Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra næringskomiteen om gjennomføring av råfiskloven og fiskeeksportloven i 2011 og 2012

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram melding om gjennomføring av lov 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk (råfisklova) og lov 27. april 1990 nr. 9 om regulering av eksport av fisk og fiskevarer (fiskeeksportlova) i 2011 og 2012. Meldinga omtalar enkelte aktuelle saker av interesse for Stortinget. Meldinga omtalar forutan saker frå åra 2011 og 2012, enkelte saker frå 2013.

Den førre meldinga om gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova vart lagt fram for Stortinget 30. mars 2012, jf. Meld. St. 16 (2011–2012) Om gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2009 og 2010 og Innst. 324 S (2011–2012).

Meldinga er stort sett utforma på same vis som den førre meldinga. Meldinga greier ut i kapittel 2 om gjennomføringa av omsetninga i første hand. I tillegg omtalar meldinga arbeidet med ny fiskesalslagslov, som vil erstatte råfisklova frå 1. januar 2014. I kap. 3 blir salslagas arbeid med ressurskontroll omtala. Vidare er det ei utgreiing om gjennomføringa av eksporten i kapittel 4. Årsmeldingane for 2011 og 2012 frå styret til Noregs sjømatråd (tidlegare Eksportutvalet for fisk) utgjer vedlegg 1 til meldinga, medan tilsvarande årsmeldingar frå styra til dei ulike salslaga utgjer vedlegga 2–7.

For å sikre Stortinget regelmessig orientering om gjennomføringa av råfisklova er det ei eiga føresegn i råfisklova § 10 om at ansvarleg departement årleg skal leggje fram ei melding for Stortinget om gjennomføringa av lova, jf. Ot.prp. nr. 63 (1951) om lov om omsetning av råfisk.

Den første meldinga kom i 1953, jf. St.meld. nr. 42 (1953) Råfisklovens gjennomføring i 1952. Den eittårlege meldinga utvikla seg over tid til ei toårleg melding. Etter kvart vart ho dessutan slått saman med meldingar om andre lover, dei seinare åra gjeld det fiskeeksportlova.

Meldinga har hovudsakleg innehalde ei deskriptiv framstelling av nokre aktuelle saker om salslaga eller fiskeeksporten, forutan at omfattande utdrag frå årsmeldingane til Noregs sjømatråd og salslaga er tekne inn som vedlegg.

Sidan den siste meldinga vart lagt fram, har det vore ein omfattende prosess knytt til høyring og framlegg for Stortinget av den nye fiskesalslagslova, lov 21. juni 2013 nr. 75 om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar. Lova erstattar råfisklova og trer i kraft 1. januar 2014. To nye forskrifter vil tre i kraft samtidig, ei samleforskrift som skal erstatte råfiskforskrifta og ei forskrift om oppdraget til staten sine kontrollørar for fiskesalslaga, som er ny.

I perioden som meldinga dekkjer, 2011 og 2012, har det berre vore mindre endringar. Det kan nemnast at Eksportutvalet for fisk AS skifta namn til Noregs sjømatråd AS 1. januar 2012. Bakgrunnen for endringa er at Noregs sjømatråd (Norwegian Seafood Council) er eit meir dekkjande namn for selskapet si samla verksemd, medrekna den auka satsinga i den norske marknaden. Vidare vart marknadsavgifta i medhald av fiskeeksportlova auka frå 5 promille til 7,5 promille frå 1. januar 2011.

Salslagsstrukturen er ikkje endra sidan førre melding til Stortinget. Det er framleis fem salslag i kvitfisksektoren; Skagerrakfisk, Rogaland Fiskesalgslag, Vest-Norges Fiskesalslag, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag og Norges Råfisklag, forutan eitt i pelagisk sektor; Norges Sildesalgslag.

Dei seks fiskesalslaga er private rettssubjekt, organiserte som samvirke der berre fiskarar kan vere medlemer. Formålet var opphavleg å vere ein salsorganisasjon for fiskarane som på deira vegne skulle stå for omsetninga i første hand av fangsten. I si rolle som salsorganisasjon for fiskarane opptrer salslaget som privat forretningsaktør.

Fiskesalslaga har ut over dette ei rolle som offentleg forvaltar. Gjennom klare føresegner i råfisklova har dei kompetanse til å utøve offentleg forvaltning, mellom anna gjere vedtak. Det gjeld til dømes regulering og dirigering av fangstar for å sikre avtak av fisk i første hand, jf. råfisklova §§ 5 og 6. Vidare har laga kompetanse til å inndra oppgjer for produkt levert i strid med slike reguleringar eller dirigeringar, og til å kontrollere at fiskarane held føresegnene i lova og tilhøyrande regelverk. I inndragingssaker er Fiskeridirektoratet klageinstans.

Over tid har salslaga fått ei rekkje andre oppgåver med klart preg av offentleg forvaltning som ikkje går fram av råfisklova. Dei har ei rolle som forvaltar av statlege tilskot der føringstilskot til mottakarar av fisk er det mest sentrale. Føringstilskotet er finansiert av statlege midlar, og salslaga står for handsaming av søknader innafor ramma av retningslinjer godkjende av departementet etter forslag frå dei enkelte laga. I slike saker har departementet direkte instruksjonsmyndigheit overfor laga. Ramma for føringstilskot har i 2011 og 2012 vore på 33 mill. kroner begge åra.

Salslaga spelar ei særs viktig rolle i den nasjonale ressurskontrollen saman med offentlege organ som Fiskeridirektoratet og Kystvakta. Dette arbeidet omfattar både kvotekontroll og inndraging av fangst ut over kvote. Eineretten til omsetning sikrar tilgang til informasjon om uttak av alle ressursar i sjøen, noko som er avgjerande for kartlegging av ressursane meir generelt. Systemet med landings- og sluttsetel er avgjerande i dette arbeidet. Vidare er det viktig at fiskesalslaga har tilstrekkeleg legitimitet som objektiv kontrollmyndigheit, og det blir difor oppnemnt offentlege kontrollørar som skal føre ein ekstern kontroll med at salslaga utfører forvaltningsverksemda i samsvar med gjeldande regelverk. Oppgåvene til kontrollørane er regulerte i instruks, men departementet meiner det er tenleg at dette no inngår som ei eiga føresegn til fiskesalslagslova.

I den nye fiskesalslagslova er dessutan departementet gitt heimel til å tillegge salslaga oppgåver med kvalitetskontroll etter matlova.

Stortinget vedtok 21. juni 2013 ny lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar. Den nye lova erstattar råfisklova frå 1951 og trer i kraft 1. januar 2014. Lova vidarefører i det mest vesentlege ordningane i dagens råfisklov, men ho har oppdateringar slik at ho blir harmonisert med dei to andre sentrale lovene som regulerer fiskerinæringa; deltakarlova og havressurslova. Den nye lova gjer det klart korleis førstehandsomsetninga av viltlevande marine ressursar skal føregå og kva rolle fiskesalslaga har i ressursforvaltninga. Dei viktigaste nye elementa er eigen formålsparagraf, prosedyrar for å fastsetje minstepris og for mekling ved usemje om minsteprisen. I tillegg kjem utvida forvaltningsoppgåver.

Fiskesalgslagslova gjer det klart korleis minsteprisen skal fastsetjast og kva prosedyrar som skal følgjast dersom det oppstår usemje om han. Det følgjer av lova at det skal gjennomførast forhandlingar mellom fiskarsida og industrisida om minsteprisen, og at salslaget skal fastsetje den prisen som partane blir samde om. Sjølv om det ikkje er ei legal plikt til å fastsetje minsteprisar, er praksis at salslaga fastset minstepris for viltlevande marine ressursar. Det går fram av lova at minstepris formelt skal fastsetjast av salslaget etter forhandlingar med representantar for industrien. Ved usemje skal spørsmålet om minstepris leggjast fram for mekling. Dersom heller ikkje mekling fører fram, kan salslaget fastsetje minsteprisen. Salgslaga har med dette framleis det siste ordet ved ei eventuell usemje. Departementet er gitt heimel til å regulere samansetninga av meklingsnemnda og gjennomføringa av meklinga. Dette vil bli forskriftsfesta i ny samleforskrift til lova som trer i kraft samstundes med lova 1. januar 2014.

Råfisklova inneber at fangst som er landa i Noreg av utanlandsk fartøy berre kan førast ut av landet dersom fangsten er omsett i første hand, gjennom eller med godkjenning av, eit fiskesalslag. Det gjeld med andre ord eit transittforbod. Det spelar inga rolle om fisken er tilverka. Det gjeld likevel unntak for EU-fartøy gjennom forskrift 21. april 2006 nr. 433 om transitt av fisk fanga av og brakt i land frå EU-fartøy. Dette unnataket gjeld til 30. april 2014 og er eit resultat av transittavtalen mellom EU og Noreg, som igjen er knytt til regelmessige forhandlingar om marknadstilgang for fisk i lys av EØS-avtalen og finansieringsordningane i medhald av denne avtalen.

Med verknad frå 1. januar 2010 innførde Den europeiske unionen (EU) ei ordning med fangstsertifikat for eksport av fisk mv. for å hindre UUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregulert fiske). Sjølv om kampen mot UUU-fiske har svært høg prioritet i Noreg, kunne EU sitt tiltak ha ført til store praktiske konsekvensar for norsk eksport til EU. Den 3. september 2009 inngjekk difor Noreg ein avtale med EU om norsk tilslutning til EU sitt fangstsertifikatsystem.

Eksporten frå Noreg har for det meste gått utan problem. Det sentrale i Noreg sin avtale med EU er at Noreg skal skrive ut fangstsertifikat basert på det eksisterande norske sluttsetelsystemet. Dette blir gjennomført av salslaga, sidan all villfanga fisk skal omsettjast i første hand gjennom eit salslag. Salslaga utferdar og validerer fangstsertifikata via www.catchcertificate.no, som er oppretta i fellesskap mellom salslaga. Dei utferda elektroniske dokumenta gjer det mogleg å identifisere opphavet til råvarene, og fangstsertifikata følgjer varene ved eksport til EU.

I internasjonal samanheng er det i stor grad støtte til initiativ som har som formål å motvirke UUU-aktivitet. I den seinare tid har fleire land innført krav til fangstsertifikat for visse sjømatprodukt. Med utgangspunkt i framveksten av ulike sertifikatregime har det frå norsk side vore arbeidd for at moglege krav som blir stilt til fangstsertifikat ved import av sjømat blir harmoniserte globalt. Felles krav til fangstsertifikat vil vere eit bidrag i kampen mot UUU-fiske. Samstundes er det svært viktig at krav til import av sjømat ikkje verkar som unødige handelshindringar. Frå norsk side blir det arbeidd kontinuerleg og aktivt både bilateralt og i fleire internasjonale fora for harmonisering av fangstsertifikat globalt. I november 2013, i FN-arbeidet med fiskeriresolusjonen, fekk Noreg gjennomslag for at Verdens matvareorganisasjon, FAO, skal arbeide med ei slik harmonisering.

Fiskeridirektoratet har eit hovudansvar for ressurskontrollen i Noreg, med havressurslova som det sentrale rammeverket. Salslaga har sidan 1990 hatt eit ansvar for å delta i arbeidet med den nasjonale ressurskontrollen og har ei viktig rolle i dette arbeidet.

Salslaga har i dag kontrolloppgåver både for ressurskontroll etter havressurslova og omsetningskontroll etter råfisklova. Kontrollen inneber utøving av offentleg myndigheit. Ressurskontrollen er avgrensa til opplysningar som naturleg følgjer av salslaget si verksemd, til dømes kvotekontroll. I havressurslova er salslaga sine fullmakter utvida slik at dei no er betre i stand til å utføre operativ kontroll. Salslaga har mellom anna fått uhindra tilgang til fartøy, anlegg og rekneskapsopplysningar.

I Innst. 213 S (2009–2010) bad næringskomiteen om ei evaluering av kvaliteten og ressursbruken i salslaga sitt kontrollarbeid. Departementet har kartlagt innhaldet og omfanget av kontrollarbeidet i dei ulike salslaga. Resultatet av denne evalueringa er omtalt i Meld. St. 16 (2011–2012) Gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2009 og 2010.

Gjennomgangen av salslaga sitt kontrollarbeid har avdekka til dels store ulikskapar salslaga imellom med omsyn til kontroll. Årsakene til dette kan vere ulik organisering, ulik bemanning og ulik vekt på dei ulike oppgåvene. Det er viktig å harmonisere kontrollinnsatsen og arbeidsmetodikken, og sikre ein lik praksis i korleis arbeidet skal gjennomførast. Vidare er det eit potensial for kompetanseoverføring og betre økonomisk utnytting av dei midlane salslaga rår over til kontrollformål, samt eit tettare samarbeid salslaga imellom og med Fiskeridirektoratet.

Kontrollarbeidet i Fiskeridirektoratet, Kystvakta og salslaga blir samordna i ei årleg nasjonal strategisk risikovurdering. I dette dokumentet blir det gjort ei samla vurdering av risiko for ulovlege handlingar innanfor ulike område, grunna på erfaring, reguleringane for dette året, kontrollhistorikk, tilhøva på marknaden og lokal kunnskap. I vurderinga for 2012 var det mellom anna lagt særleg vekt på svart omsetning av både fisk og skaldyr, innanfor og utanfor dei formelle omsetningskanalane. Dette er eit døme på eit område som er relevant for salslaga, og som krev samarbeid med Fiskeridirektoratet, men også med toll- og avgiftsstyresmaktene og skatteetaten. Svarte landingar og svart omsetning er av dei områda som har hatt høg prioritet i 2012.

Departementet vil understreke at sjølv om ressurskontroll ikkje er salslaga si primære oppgåve, har dei ei svært viktig rolle i det samla ressurskontrollarbeidet. Salslaga har ofte minst like god informasjon om mange viktige tilhøve i sann tid som styresmaktene, og kan peike ut aktuelle kontrollsituasjonar. Gjennom samarbeidet med Fiskeridirektoratet har ein kome langt i å utnytte denne informasjonen.

Fiskeeksportlova tredde i kraft 1. juli 1991 og avløyste den dåverande fiskeeksportlova frå 1955. Lova regulerer ei rekkje spørsmål knytt til eksporten av fisk og fiskevarer. Det vart gjort få endringar i lova fram til 2005, men då kom ei omfattande endring gjennom Ot.prp. nr. 88 (2004–2005). I perioden 2011 og 2012 har det ikkje vorte gjennomført endringar i lova.

Fiskeeksportlova omfattar mellom anna Noregs sjømatråd AS. Sjømatrådet er sjømatnæringa sitt felles marknadsføringsorgan og endra namn frå Eksportutvalet for fisk AS til Noregs Sjømatråd AS 1. januar 2012.

Sjømatrådet si verksemd blir finansiert av norske sjømateksportørar gjennom årsavgifta på 15 000 kroner og ei marknadsavgift på eksporten av fisk og fiskevarer. Marknadsavgifta er heimla i fiskeeksportlova og blir fastsett av departementet i fiskeeksportforskrifta. I 2009 vart det bestemt at avgifta skulle harmoniserast til 7,5 promille på alle sjømatprodukt, for å styrke marknadsarbeidet for norsk sjømat i inn- og utland. Dette førte til ein auke i avgifta på kvitfisk, pelagisk fisk og reker. Unnataket var hermetikkprodukt, som framleis svarte ei marknadsavgift på 2 promille fram til 1. januar 2012, då hermetikkavgiftslova vart oppheva og avgifta vart avvikla. Sjømatrådet sine totale inntekter utgjorde 389 mill. kroner i 2011 og 385 mill. kroner i 2012.

Noreg er verdas nest største eksportør av sjømat (målt i verdi) etter Kina. Verdiutviklinga i sjømateksporten har auka jamt dei siste åra. I 2011 og 2012 vart det eksportert norsk sjømat for høvesvis 53 og 52 mrd. kroner. Dei viktigaste artane er laks, torsk, sild og makrell, men det blir òg eksportert mykje aure, sei og hyse. Verdien av lakseeksporten var den desidert største og utgjorde i underkant av 60 prosent av den totale verdien begge år.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, fra Høyre, Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Charlotte Spurkeland, fra Fremskrittspartiet, Morten Ørsal Johansen, Øyvind Korsberg og Jørund Rytman, fra Kristelig Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, fra Senterpartiet, lederen Marit Arnstad, og fra Venstre, Pål Farstad, viser til at meldingen om gjennomføring av råfiskloven og fiskeeksportloven stort sett er utformet på samme måte som tilsvarende melding for perioden 2009–2010. Det går også fram av meldingen at det bare har vært mindre endringer i den perioden meldingen dekker. De felles merknader som komiteen gav i Innst. 324 S (2011–2012) fra næringskomiteen om gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova 2009 og 2010 er således fortsatt gjeldende.

De største endringene har skjedd etter meldingsperioden ved at den nye fiskesalslagsloven (lov 21. juni 2013 nr. 75 om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar) har erstattet den gamle råfiskloven og trådte i kraft 1. januar 2014.

Komiteen viser til at den nye loven viderefører hovedtrekkene i råfiskloven, men at den samtidig er harmonisert med de to andre sentrale lovene som regulerer fiskerinæringen; havressursloven og deltakerloven. Den nye loven skal medvirke til en bærekraftig og samfunnsøkonomisk lønnsom forvaltning av viltlevende marine ressurser, noe komiteen støtter fullt ut.

Komiteen viser for øvrig til Innst. 417 L (2012–2013) fra næringskomiteen om lov om førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar og de respektive partiers merknader og forslag som framkom der.

Komiteen viser videre til at salgslagene har en rekke oppgaver som ikke framgår av lovverket. Bl.a. har salgslagene en rolle som forvalter av statlige tilskudd hvor føringstilskuddet til mottakere av fisk er det mest sentrale. Komiteen mener at satsing på føringstilskudd og et godt utbygd nett av mottaksstasjoner er avgjørende for å opprettholde en differensiert flåtestruktur. Uten dette vil det mange steder være umulig å være bosatt for yrkesfiskere med små båter, noe som igjen vil føre til at verdifulle fiskeressurser ikke blir utnyttet. En har i mange år sett en utvikling med nedleggelse av fiskeindustribedrifter, og denne trenden frykter man vil fortsette.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre og Fremskrittspartiet, mener at for å snu denne utviklingen er både føringstilskudd og tilskudd til mottaksstasjoner særdeles viktige virkemiddel.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet mener at for å snu denne utviklingen er føringstilskudd ett av flere virkemidler.

Komiteenvil peke på at nødvendig kontroll med ressursene er en helt avgjørende faktor for en bærekraftig forvaltning av de marine ressursene. Komiteen mener derfor at det er helt avgjørende med et tett samarbeid mellom Fiskeridirektoratet som har hovedansvar for ressurskontrollen i Norge og salgslagenes kontrolloppgaver som følge av bl.a. havressursloven. Komiteen deler derfor regjeringens syn om at selv om ikke ressurskontroll er salgslagenes primære oppgave, har de en viktig rolle i det samlede ressurskontrollarbeidet, spesielt fordi salgslagene ofte har vel så god informasjon over de faktiske ressursene som Fiskeridirektoratet. Komiteen ber derfor regjeringen om å stimulere til ytterligere å styrke samarbeidet mellom salgslagene og Fiskeridirektoratet, spesielt når det gjelder bekjempelse av svart omsetning av fisk og skalldyr.

Komiteen vil dessuten understreke viktigheten av tiltak som styrker Norge som eksportør av sjømat. Norge er verdens nest største eksportør av sjømat og eksporterer sjømat for over 50 mrd. kroner årlig.

Komiteen finner grunn til å påpeke at det er variasjoner salgslagene imellom når det gjelder kontrollarbeid, herunder bruk av både personell og ressurser. Det er svært viktig at man klarer å få til en enhetlig arbeidsmetodikk når det gjelder kontrollarbeidet og at det er viktig at man har en lik forståelse av hvordan dette arbeidet skal gjennomføres. Komiteen mener at det kan være mye å hente knyttet til kompetanse og bedre økonomisk utnyttelse av de midlene en rår over med et tettere samarbeid salgslagene imellom og med Fiskeridirektoratet. Komiteen er opptatt av at hele fiskerinæringen oppnår lønnsomhet, unngår konkurransevridning og at det sikres en bærekraftig vekst.

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Meld. St. 12 (2013–2014) – om gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2011 og 2012 – vedlegges protokollen.

Oslo, i næringskomiteen, den 13. februar 2014

Marit Arnstad

Pål Farstad

leder

ordfører