Innstilling frå justiskomiteen om lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Innleiing

Auka internasjonalisering inneber mellom anna at talet på internasjonale familiar med barn aukar. I nokre av desse familiane vert konfliktane så store at ein av foreldra tek med seg barnet eller barna til utlandet, oftast til heimlandet sitt. Det er etablert internasjonale avtalar som skal sikre at barn som er bortførte skal førast tilbake til landet dei budde i før bortføringa, og at konfliktar mellom foreldra med omsyn til barnet sin bustad vert løyste i rettsapparatet i dette landet. Det internasjonale samarbeidet om barnebortføring har i praksis vist seg ikkje å vere nok til å sikre at alle saker om barnebortføring løyser seg innan rimeleg tid. Slike saker er stadig framme i media, og situasjonen kan vere særs vanskeleg for barna og foreldra. Det er difor behov for nye tiltak som kan bidra til løysing.

I proposisjonen legg Arbeids- og sosialdepartementet fram forslag til ei ny lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet. Som barnebortføring reknar ein tilfella der ein av foreldra tek med seg eit barn som bur i Noreg til eit anna land i strid med foreldreansvaret, eller eventuelt held tilbake barnet i eit anna land etter eit lovleg opphald der.

Etter reglane i dag har barnebortføring i seg sjølv ikkje noko å seie for utbetalinga av offentlege ytingar eller innkrevjing og utbetaling av barnebidrag. Utbetaling av ytingar og bidrag til den av foreldra som har teke med seg barn til utlandet i strid med foreldreansvaret, vert ofte opplevd som offentleg finansiering og legitimering av den ulovlege handlinga.

Opphald i utlandet kan likevel føre med seg at vilkåra for ei yting ikkje lenger er oppfylte. Den nye lova tek sikte på å sikre ei rask vurdering av retten til ytingar etter ei bortføring til utlandet, slik at ytingar vert stansa så snart som mogleg når vilkåra ikkje er oppfylte.

Etter lova skal ein ved barnebortføring også halde tilbake barnebidrag og ytingar som ein elles har rett til i utlandet når dette ikkje kan reknast som eit uforholdsmessig inngrep i den konkrete situasjonen.

Lovforslaget svarar i det vesentlege til forslaget i Prop. 200 L (2012–2013), som vart lagt fram av regjeringa Stoltenberg II. Regjeringa trekte denne proposisjonen tilbake for å vurdere om ein kunne få med andre tiltak som kan fremje tilbakeføringa av barn som vert bortførte, mellom anna om ein kunne ta beslag i bortføraren si formue i Noreg. Justis- og beredskapsdepartementet vil vurdere om det er tilstrekkeleg grunn til å utgreie slike beslag. Saka reiser vanskelege spørsmål, og ei utgreiing vil venteleg ta tid. Ein bør ikkje vente med gjennomføringa av reglane om å halde tilbake ytingar og barnebidrag i bortføringssakene, og proposisjonen vert difor lagt fram på nytt. Departementet vil vurdere nye tiltak på bakgrunn av erfaringane i praksis.

1.2 Hovudinnhaldet i lovforslaget

Formålet med lova er å fremje rask tilbakeføring av barn som er bortført til utlandet av ein av foreldra og førebyggje slik bortføring. Lova gjev også generelle reglar om utbetaling av offentlege ytingar og innkrevjing av barnebidrag etter at eit barn er bortført.

Etter forslaget gjeld lova saker med bortføring frå Noreg til utlandet som vert rekna som bortføringssaker etter Haag-konvensjonen frå 1980 om dei sivile sidene ved internasjonal barnebortføring eller Europarådskonvensjonen frå 1980 om godkjenning og fullbyrding av avgjerder om foreldreansvar og om gjenoppretting av foreldreansvar. Saker som involverer land som ikkje er med i konvensjonane, skal reknast som bortføringssaker når politiet har registrert barnet som sakna eller har oppretta straffesak. Som barn vert rekna personar som ikkje har fylt 16 år.

Offentlege ytingar er i forslaget til § 3 definerte som ytingar som vert administrerte av arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken, medan barnebidrag vert avgrensa til barnebidrag som vert kravd inn av arbeids- og velferdsetatens innkrevjingssentral.

Etter lovforslaget skal det gå meldingar til arbeids- og velferdsforvaltninga og til Husbanken om barnebortføringar som går inn under lova. Dette skal sikre ei rask vurdering av retten til ytingar etter ei bortføring til utlandet, slik at ytingane kan bli stansa så snart råd er når vilkåra for utbetaling i utlandet ikkje er oppfylte. Det vert også presisert at det ikkje skal skje endringar i innkrevjinga av barnebidrag på grunn av ei barnebortføring, jf. lovforslaget §§ 4 til 6.

Etter lovforslaget § 7 skal ein også halde tilbake ytingar og barnebidrag når dette kan fremje tilbakeføring av barnet, men ein skal ta med i vurderinga risikoen for at barnet og bortføraren vert påført skade. Det skal ikkje treffast avgjerd om å halde tilbake ytingar eller barnebidrag dersom dette må reknast å vere for inngripande ut frå den konkrete situasjonen.

Lovforslaget §§ 8 og 9 gjev heimel for innhenting av opplysningar i saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag og opnar for å be om ei vurdering frå ein sakkunnig før det vert gjort vedtak.

Spørsmålet om å halde tilbake eller ikkje halde tilbake ytingar og barnebidrag skal vurderast på nytt dersom nye opplysningar eller endringar i dei faktiske tilhøva talar for det, og i alle tilfelle skal ei sak vurderast på nytt når det er gått to år etter bortføringa utan at saka er løyst (§ 10).

Pengar som er haldne tilbake etter lova, skal stå på sperra og renteberande konto og utbetalast når saka er løyst, til dømes ved tilbakeføring av barnet. Offentlege ytingar skal i alle høve utbetalast når barnet fyller 16 år, dvs. den same aldersgrensa som for tiltak i bortføringssaker etter Haag-konvensjonen frå 1980. Barnebidrag på sperra konto skal utbetalast til barnet når barnet fyller 18 år. Desse reglane går fram av lovforslaget § 11.

Lovforslaget § 12 har reglar om ytingar og barnebidrag til den attverande av foreldra. Ein skal etter forslaget halde fram med desse utbetalingane i inntil 6 månader etter bortføringa, men i inntil 12 månader dersom den attverande framleis har utgifter knytte til omsorga for barnet, eller dersom andre særlege grunnar gjer det rimeleg. Ytingar vil i dette tilfellet seie ytingar som vert utbetalte til den attverande som representant for barnet eller som den attverande får på grunn av omsorga for barnet.

I lovforslaget § 13 vert det presisert at lova også gjeld for saker der ein av foreldra eller begge har bortført eit barn som barnevernet har teke over omsorga for. Tiltak etter lova vil i slike tilfelle kunne nyttast mot begge foreldra.

Lovforslaget § 14 gjev reglar om handsaminga av saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag. Forvaltningslova skal gjelde, med dei presiseringane og særreglane som går fram av paragrafen.

Når det gjeld handsaming av andre saker etter lova, til dømes spørsmålet om stans i ytingar etter lovforslaget § 5 av di bortføraren og barnet er i utlandet, skal dei vanlege reglane for dei einskilde ytingane gjelde. Tilsvarande gjeld for innkrevjing av barnebidrag. Dette vert slege fast i dei aktuelle paragrafane.

Etter lovforslaget § 16 tek lova til å gjelde frå den tid Kongen fastset. Lova skal også omfatte saker der bortføringa skjedde før lova tok til å gjelde, likevel slik at ytingar og barnebidrag for tidsrom før lova tok til å gjelde, ikkje kan haldast tilbake med heimel i lova.

1.3 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget til ny lov vil kunne føre til at ytingar som vert utbetalte i saker med barnebortføring frå Noreg til utlandet, vert stansa på et tidlegare tidspunkt enn i dag (av di det raskt vil gå melding til arbeids- og velferdsetaten om at det har skjedd ei barnebortføring til utlandet). Dette vil særleg kunne dreie seg om barnetrygd, bidragsforskott, bustøtte og ytingar frå folketrygda til einslege forsørgjarar. Det er likevel så få slike barnebortføringar per år at det ikkje er grunnlag for å justere dei ulike stønadsbudsjetta.

Den nye ordninga med å halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag vil i seg sjølv ikkje påverke stønadsbudsjetta, ettersom det dreier seg om å halde tilbake ytingar som i alle tilfelle skulle ha vore utbetalte. Endringa går berre ut på at ytingane ikkje lenger skal bli utbetalte til bortføraren, men mellombels skal gå inn på ein sperra konto.

Forslaget om å kunne halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag vil føre til administrativt meirarbeid i høve til i dag for dei ulike instansane som er involverte i handsaminga av saker etter den nye lova.

Det vert vist til proposisjonen for ein gjennomgang av desse konsekvensane.

Departementet legg til grunn at dei totale kostnadene ved innføringa av den nye ordninga ikkje gjer det naudsynt å endre dei gjeldande budsjettrammene.

1.4 Evaluering

I høyringsnotatet peika departementet på behovet for å følgje med på konsekvensane av å innføre ei ordning med tilbakehald av offentlege ytingar og barnebidrag ved barnebortføring.

Departementet er samd i at det er behov for å evaluere ordninga. Ordninga med å halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag tek sikte på å fremje tilbakeføring av barnet i bortføringssaker, og effekten med omsyn til dette blir eit hovudpunkt ved evalueringa.

Dersom tilbakeføring av barnet skjer relativt kort tid etter at ein set i verk åtgjerda, vil dette kunne tolkast som ein indikasjon på at tiltaket har effekt. Det er likevel fleire tiltak som kan vere i bruk og få verknad samtidig. Til dømes vil Justis- og beredskapsdepartementet sende ein søknad etter Haag-konvensjonen frå 1980 til landet der barnet oppheld seg for å be om assistanse, den attverande av foreldra kan melde barnet sakna hos politiet eller starte straffesak. Ved bortføringssaker til eit ikkje-konvensjonsland vil diplomatiske midlar bli tekne i bruk. Det kan difor vere vanskeleg å konkludere med omsyn til årsaka til at ein bortførar vel å returnere med barnet. Det vil også vere viktig å konstatere eventuelle uheldige sider ved ordninga.

Ein eventuell førebyggjande effekt vil ein kunne sjå dersom talet på bortføringssaker går ned etter at ein byrjar med å halde tilbake ytingar og barnebidrag. Det kan også vere aktuelt å få kunnskap om effekten av ordninga ved å sende spørjeskjema til partane etter at tiltaket har vore nytta i deira tilfelle.

Departementet vil sørgje for at ordninga med å halde tilbake ytingar og barnebidrag ved barnebortføring vert evaluert på eigna vis. Dette bør skje tidlegast etter at ordninga har vore i kraft i tre år.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunn Elin Flakne, Kari Henriksen, leiaren Hadia Tajik og Lene Vågslid, frå Høgre, Margunn Ebbesen, Hårek Elvenes, Peter Christian Frølich og Anders B. Werp, frå Framstegspartiet, Jan Arild Ellingsen og Ulf Leirstein, frå Kristeleg Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, og frå Senterpartiet, Jenny Klinge, vil understreke viktigheita av at det er eit internasjonalt mål å hindre barnebortføring, og leggje til rette for at bortførte barn kjem tilbake til landet der barnet er busett.

Komiteen vil vise til at proposisjonen inneheld forslag til ei ny lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet. Komiteen vil vidare vise til at ein reknar barnebortføring som tilfella der ein av foreldra tek med seg eit barn som bur i Noreg til eit anna land i strid med foreldreansvaret, eller eventuelt held tilbake barnet i eit anna land etter lovleg opphald der.

Komiteen vil vise til at formålet med lova er å fremje rask tilbakeføring av barn som er bortført til utlandet av ein av foreldra og førebyggje slik bortføring, og viser til lovforslaget § 1. Komiteen merkar seg at lova også gjev generelle reglar om utbetaling av offentlege ytingar og innkrevjing av barnebidrag når eit barn er bortført.

Komiteen merkar seg at lovforslaget svarar i det vesentlege til forslaget i Prop. 200 L (2012–2013), som vart lagt fram av regjeringa Stoltenberg II.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at regjeringen trakk denne proposisjonen for å vurdere om andre tiltak, blant annet muligheten til å ta beslag i bortførerens formue i Norge som kan fremme tilbakeføring av barn, kunne inkluderes i et nytt lovforslag. Justis- og beredskapsdepartementet ville vurdere om det er tilstrekkelig grunn til å utrede slike beslag. Saken reiser vanskelige spørsmål, og en utredning vil ta noe tid.

Disse medlemmer mener at reglene om tilbakeholdelse av ytelser og barnebidrag i bortføringssakene må vedtas så raskt som mulig. Disse medlemmer støtter derfor regjeringens vurdering om at proposisjonen legges frem uten at disse spørsmålene er avklart. Disse medlemmer viser videre til at departementet senere vil vurdere nye tiltak. Disse medlemmer finner det på denne bakgrunn merkelig at medlemmene fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet synes det har tatt for lang tid før proposisjonen ble fremmet av regjeringen. Det er fremmet lovforslag på dette området flere ganger siden 2008. Med utgangspunkt i vedtakene fra Stortinget ble det sendt ut et forslag på høring i 2009, og først høsten 2013 kom forslaget til lovendring til Stortinget. Regjeringen Stoltenberg II brukte svært lang tid på å fremme sitt forslag til lovregulering på dette feltet. At den nye regjeringen brukte 5 måneder på å vurdere disse spørsmålene, og mulighetene for utvidelser av anvendelsesområdet på nytt, ansees derfor ikke som lang tid.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet er undrande over at det har tatt lang tid før proposisjonen var fremja på nytt.

Komiteen støttar forslaget om at offentlege ytingar og barnebidrag skal haldast tilbake når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet. Komiteen støttar at offentlege ytingar på sperra konto skal bli utbetalt når

  • barnet er ført tilbake

  • ei rettsleg avgjerd eller avtale mellom dei private partane fastset at barnet ikkje skal tilbake

  • vedtak vert gjort om etter § 10

  • det bortførte barnet er fylt 16 år

Komiteen vil vise til endring frå Prop. 200 L (2012–2013) frå regjeringa Stoltenberg II til Prop. 39 L ( 2013–2014) frå noverande regjering, under forslag til ny § 11 som omhandlar sperra konto, herunder barnebidrag. Komiteen vil understreke at både Prop. 200 L (2012–2013), som noverande regjering trekte tilbake, og Prop. 39 L (2013–2014) foreslår at barnebidrag også skal stoppast og setjast på sperra konto når eit barn blir bortført til utlandet.

Komiteen vil vise til at Prop. 39 (2013–2014) ikkje foreslår særreguleringar for utbetaling av barnebidrag til sperra konto for barn som er bortført mellom 16 og 18 år, slik det vart foreslått i Prop. 200 L (2012–2013). Komiteen vil påpeike at denne realitetsendringa i § 11 er svært vanskeleg å vite om, då det ikkje står utgreia i proposisjonen. Komiteen meiner det er utfordrande for komiteen at ein ikkje ut ifrå proposisjonens tekst blir gjort godt nok merksam på dei faktiske endringane det vil medføre.

Komiteen merkar seg at det står følgjande under § 11:

Ǥ 11 Sperra konto

Pengar som vert haldne tilbake, skal stå på sperra renteberande konto.

Offentlege ytingar skal utbetalast til den som har rett til pengane eller rett til å ta imot pengane på vegne av barnet, når

  • a) barnet er ført tilbake,

  • b) det er avgjort rettsleg eller avtalt mellom partane at barnet ikkje skal tilbake,

  • c) vedtak er gjort om etter § 10, eller

  • d) det bortførte barnet har fylt 16 år.

Barnebidrag på sperra konto skal utbetalast til barnet når barnet fyller 18 år. »

Komiteen er gjort merksam på at dersom ein ikkje foreslår ei særregulering for barnebidrag, jf. barneloven når eit barn som er bortført er 16 år, vil ikkje barnebidraget vert utbetalt til sperra konto med mindre det eksplisitt er foreslått i paragrafen, slik Prop. 200 L (2012–2013) foreslo i § 11. Komiteen vil då vise til at utbetaling av bidrag som forfell etter at barnet har fylt 16 år, vert løyet heilt ut etter dei vanlege reglane i barneloven, og utbetalast ikkje til ein sperra konto som følje av at det ikkje er omtalt på noko anna vis i § 11. Komiteen meiner det er viktig at dette blir belyst i saka og saknar ei tydeleggjering av dette i proposisjonen.

Komiteen er samd i at barnebidrag som er haldne tilbake, skal stå på renteberande sperra konto til barnet fyller 18 år. Pengane skal då utbetalast til barnet. Dersom barnet har fylt 16 år, utan at saka er løyst, bør bidrag gå inn på sperra konto til barnet fyller 18 år. Dette vart føreslege i Prop. 200 L (2012–2013), men er endra i føreliggjande proposisjon.

Komiteen fremjar difor følgjande forslag:

Ǥ 11 tredje ledd skal lyde:

Barnebidrag for tidsrom etter at vilkåra i andre leddet bokstavane a til c er oppfylte, vert utbetalt etter dei vanlege reglane om dette. I andre tilfelle skal bidraget setjast på sperra konto, også etter at barnet har fylt 16 år. Barnebidrag på sperra konto skal utbetalast til barnet når barnet fyller 18 år.»

3. Merknader frå familie- og kulturkomiteen

Komiteen sitt utkast til innstilling vart 1. april 2014 sendt familie- og kulturkomiteen for uttale. Familie- og kulturkomiteen opplyste i brev av 10. april 2014 at dei ikkje hadde merknader, men viste til dei respektive partia sine merknader i justiskomiteen.

4. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

§ 1 Formål

Formålet med lova er å fremje rask tilbakeføring av barn som er bortførte til utlandet og å førebyggje slik bortføring.

§ 2 Kva lova gjeld

Lova gjeld for saker om bortføring av barn til utlandet.

Eit barn skal reknast for bortført dersom det til vanleg er busett i Noreg, men er teke med til, eller vert halde tilbake i, eit anna land i strid med reglane i barnelova om foreldreansvaret. Det er også eit vilkår at

a. departementet handsamar saka som ei bortføringssak etter reglane i Haag-konvensjonen frå 1980 om dei sivile sidene ved internasjonal barnebortføring eller Europarådskonvensjonen frå 1980 om godkjenning og fullbyrding av avgjerder om foreldreansvar og om gjenoppretting av foreldreansvar (heretter kalla «konvensjonane»),

b. politiet har registrert eit barn som sakna, eller

c. det er oppretta straffesak om barnebortføring.

Som barn skal reknast personar som ikkje har fylt 16 år.

§ 3 Definisjonar

Offentlege ytingar tyder i lova her

a. ytingar etter folketrygdloven, barnetrygdloven, kontantstøtteloven, forskotteringsloven og andre lover som vert administrerte av arbeids- og velferdsetaten,

b. stønad etter lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen, og

c. bustøtte etter bustøttelova.

Barnebidrag tyder i lova her barnebidrag som vert kravd inn av arbeids- og velferdsetatens innkrevjingssentral, med unntak av oppfostringsbidrag fastsett etter barnevernloven § 9-2.

§ 4 Melding om barnebortføringar til utlandet

Dersom departementet handsamar ei sak som ei bortføringssak etter konvensjonane, skal det sende melding om dette til arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken. I andre bortføringssaker skal det lokale politidistriktet sende melding når det har registrert eit barn som sakna eller det er oppretta straffesak om barnebortføring.

Melding til Husbanken og den kommunale delen av arbeids- og velferdsforvaltninga skal ikkje gje opplysningar om anna enn at eit barn er bortført, personane saka gjeld og endringa i opphaldsstad.

Meldingar etter paragrafen her kan sendast utan hinder av teieplikt.

§ 5 Stans i ytingar som ikkje skal utbetalast i utlandet

Når eit barn er bortført, skal arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken stanse ytingar som det ikkje er grunnlag for å utbetale i utlandet. Handsaming og klage følgjer dei vanlege reglane for dei einskilde ytingane.

§ 6 Innkrevjing av barnebidrag

Barnebidrag skal krevjast inn etter dei vanlege reglane så lenge barnet er bortført, anten det er bortføraren eller den attverande av foreldra som er bidragspliktig. Det kan ikkje krevjast endring av bidraget etter barnelova § 74 første leddet så lenge bortføringa varar.

§ 7 Avgjerd om å halde tilbake ytingar og barnebidrag til bortføraren

Når eit barn er bortført til utlandet, skal Arbeids- og velferdsdirektoratet eller eit særskilt utpeika organ i arbeids- og velferdsetaten halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag som vert utbetalte til bortføraren sjølv eller til bortføraren på vegne av barnet. Dette gjeld ikkje dersom tiltaket må reknast som eit uforholdsmessig inngrep ut frå den konkrete situasjonen. Ved vurderinga skal ein mellom anna leggje vekt på kva dette har å seie for at barnet kan bli ført tilbake, og på risikoen for at barnet og bortføraren vert påført skade.

§ 8 Innhenting av opplysningar i saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag

Ved handsaminga av saker etter § 7 kan organet som skal treffe avgjerda, krevje opplysningar frå instansar og personar som er nemnde i folketrygdloven § 21-4 første leddet. Det er eit vilkår at opplysningane er naudsynte for avgjerda og at ein ikkje kan skaffe opplysningane på anna vis.

Ein kan til vanleg berre hente inn opplysningar om

a. namn, adresse, alder, slektskap og sivilstatus,

b. staden der barnet og bortføraren oppheld seg og tilhøva som dei lever under,

c. den fysiske og psykiske helsa til barnet og bortføraren og særlege behov og utgifter knytte til helsetilstanden deira,

d. bortføraren si inntekt og økonomi medan bortføringa varar, og

e. tilhøva mellom foreldra og barnet.

Organ som tek del i handsaminga av ei barnebortføringssak, skal gje opplysningar etter paragrafen her av eige tiltak.

Dei som skal gje opplysningar etter paragrafen her, skal gjere dette utan hinder av teieplikt og utan godtgjersle.

§ 9 Sakkunnig vurdering

Dersom opplysningane i saka gjev grunn til det, kan organet som skal treffe avgjerda etter § 7, be om at ein sakkunnig vurderer om det er forsvarleg å halde tilbake ytingar og barnebidrag. Den sakkunnige skal ha tilgang til dokumenta i saka og kan hente inn opplysningar etter § 8. Sakkunnige har krav på godtgjersle for arbeidet sitt og skal få dekt utlegg i samband med saka.

§ 10 Ny vurdering

Dersom nye opplysningar eller endringar i den einskilde saka talar for det, skal ein vurdere å gjere nytt vedtak etter § 7. Saka skal i alle tilfelle vurderast på nytt når det har gått to år etter bortføringa og barnet framleis ikkje er ført tilbake. Ny vurdering kan skje utan hinder av avgrensingane i forvaltningsloven § 35.

§ 11 Sperra konto

Pengar som vert haldne tilbake, skal stå på sperra renteberande konto.

Offentlege ytingar på sperra konto skal utbetalast til den som har rett til pengane eller rett til å ta imot pengane på vegner av barnet, når

a. barnet er ført tilbake,

b. det er avgjort rettsleg eller avtalt mellom partane at barnet ikkje skal tilbake,

c. vedtak er gjort om etter § 10, eller

d. det bortførte barnet har fylt 16 år.

Barnebidrag for tidsrom etter at vilkåra i andre leddet bokstavane a til c er oppfylte, vert utbetalt etter dei vanlege reglane om dette. I andre tilfelle skal bidraget setjast på sperra konto, også etter at barnet har fylt 16 år. Barnebidrag på sperra konto skal utbetalast til barnet når barnet fyller 18 år.

§ 12 Ytingar og barnebidrag til den attverande av foreldra

Ytingar som den attverande av foreldra får utbetalt som representant for eit bortført barn eller på grunn av omsorga for barnet, vert utbetalte i opp til seks månader etter at barnet vart bortført, men i opp til tolv månader dersom den attverande av foreldra framleis har utgifter til omsorga for barnet eller dersom andre særlege grunnar gjer det rimeleg.

Dersom barnebidrag framleis vert kravd inn frå bortføraren etter at utbetaling er stansa etter første leddet, skal bidraget setjast på sperra renteberande konto. Reglane i § 11 tredje ledd gjeld tilsvarande.

Utbetalinga av ytingar etter første leddet og innkrevjing av barnebidrag frå bortføraren skal stansast så snart det er avgjort rettsleg eller avtalt mellom partane at barnet ikkje skal tilbake.

Handsaming og klage ved avgjerder om ytingar til den attverande av foreldra etter paragrafen her, følgjer dei vanlege reglane for dei einskilde ytingane.

§ 13 Saker der barnevernet har omsorga for barnet

Lova gjeld også for saker der ein av foreldra eller begge bortfører til utlandet barn som barnevernet har teke over omsorga for. Barnevernet skal varslast og få høve til å uttale seg etter reglane i forvaltningsloven § 16. Reglane i § 12 i lova her gjeld tilsvarande.

Dersom foreldra er saman om bortføringa, kan tiltak etter lova nyttast mot begge.

§ 14 Handsaming av saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag

Ved handsaminga av saker etter §§ 7 til 11 gjeld reglane i forvaltningsloven, med desse særreglane og presiseringane:

a. både bortføraren og den attverande av foreldra skal reknast som part i saka ved avgjerder etter § 7,

b. avgjerd om ikkje å halde tilbake ytingar og barnebidrag skal reknast for enkeltvedtak,

c. arbeids- og velferdsetaten og sakkunnige etter § 9 har teieplikt etter reglane i arbeids- og velferdsforvaltningsloven § 7, og

d. avgjerder etter § 7 kan ikkje påklagast, men kan ankast inn for Trygderetten etter reglane i lov 16. desember 1966 nr. 9 om anke til Trygderetten.

§ 15 Forskrifter

Departementet kan gje forskrifter til utfylling og gjennomføring av lova, mellom anna til

a. § 4 om meldingar når barn er bortført,

b. § 7 om å halde tilbake ytingar og barnebidrag,

c. § 9 om oppnemning av og betaling til sakkunnige,

d. § 11 om sperra konto, og

e. § 12 om ytingar og bidrag til den attverande av foreldra.

§ 16 Ikraftsetjing og overgangsreglar

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Lova gjeld også der barnet vart bortført før lova tok til å gjelde.

Ytingar eller barnebidrag for tidsrom før lova tok til å gjelde, kan ikkje haldast tilbake med heimel i lova.

Vedlegg

Brev fra Arbeids- og sosialdepartementet v/statsråden til justiskomiteen, datert 27. mars 2014

Svar på brev fra Justiskomiteen 20. mars 2014 vedrørende Prop. 39 L (2013-2014) - utbetaling av barnebidrag som har vært holdt tilbake etter at en forelder har bortført et barn til utlandet

Jeg viser til brev 20. mars 2014 fra Justiskomiteen i Stortinget, der det bes om en klargjøring av forskjellen mellom Prop. 39 L (2013-2014) og Prop. 200 L (2012-2013) når det gjelder § 11 siste ledd.

Ulikheten mellom proposisjonene gjelder utbetaling av barnebidrag for tiden etter at barnet har fylt 16 år, i de tilfeller der bortføringssituasjonen ikke er løst ved tilbakeføring av barnet eller på annen måte. EtterProp. 200 L (2012-2013) skal bidraget i disse tilfellene fortsatt gå inn på sperret konto og utbetales til barnet når barnet fyller 18 år. Etter Prop. 39 L (2013-2014) er det ikke gittanvisning på dette forholdet, slik at det er de vanlige reglene etter barneloven som gjelder.

Etter nærmere vurderinger foreslår jeg at forslaget i Prop. 39 L (2013-2014) til § 11 tredje ledd i den nye loven endres slik at det tilsvarer § 11 tredje ledd i forslaget i Prop. 200 L. Jeg foreslår imidlertid en noe endret ordlyd, slik at regelen om utbetaling ved barnets fylte 18 år går klarere fram:

«Barnebidrag for tidsrom etter at vilkåra i andre leddet bokstavane a til c er oppfylte, vert utbetalt etter dei vanlege reglane om dette. I andre tilfelle skal bidraget setjast på sperra konto, også etter at barnet har fylt 16 år. Barnebidrag på sperra konto skal utbetalast til barnet når barnet fyller 18 år.»

Oslo, i justiskomiteen, den 6. mai 2014

Hadia Tajik

Lene Vågslid

leiar

ordførar