Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om utbygging og finansiering av rv. 13 ved Joberget i Hordaland gjennom utviding av Vossapakko
Dette dokument
- Innst. 208 S (2013–2014)
- Kildedok: Prop. 81 S (2013–2014)
- Dato: 27.05.2014
- Utgiver: transport- og kommunikasjonskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om delvis bompengefinansiering av prosjektet rv. 13 Joberget i Granvin kommune gjennom utviding av Vossapakko.
Prosjektet rv. 13 Joberget er omtalt i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023.
Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 61 (2008–2009) slutta Stortinget seg til eit opplegg for delvis bompengefinansiering av Vossapakko. Finansieringa av Vossapakko er basert på bompengar og statlege midlar.
I den opphavlege reguleringsplanen for prosjektet rv. 13 Øvre Granvin – Voss grense var det ved Øvre Vassenden i Granvin kommune lagt inn ein miljøtunnel på om lag 0,4 km. Kostnadene var kalkulerte til om lag 40 mill. kroner. Fylkeskommunen og kommunane Granvin og Voss har seinare slutta seg til at miljøtunnelen blir erstatta med eit prosjekt som m.a. omfattar ein lang tunnel ved Joberget, og det er lokalpolitisk tilslutning til delfinansiering av prosjektet med bompengar gjennom utviding av Vossapakko, jf. kapittel 3 i proposisjonen.
Prosjektet er eit skredsikringsprosjekt som òg gir trafikksikring og betre miljø ved Øvre Vassenden. Rv. 13 gjennom Øvre Vassenden har i dag svært dårleg standard. Prosjektet vil føre til utbetring av flaskehalsen ved Øvre Vassenden og sikring av den skredutsette strekninga mellom Øvre Vassenden og avkøyrsla til Ulvik. Prosjektet har ei samla lengd på 4,6 km, der tunnelen utgjer om lag 2 km.
Styringsramma for rv. 13 Joberget er fastsett til 357 mill. 2014-kroner og kostnadsramma til 393 mill. 2014-kroner.
Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) er rekna til om lag – 410 mill. kroner. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til –1,4.
Finansieringa av prosjektet er basert på statlege midlar og bompengar. Det er lagt opp til anleggsstart hausten 2014, og prosjektet er venta opna for trafikk i 2016.
Samferdselsdepartementet legg til grunn 228 mill. kroner i statlege midlar, medrekna kompensasjon for meirverdiavgift. Dette inneber eit finansieringsopplegg der den statlege delen utgjer 60 pst. ekskl. kompensasjon for auka meirverdiavgift, i tråd med det som blei lagt til grunn ved den lokalpolitiske behandlinga. Medrekna kompensasjon for auka meirverdiavgift er utbygginga ved Joberget føresett finansiert med 64 pst. statlege midlar og 36 pst. bompengar. Det er lagt opp til å løyve midlane i første fireårsperiode (2014–2017).
Innkrevjinga av bompengar i Vossapakko starta opp i desember 2010. Det er rekna med at prosjektet vil bli finansiert innanfor bompengeperioden for Vossapakko på 15 år, dvs. at prosjektet vil vere nedbetalt i løpet av 2025. Det er lagt til grunn at dagens takst- og rabattsystem blir vidareført. Det er då lagt til grunn at kostnadene ved den opphavlege Vossapakko aukar opp til kostnadsramma. Sidan utbygginga ikkje er ferdigstilt, ligg ikkje endeleg sluttkostnad føre.
Det er venta eit forbruk på om lag 40 mill. kroner i 2014. Midlane er føresett stilt til disposisjon av bompengeselskapet.
Basisføresetnader lagt til grunn for finansieringsplanen går fram av kapittel 4 i proposisjonen. Finansieringsopplegget er robust ved endringar i føresetnadene. Samferdselsdepartementet tilrår opplegget.
Etter at Stortinget har fatta vedtak om delvis bompengefinansiering av prosjektet rv. 13 Joberget gjennom utviding av Vossapakko, vil Statens vegvesen Vegdirektoratet inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet i tråd med dei vilkåra som er lagt til grunn i proposisjonen.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kjell-Idar Juvik, Ingvild Kjerkol, Sverre Myrli, Magne Rommetveit og Eirin Sund, frå Høgre, Torill Eidsheim, leiaren Linda C. Hofstad Helleland, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, frå Framstegspartiet, Ingebjørg Amanda Godskesen, Åse Michaelsen og Roy Steffensen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid Q. Raja, viser til at Samferdselsdepartementet i proposisjonen legg fram forslag om delvis bompengefinansiering av prosjektet rv. 13 Joberget i Granvin kommune gjennom ei utviding av Vossapakko.
Komiteen viser til at Stortinget gjennom handsaminga av St.prp. nr. 61 (2008–2009) slutta seg til at finansiering av Vossapakko skulle baserast på bompengar og statlege midlar. Komiteen vil vidare vise til at det i den opphavlege reguleringsplanen for prosjektet rv. 13 Øvre Granvin–Voss grense var lagt inn ein miljøtunnel på om lag 0,4 km ved Øvre Vassenden i Granvin, men at det ved handsaminga av St.prp. nr. 61 (2008–2009) også blei lagt til grunn at dersom det etter vidare planlegging blei lokalpolitisk tilslutning til å erstatte miljøtunnelen med ein lengre tunnel som sikrar mot skred aust for Øvre Vassenden, så måtte dette handsamast som eiga sak. Komiteen har merka seg at det er det er lokalpolitisk tilslutning til delfinansiering av prosjektet med bompengar gjennom utviding av Vossapakko.
Komiteen vil peika på at prosjektet inneber utbetring av flaskehalsen ved Øvre Vassenden og sikring av den skredutsette strekninga mellom Øvre Vassenden og avkøyrsla til Ulvik, og at prosjektet har ei samla lengd på 4,6 km, der tunnelen utgjer om lag 2 km. Komiteen har vidare merka seg at styringsramma for rv. 13 Joberget er fastsett til 357 mill. 2014-kroner og kostnadsramma til 393 mill. 2014-kroner. Komiteen har merka seg at Samferdselsdepartementet legg til grunn ein statleg andel på prosjektet på 228 mill. kroner medrekna kompensasjon for meirverdiavgift, og at dette inneber at utbygginga ved Joberget er føresett finansiert med 64 pst. statlege midlar og 36 pst. bompengar.
Komiteen registrerer at det er rekna med at prosjektet vil bli finansiert innanfor bompengeperioden for Vossapakko på 15 år, dvs. at prosjektet vil vere nedbetalt i løpet av 2025. Vidare registrerer komiteen at det er lagt til grunn at samla bompengeinntekter for den reviderte Vossapakko er på om lag 1 310 mill. 2014-kroner for heile bompengeperioden på 15 år. Komiteen registrerer også at om lag 830 mill. kroner er føresett nytta til å dekkje delar av investeringskostnadene, men om lag 330 mill. kroner dekkjer lånerenter og om lag 150 mill. kroner dekkjer innkrevingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet. Endeleg registrerer komiteen at Hordaland fylkeskommune stiller sjølvskuldnargaranti for eit bompengelån på inntil 780 mill. kroner.
Komiteen er oppteken av at bompengeinnkrevjinga føregår så effektivt som mogleg. Det er naturleg at bompengeselskapet for Vossapakko blir vurdert å inngå som del av eit eventuelt framtidig bompengeselskap. Komiteen vil i denne samanhengen visa til regjeringa sin varsla prosess for samanslåing til færre bompengeselskap, og ser fram til denne.
Komiteen slutter seg til forslaget om delvis bompengefinansiering av prosjektet rv. 13 Joberget i Granvin kommune gjennom ei utviding av Vossapakko.
Bak tilrådinga står ein samla komité.
Komiteen viser til proposisjonen og merknadene og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
I
Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av rv. 13 ved Joberget i Hordaland. Vilkåra går fram av Prop. 81 S (2013–2014) og Innst. 208 S (2013–2014).
II
Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.
Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 27. mai 2014
Linda C. Hofstad Helleland |
Magne Rommetveit |
leiar |
ordførar |