaldet i forordning (EU) nr. 1025/2012. Arbeidet med regelverket i EU og Noreg blir omtalt i kapittel 5. I kapittel 6 og 7 følgjer departementet sine vurderingar av saka og ein omtale av dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaget. Kapittel 8 i proposisjonen inneheld lovforslag og kommentarar til kvar enkelt føresegn.
Forordninga vart vedteken 25. oktober 2012 med verknad i EU-medlemslanda frå 1. januar 2013. Gjennom forordninga blir det rettslege grunnlaget for europeisk standardisering samla i éi rettsakt, og det blir innført reglar som skal utvikle det europeiske standardiseringssystemet.
EØS-komiteen vedtok den 14. februar 2014 å innlemme europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1025/2012 om europeisk standardisering i EØS-avtalen. Noreg var med på vedtaket med atterhald om samtykke i Stortinget, jf. kgl.res. av 7. februar 2014. Utanriksdepartementet fremmar parallelt med dette lovforslaget ein prop. S om samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Dersom Stortinget samtykkjer, vil det innebere ei plikt til å gjennomføre forordninga i norsk rett. Etter EØS-avtalen artikkel 103 skal eit vedtak i EØS-komiteen som ein hovudregel gjennomførast innan utgangen av seks månader etter vedtaket i EØS-komiteen, dvs. innan 14. august 2014 i dette tilfellet. Ei uoffisiell norsk omsetting av forordninga er teken inn som vedlegg til proposisjonen.
Standardar er viktige for å sikre at produkt og produksjonsprosessar har tilsikta kvalitet og eigenskapar i samsvar med krav frå marknaden og styresmaktene. Å leggje til rette for å bruke standardar i ulike deler av samfunnet er ein del av næringspolitikken og medverkar til meir effektiv utnytting av samfunnet sine ressursar. Standardar er eit kollektivt gode som mange aktørar kan nytte seg av. Marknaden vil ikkje nødvendigvis av seg sjølv få fram det settet av standardar som er ønskjeleg for samfunnet som heilskap. Europeisk standardisering er viktig for å harmonisere tekniske krav til varer i EØS, og det har hatt mykje å seie for realiseringa av den indre marknaden.
Departementet meiner at føresegnene i forordninga om betre involvering i standardiseringsprosessane av små og mellomstore bedrifter og andre partar som saka vedkjem, er viktige. Gjennomgangen av det europeiske standardiseringssystemet i 2008–2010 viste at det er behov for dette. Etter kvart som standardar blir nytta på stadig fleire område, er det behov for at organisasjonar som representerer ulike interesser blir involverte. Det gjeld til dømes forbrukarar, miljøorganisasjonar og partane i arbeidslivet.
Tenester er eit område der fordelane med ein felles europeisk marknad er langt mindre utnytta enn for varer sin del. Større bruk av europeiske standardar kan styrkje den europeiske tenestesektoren og gjere han meir innovativ og konkurransedyktig. Slik departementet ser det er det viktig at tenestesektoren blir inkludert i det rettslege rammeverket for europeisk standardisering.
I EU gjeld forordningar som overnasjonale lover i den enkelte medlemsstat i kraft av å vere vedtekne av dei kompetente EU-organa. Sidan EØS-avtalen ikkje inneber overføring av lovgjevingsmyndighet til fellesskapsorgana, må regelverket gjennomførast i nasjonal rett.
Etter artikkel 7 bokstav a i EØS-avtalen skal ei forordning «som sådan gjøres til del av avtalepartenes interne rettsorden». Dette inneber at forordninga skal gjennomførast ved inkorporasjon. Inkorporasjon inneber at ein vedtek ei lov- eller forskriftsføresegn som fastset at forordninga i EØS-tilpassa form skal gjelde direkte i norsk rett.
Departementet legg til grunn at det ikkje ligg føre heimel i gjeldande norsk rett for å gjennomføre forordning (EU) nr. 1025/2012, men at det ligg til rette for å omstrukturere EØS-høringslova slik at ho gjev heimel til å gjennomføre forordninga. Det er gjort nærare greie for dei konkrete endringsforslaga i merknader til føresegner i lovutkastet.
Departementet viser elles til at høyringsinstansane i begge høyringsrundane i all hovudsak har vore positive til forslaget. Sidan forordninga allereie har tredd i kraft i EU, foreslår departementet at lovendringa trer i kraft straks.
Forordninga inneber ei vidareføring av det eksisterande europeiske standardiseringssystemet. Forordninga samlar det rettslege grunnlaget for europeisk standardisering i ei rettsakt og legg til rette for at standardisering kan nyttast på fleire område.
Innføring og gjennomføring av forordninga er ikkje venta å ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Noreg deltek allereie i det europeiske standardiseringssystemet, og dei norske standardiseringsorganisasjonane får statlege tilskot. Eventuelle auka utgifter knytt til plikter i forordninga kan dekkjast innanfor dei gjeldande rammene til dei fagansvarlege departementa.
Fleire av føresegnene i forordninga er retta mot dei europeiske standardiseringsorganisasjonane og Europakommisjonen. Desse føresegnene vil ikkje ha administrative eller økonomiske konsekvensar i Noreg.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, frå Høgre, Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Trellevik, frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen, Øyvind Korsberg og Jørund Rytman, frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, frå Senterpartiet, leiaren Geir Pollestad, og frå Venstre, Pål Farstad, viser til EØS-komiteen sitt vedtak den 14. februar 2014 om å innlemme europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1025/2012 om europeisk standardisering i EØS-avtalen.
Komiteen merkar seg at formålet med forordninga er å sikre like standardar for ei rekke tenester og varer. Dette vil fremme konkurransen i den indre marknaden. Både føretak og handel ekspanderer i større grad over landegrensene, og like standardar vil forenkle. Forordninga skal medverke til å utvikle standardiseringssystemet og skal gje små og mellomstore bedrifter og andre samfunnsaktørar betre medverknad i standardiseringsarbeidet.
Komiteen understreker betydinga av at tilgang til marknaden på like vilkår vil medverke til forenkling og færre kostnader for næringslivet, og merker seg at forordninga skal medverke til nettopp dette.
Komiteen sluttar seg til regjeringa sitt framlegg til vedtak.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak til lov
om endringar i EØS-høringsloven (europeisk standardisering)
I
I lov 17. desember 2004 nr. 101 om europeisk meldeplikt for tekniske regler blir det gjort følgjande endringar:Tittelen til lova skal lyde: Lov om europeisk meldeplikt for tekniske regler m.m. (EØS-høringsloven)§ 1 første ledd skal lyde:
Loven skal motvirke ulovlige handelshindringer og bidra til fri bevegelighet i EØS indre marked for varer og informasjonssamfunnstjenester, og etableringer av slike tjenester, gjennom et system for europeisk meldeplikt (EØS-høring) for forslag til tekniske regler. Loven skal også legge til rette for europeisk standardisering.
§ 2 nytt tredje ledd skal lyde:
Loven gjelder også for europeisk standardisering.
Noverande tredje og fjerde ledd blir fjerde og nytt femte ledd.
§ 15 overskrifta skal lyde:
Forskrifter om utforming og kunngjøring av meldinger m.m.
I kapittel V skal ny § 15 a lyde:
§ 15 a. Forskrifter om europeisk standardisering
Departementet kan ved forskrift gi nærmere regler om europeisk standardisering.
II
Lova gjeld frå det tidspunktet Kongen fastset.
Oslo, i næringskomiteen, den 5. juni 2014
Geir Pollestad |
Ove Trellevik |
leiar |
ordførar |